Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Etter«ferie»spørjeskjema

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Her ser de meg etter sommaren: veldig brun etter alle soldagane og lettare ør etter litt for mykje pass av eigne ungar.

3189
20180824
3189
20180824

Då var «ferien» over – dette årlege attributtet der folk som har ungar i alderen 9–16, plutseleg skal ha ansvar for dei døgnet rundt, og ikkje berre i to eller ti dagar, men 56 dagar i strekk. Styresmaktene meiner nemleg at lærarane fortener åtte veker fri etter ein månad full av strevsame sommaravslutningar og kosetimar, og dei meiner at foreldra bør bli betre kjende med ungane sine. Samtidig gir ikkje arbeidsgivarar flest meir enn to-tre veker fri i juli, og dei fem ferievekene ein får per år, må òg dekke pålagde haust-, vinter-, jule- og påskeferiar. (Ungane går som kjent på skule berre 190 dagar i året.)

Som vi seier til ungane når dei blir sure fordi dei ikkje får endå ein is eller telefon: Livet er hardt, med skatt, gjødsel, vêr, politikarar, bygdedyr, galopperande ølprisar og skular som står tomme halve året.

La oss seie at du har tre villbassar på 9, 11 og 13 år og ikkje er rik. Kva gjer du i vekene dei har fri, men ikkje du? Vel eitt svar:

A) Seier opp jobben og blir lausarbeidar, slik at du kan bade om dagen og jobbe om natta eller berre la vere å jobbe og bli fattig

B) Lar ungane gå heime aleine og ta livet av kvarandre, helst berre med leikevåpen eller virtuelt

C) Sender ungane til besteforeldre e.l., enten dei involverte partane vil eller ikkje

D) Plasserer ungane på eit kjøpesenter e.l. mens ein jobbar så korte dagar som mogleg

E) Lærer ungane å vere til nytte og tene pengar ved å pante flasker, spele trekkspel, selje brukte klede og leikar e.l.

F) Ein kombinasjon av alternativa over

Svarte du F, eller kanskje E, D, C, B ellar A? Då kan du melde deg inn i «Ferie»klubb1. Alle som melder seg inn, blir med i trekninga av ein lærarstudent som flyttar inn i seks valfrie veker sommaren 2019, og alle får tilsendt eit sett øyreproppar og sjølvhjelpsboka Ver glad i den fasen du har.

Hoppe, sa mora

Men det var ein fin sommar. Det er ikkje det. Sjølv dei kvite blei brune; senebetennelsen som kom under trippelarbeidet før «ferien», er lækt; VM-ane var morosame; eit og anna lag vann Norway Cup; festivalane var bra; folk gifta seg; det var sal; nye isar og ølprodusentar valsa inn; talet på sommarfestar er så høgt at den siste går av stabelen i oktober, helga før første julebord; det blei klint; alle har opplevd eitkvart; alle har lært noko nytt.

Noko av det enkelte av oss har lært i «ferien», er korfor musikken – særleg bassen – er ekstremt høg i trampolineparkar, der ungane blant anna kan gå på såkalla summer camp:

Musikken er ikkje vilt høg fordi ungane liker det. Dei hoppar rundt uansett. Musikken er ubehageleg høg fordi foreldre som sit på sidelinja og prøver å arbeide, skrive viktige e-brev eller finne eit haustferiereisemål mens ungane hoppar, ikkje skal høyre dei skrike i smerte når dei slår eit kne opp i nasen eller landar på ræva utanfor ei trampoline i eit forsøk på å ta dobbel salto.

Foreldra skal òg sleppe å høyre hundre ungar gaule «Mamma!» og «Sjå på meg!», og vi skal ikkje greie å skilje mellom gråt og latter. Vi skal berre høyre eit einaste jamt hyl bak hylinga til Rihanna, Drake, Sia og dei andre hitlisteryttarane, og elles lære oss å sette pris på at det er litt mindre støyande heime.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis