Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Klímaanlegg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4349
20180309
4349
20180309

I dag er løysingsforfattaren ein hyppig gjengangar i Klok på bok-spalta. Det er ikkje meir enn drygt 19 år sidan sist Ivan Klíma stakk nasen fram her i det gåtefulle, og sjølv om det var med ei anna bok den gongen, er det fleire innsendarar som gjer merksam på at herr Klíma til stadigheit er svaret på oppgåva.

Det var i Klok på bok 401, Dag og Tid 28. januar 1999, me skulle fram til same forfattar som i dag. Klok-redaktør på den tida var Dale-Oskar, og han skreiv mellom anna: «Fem svar denne veka. Det kunne vore verre, meiner Barabass.» Eg er usikker på om det er verre eller betre, men det er ei kjensgjerning at me denne gongen fekk inn meir enn 50 rette svar. Uansett er det triveleg at heile 40 prosent av dei som svara i 1999, òg er med her i dag. Dei 40 prosenta er Olav Molven og Ingunn Hildonen Teigland.

Sjur Joakim Fretheim helsar på tsjekkisk og skriv: «Dobry den, Medikus! Eg har dei siste vekene jobba med å få eit steg med barneskuleelevar til å fatte kva som er skilnaden på vêr og klima, så eg kjende snøgt igjen definisjonen på omgrepet klima i oppgåva. Vonar det er mange som kan det, sjølv om sjølvaste presidenten i USA lyt slite med å forstå kvar skilnaden ligg. Svaret på Kpb-1328 er Ivan Klíma med verket En kjærlighetssommer. Takk for endå eit gildt boktips og tanken på kjærleik i Praha om sumaren.»

Det kom mange forslag til løysing på oppgåve 1328, og boklækjaren kan konstatere at desse innsendarane har klímaanlegg: Skeisebibliotekaren i LASK, Laurits Killingbergtrø, Gunn Bull-Berg, Else Gjesdahl Sørensen, Vigdis Hegna Myrvang, Jan Alfred Sørensen, Torleiv Kløve, Gunder Runde, Bjørn Myrvang, Ingvar Nistad, Inger Anne Hammervoll, Jorunn Røyset, Olav Holten, Audun Gjengedal, Per Skjæveland, Anne-Marie Grønhaug, Sjur Joakim Fretheim, Eli Hegna, Tor Inge Myren, Torleik Stegane, Bjørg Nilsson, Jon Grepstad, Rannveig Nordhagen, Signar Myrvang, Birte Næsheim, Hallgeir Dale, Robert Øfsti, Turid Tirevold, Nils Ottesen, Odd Storsæter, Gunnar Bæra, Ove Bjørkhaug, Nils Farstad, Else Bovim, John Olav Johnsen, Tvillingene, Eirik Holten, Fritjof Lampe, Folke Kjelleberg, Anne Berit Skaarer, Dei kvasse på Fana, Inger Margrethe Berge, Laura Killingbergtrø, Kari Lønning og Ottar Aarø, Eva Sunde, Petter Kristensen, Gjertrud Fanebust, Marianne Dahl, Per Trygve Karstensen, Ingebjørg Sogge, Olav Molven og Ingunn Hildonen Teigland. Bokvinnar i dag: Laura Killingbergtrø. Gratulerer!

Fotgjengar og Klok på bok-legende Olav Molven har kikka på månen innan han sette seg framfor tastaturet. Han skriv: «Fy søren! De lurer ikkje meg til å nytte tittelen på verket til personlege utspel. Slike er det ikkje Klíma for no vinterstid, med morgonkulde som riv og slit i min gamle skrott. Måtte finne fram den gode, velbrukte skinnlua mi då eg midtdags var og handla. Sibirkulde kjem frå Ivan-landet i aust. Vår mann, derimot – skildrar av varme og sommarleg kjærleik – er frå same land som Kafka og Kundera. Meir seier eg ikkje.

Store alpakka! Når eg tenkjer etter, kjem eg kan hende ikkje til å få godkjent svaret sidan eg har maskert både forfattarnamn og boktittel i avsnittet framom? Vel, det kan eg leva med. De er då ikkje påfallande enkel å handtere, De heller, Medikus Libri! Det gjeld å skrive vrangskap om til nærpå godsleg tale, spør De meg.»

Til sist ei bekymringsmelding frå Gunder Runde: «Dette var litt av ei nøtt! Totalt ukjent sitat, litt overspent etter min smak. Men reknar med at boklækjaren ikkje fell så djupt at du byrjar å plukke ut bøker med følgjande omslag: Dame, sett bakfrå, skodande ut over sjø eller landskap, tittel i løkkeskrift, dominerande fargar på omslaget er rosa eller mint.»

Eg vonar eg kan gjere Runde roleg når eg slår fast at skjønnlitterær verdi er eit kriterium for å verte oppgåvebok, og at bøkene han skildrar, diverre eller heldigvis ikkje fell inn under den kategorien.

Klok på bok 1330

«Du har elsket ham for høyt», sa hun.

«Kan man elske noen for høyt?»

«Du var som alle foreldre. Du ville gi barnet ditt alt.»

«Ja. Jeg ville gi ham alt.»

«Alt er altfor mye.»

Sitatet er frå sidene 423–424 i boklækjarutgåva (8. opplag, 2017). Forfattaren er prisvinnar og fødd ein sumardag medan Trygve Bratteli var statsminister. Det ligg noko trottig i tittelen på romanen. Send namn på forfattar og verk til klok@
dagogtid.no. Svarfristen er til og med 16. mars.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis