Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Très bien

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4275
20180323
4275
20180323

Sist veke kom eg til å avsløre at eg var på veg til Sør-Amerika, og no kan eg gjere kjent at turen gjekk godt. At heimreisa tok drygt elleve timar meir enn flyselskapet lova då eg bestilte billettar, er ikkje noko me brukar tid på her i bokhjørnet. Nei, her er me er så konfidensielle at me ikkje eingong vil røpe kva for eit flyselskap det var som rota frykteleg med å frakte meg heim. Og det skal du vere glad for, Bjørn Kjos.

Hovudmålet med turen var å vitje grava til – den i Noreg undervurderte – forfattaren Ernesto Sábato. Takk vere ein triveleg kusk, fann me fram til Cementerio Jardín de Paz på berre ein time. Nok eit døme på kor godhjarta og hjelpsame argentinarar kan vere, fekk me i resepsjonen på kyrkjegarden. Då ein staseleg tilsett høyrde kva for grav me ville sjå, starta han opp ein golfbil og køyrde oss til grava. I golfbil og med kjentmann tok det omtrent eit kvarter å finne grava. Hadde det ikkje vore for han, hadde me vel framleis leita.

Eg har ikkje noko prov, men eg oppfatta det som at Sábato sette pris på at eg helste takk for Tunnelen frå dykk. Kan hende kviskra han òg noko om at dei som ikkje har lese boka, snart burde gjere det.

Løysinga på Kpb 1330 var lett å finne for nokre, medan andre streva. Birte Næsheim skriv: «Må seia eg sleit litt denne gongen. Trudde først det var Tore Renberg som var rett forfattar. Han er fødd ein sommardag under Brattelis regjeringstid og har skrive populære romanar. Men så var dette med ’trottig’ i tittelen. Det var faktisk eit ord eg måtte slå opp. Med hjelp av ein svolten gjest som nok forstod at det ikkje blei mat før løysinga var funne, gjekk det opp for oss at bier er trottige skapnader. Og Maja Lunde har skrive den særs populære Bienes historie. Dessutan er ho fødd ein sommardag på 70-talet under Brattelis regjeringstid. Eg gjekk innom næraste bokhandel og sjekka opp, så nå er eg heilt sikker på løysinga.»

Robert Øfsti skriv: «Dette er Maja Lundes Bienes historie – som eg har hatt gleda av å diskutere med forfattaren på bokpub på kulturpuben ’Vårt Hjem’ i Steinkjer. Handlinga går føre seg dels i Kina ein gong i framtida, dels i USA i samtid og dels i England i fortida – 1800-talet. Og så finn dei tre trådane saman på snedig vis til slutt. Nokre vil kan hende finne konstruksjonen litt for opplagt, men eg liker synleg konstruksjon. Biene surrar trottig gjennom heile romanen – bortsett frå i framtida, der dei (stort sett) er borte, men tilhøvet foreldre–barn er også eit sentralt motiv, så bokdokteren har funne eit fint sitat.»

Trottige innsendarar med rett svar på oppgåve 1330 er: Skeisebibliotekaren i LASK, Jon Grepstad, Gunder Runde, Vigdis Hegna Myrvang, Jan Alfred Sørensen, Laurits Killingbergtrø, Per Skjæveland, Else Gjesdahl Sørensen, Gunn Bull-Berg, Jorunn Røyset, Bjørn Myrvang, Bjørg Ladehaug, Ingvar Engen, Team Næsheim, Ellen Lian, Olav Holten, Gunnar Bæra, Ingebjørg Sogge, Eva Sunde, Inger Anne Hammervoll, Toril Bekkebakken, Turid Tirevold, Audun Gjengedal, Solfrid Vestli, Eli Hegna, Ingunn Næss, Jone Frafjord, Odd Storsæter, Audun Sjøstrand, Kirsten Bakke, Fritjof Lampe, Eirik Holten, Folke Kjelleberg, Tor Inge Myren, Robert Øfsti, John Olav Johnsen, Kari Lønning og Ottar Aarø, Sjur Joakim Fretheim, Inger Margrethe Berge, Bjørn Gjermundsen, Jorunn Øxnevad Lie, Anne-Marie Grønhaug, Petter Kristensen, Dei kvasse på Fana, Olav Molven og Tvillingene. Bokvinnaren er ikkje ein biting her i det gåtefulle. Denne gongen er det Jorunn Øxnevad Lie som får pakke i posten. Gratulerer!

Klok på bok 1332

For eksempel finnes Bankivhanen eller Kazinta ved foten av Himalaya, i hele India, i Assam, i Burma… Gaffelhalehane eller Gallus Varius på Lombok, Sumbava og Flores. Og på Java finnes den bemerkelsesverdige hanen Gallus Aenneus, i det sydøstlige India kan jeg anbefale Dem den meget vakre Sonnenrathanen… Jeg skal vise Dem plansjen etterpå. Hva Ceylon angår, kan man der påtreffe Stanleyhanen, andre steder forekommer den ikke.

Sitatet er frå side 61 i boklækjarutgåva (2006). På originalspråket kom forteljinga ut første gong i 1925. Det eine ordet i tittelen på boka er aktuelt i tida som kjem. Eg vonar lesarane slepp å oppleve heile tittelen. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 30. mars.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis