Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Bonsai

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4022
20180223
4022
20180223

Tre inn i det gåtefulle, vyrde lesarar. Løysinga i dag er ein miniatyrvokster med borkkledd stamme og greiner. Storleiken teken i betraktning skulle ein tru at problematikken med ikkje å sjå skogen for berre tre var overkommeleg, men denne gongen var det overraskande mange innsendarar med feil svar. Kva vanskane med oppgåve 1326 har si rot i eller stammar frå, overlèt eg til Tor Inge Myren å forklare. Han skriv: «Stor ståhei. Køyrde meg først fast i Kjell Westö, noko som førte til at eg endeleg fekk lese Svik 1938, skjønte det ikkje var den, men trudde fleire dagar at det kunne vere Faren ved å være Skrake, der årstala stemde, men då eg opna Skrake på Moa-biblioteket, forstod eg at det også var eit feilspor, og då måtte eg sende krisemelding til Trøndelag, etter ein grundig gjennomgang av alle nordiske vinnarar, og be mi kjære om å gjere eit djupdykk inne på Trondheim Folkebibliotek, og spesielt på side 231 i Bonsai av Kirsten Thorup – og der dukka heldigvis Sokrates opp, og Puh!»

Laurits Killingbergtrø hamna ikkje mellom borken og veden. Han skriv: «Eg veit ikkje om eg les for lite eller hugsar for dårleg, for eg kjende ikkje til tekstklippet denne gongen heller. Men tipsa frå medikusen var til god hjelp. Boka kom det året ein ’med fransk statsborgarskap’ vann Nobelprisen. Forfattaren skreiv ikkje på fransk språk, da kanskje? I så fall var det nærliggjande å gisse på franskmannen Gao Xingjian, som i 2000 fekk prisen for ei bok på kinesisk. Neste steg vart så å kose seg med lista over alle kjende og kjære forfattarar som har vunne Nordisk råds litteraturpris. Med noka leiting og ein del klikking kom eg fram til danske Kirsten Thorup. Ho vann prisen så seint som 2017, men romanen hennar frå 2000 har tittelen Bonsai, i norsk omsetjing av Bente Klinge i 2002. Og at det var rette boka, fekk eg stadfesta da eg fann ho på biblioteket og sjekka sidetalet. Greitt og lett var dette for meg, ja, som bur i tjukke storbyen. Men eg tenkjer mykje på dykk som bur langt unna bibliotek og bokhandlar og ikkje har same høvet. Det er nemleg slik at ein gjerne kan ha mistanke til at den og den boka er den rette, men for å vere heilt viss, må ein få sett i boka og få sjekka sitatet på det oppgjevne sidetalet. Her har rett nok medikusen stundom vore hjelpsam med å knyte ei gåte til tittelen på bøkene, slik som ’det kan verte varmt’ og ’ikkje Dans med djevelen’ nyleg.»

Bokklokingar veks ikkje på tre denne gongen, men desse rota det ikkje til på oppgåve 1326: Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Torleiv Kløve, Gunder Runde, Else Gjesdahl Sørensen, Laurits Killingbergtrø, Eli Hegna, Bjørn Myrvang, Olav Holten, Birte Næsheim, Jan Alfred Sørensen, Gunn Bull-Berg, Else Bovim, Nils Farstad, Sjur Joakim Fretheim, Eirik Holten, Jorunn Øxnevad Lie, Folke Kjelleberg, Bjørn Gjemundsen, Tor Inge Myren, Ove Bjørkhaug, Inger Margrethe Berge, Fritjof Lampe, Eva Sunde, Anne-Marie Grønhaug, Petter Kristensen, Tvillingene, Olav Molven, Ingebjørg Sogge og Torleik Stegane. I dag er Eirik Holten bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1328

Og da fingertuppene hennes rørte ved ham, kjente han med ett at en kolossal klump av smerte løsnet inni ham. Snart ville den rulle ned og begrave ham. Å, vende tilbake, tilbake, men hvorhen og til hvem, til et sted i barndommen, til moren som så visst ikke var noe glad i ham, og tigge og be: Bli enda en liten stund hos meg. Be om enda et kjærtegn – og han kjente hvordan han ble gjennomstrømmet av en feberaktig smerte. Kjente hvordan for lengst glemt gråt steg opp i halsen på ham. Han snudde seg fort og skyndte seg ut av butikken. Men han visste ikke hvor han skulle gå.

Sitatet er siste avsnittet i ei bok som på originalspråket kom ut i 1972. Boklækjarutgåva er frå 1991. Me skal fram til ein forfattar som har vore gatefeiar i heimlandet. I namnet på forfattaren finn me eit ord for gjennomsnittleg tilstand av vêrtilhøva på eit avgrensa område. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 2. mars.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis