Rapport frå Syden II
Ingenting er som å vere i Syden og skyte med sprettert på alt som rører seg.
Sprettert
Sprettertar, ja. Kven skulle trudd at ein måtte heilt til Syden for å gjenoppdage dette drapsvåpenet (minor weapon of mass destruction) som var så populært i min harde oppvekst under gjenoppbygginga av landet. Den gongen laga vi rett nok sprettertane sjølve, med hjelp av ein tollekniv, ei Y-forma grein av ein eller annan tresort (det gjekk også an å bruke svært tjukk streng), ein syltestrikk og ein bit av ein sykkelslange. Ammunisjonen var gjerne småstein. (Dei litt meir pasifistiske brukte heller rognebær eller gule erter, men eg og den berykta gjengen min syntest det var synd å sløse vekk gode matvarer.) Kva vi skaut på? Kva som helst, omtrent. Menneske, dyr (her inkludert fugl, fisk, krypdyr og insekt), husveggar, glasruter, bilar, syklar, skyer, smådjevlar, skrømt, sola, månen og stjernene, alt var i grunnen eigna til å skyte på.
Men alt har si tid. Som det står i Bibelen, i morfar min si språkdrakt: «Drepa hev si tid og lækja hev si tid; riva ned hev si tid og byggja upp hev si tid.»
Vendepunktet mitt i så måte kom ein dag då eg sikta på nærmaste grannen, gode gamle Hans-en, og steinen nesten snerta nasen hans (utan at han merka noko som helst), og det gjekk opp for meg at med litt meir målmedviten sikting, så hadde eg kanskje sendt han til dei evige jaktmarker og meg sjølv til ein eller annan anstalt der eg ville bli dengd og misbrukt frå morgon til kveld.
Det gav meg ein slags vekkar, og eg kom fram til at om valet stod mellom å bli ein berykta sprettertskyttar og å skaffe meg ei filologisk utdanning ved eit av våre meir velrenommerte universitet, så fekk det no heller bli det siste. Og dermed la eg spretterten på hylla, der han etter kvart blei eit fjernt og bleikt minne, fram til i dag.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.