Meret Oppenheim
I kunstmuseet Emma i Esbo kunne vi nyte ei stor utstilling av verka til Meret Oppenheim (1913–1985). Ho kom frå Sveits, men drog til Paris 17 år gammal for å gå på kunstskule. Der hamna ho i miljøet rundt surrealistar som Max Ernst, Luis Buñuel og André Breton, og ho stod modell for den amerikanske fotografen og målaren Man Ray. Ho blei snart sjølv eit sentralt namn i kunstverda og laga måleri, objektkunst – her er utan tvil «pelskoppen» den mest kjende – og svært spesielle klede og teaterkostyme. Og ho skreiv dikt og andre tekstar. Her er ein av dei, som eg plutseleg kom på at eg hadde liggjande:
Engene og skogen
Engene og skogen er snart ikkje lenger synlege, skodda gøymer åkrane der gløymde avlingar lar aksa sine falle. Nattsola legg seg på ei honningfarga sky. Skjeletthanda hennar heng ned, og gjennom fingrane flyt bølgjene frå skuggane. I skogkanten ber ein forvilla jeger hjorten om eit glas vatn. Alt er så stilt.
Og her er noko av det ho elles har gjort. Og så gløymer du ikkje Meret Oppenheim med det første.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
I kunstmuseet Emma i Esbo kunne vi nyte ei stor utstilling av verka til Meret Oppenheim (1913–1985). Ho kom frå Sveits, men drog til Paris 17 år gammal for å gå på kunstskule. Der hamna ho i miljøet rundt surrealistar som Max Ernst, Luis Buñuel og André Breton, og ho stod modell for den amerikanske fotografen og målaren Man Ray. Ho blei snart sjølv eit sentralt namn i kunstverda og laga måleri, objektkunst – her er utan tvil «pelskoppen» den mest kjende – og svært spesielle klede og teaterkostyme. Og ho skreiv dikt og andre tekstar. Her er ein av dei, som eg plutseleg kom på at eg hadde liggjande:
Engene og skogen
Engene og skogen er snart ikkje lenger synlege, skodda gøymer åkrane der gløymde avlingar lar aksa sine falle. Nattsola legg seg på ei honningfarga sky. Skjeletthanda hennar heng ned, og gjennom fingrane flyt bølgjene frå skuggane. I skogkanten ber ein forvilla jeger hjorten om eit glas vatn. Alt er så stilt.
Og her er noko av det ho elles har gjort. Og så gløymer du ikkje Meret Oppenheim med det første.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?