Refuserte titlar frå boskorga til Halvorsens Forlag
Det er framleis liv i den trykte boka. Fysisk litteratur er ein seigliva kulturberar i vår digitale tid. Den elektriske boka har enno ikkje teke nokon særleg jafs av marknaden. Lydbøker er meir som eit stille, jamt alternativ for folk i farten, utan at det har teke heilt over litteraturen vår det heller. Likevel er nok nokre av forlaga varsame med å gje ut for mange tradisjonelle papirbøker. Difor slit nok ein del forfattarar med å få med seg redaktørane på dei gode ideane sine. Slik har det naturlegvis vore i bokhausten i år òg. Mangt har kome ut, men storparten ligg att i boskorga.
Innsida har fått lista over dei refuserte frå den velrenommerte utgjevaren Halvorsens Forlag i Arendal. Desse kom diverre ikkje med i bokhausten:
John Klake: Mord på gassferjesambandet
Borgny Frekstad-Frei: Ronald Frei,
rådmann, dirigent og friluftsmann
Lektor Arve Seddu: Då Niels Bohr var i Sveio
Nils Bjurstavlie: Lått og løye; 720 gode vitsar
frå folkehøgskulemiljøet i Bagn
Dag Volle: Den store boka om hesjing og høy
Inge Rongo: Songbok for Kvanndal
Odvin Orre: Mine år i fylkestinget –
stort og smått frå samferdselskomiteen
Martin Djupvik: 101 gode rettar med rognebær
Lektor Arve Seddu: Då Henry Rono var i Sveio
Josva Remmingsæther: Mysteriet på fruktlageret
Svanhild Bruste med teikningar av Ulf Gaure (barnebok):
Gamleordføraren og katten Leif
Gjermund Sillejord: Daude menn jaktar ikkje bjønn
Lektor Arve Seddu: Då Urho Kekkonen var i Sveio
Vidar Vassnes: Ute er det vår, inni meg er det haust – samla dikt
Norske matskattar 10: Tilslørde bondepiker
Den svært populære desserten med mos av gode norske eple, krem og knasande sprø smular er litt av eit mysterium. Det er ikkje noko tydeleg svar på kvifor han heiter akkurat dette og kvar dette oppstod. Matforskar Edmund Gjervang skreiv i ein kronikk i Barnebladet Magne at retten fyrst var servert i Hardanger på Aga i samband med ein bispevisitas i 1542. Bispen var visst litt av ein jentefut, slik at bonden på Aga fekk jentene som skulle bera inn eplemosretten til å ha skaut med ein slags bringeklut framfor andletet. I fylgjet til bispen skal dei så ha sagt at bondens epledessert vart servert av «tilslørde bondepiger». Dei syntes retten smakte himmelsk. Neste gong dei kom, bad bispefylgjet naturlegvis om «eplekremen servert av tilslørde bondepiger».
Innsida har funne den same forklaringa i fleire kjelder, men det eksisterer òg andre teoriar. Diktaren Bergfinn Dolme har skrive opphavet til retten til Kolvereid i Nord-Trøndelag, der det vart lagd eit skaut over trauet som eplemosen låg i saman med kremen, eit jenteskaut. «Den er tilslørd av jenteskaut», sa dei. Så der skal retten ha heitt «tilslørd av pige». Sidan det ikkje er like vanleg med eple der nordpå, er varianten der dei i Lier pakka mat inn og gav restane av eplemos, brødskalkar og mjølk til dei trengande i løyndom og difor delte ut maten «tilslørt», meir truverdig. Innsida vel likevel, sidan dette er vår tiande matskattspalte (framleis utan statsstøtte), å hella mot forklaringa frå Aga til det motsette er prova her i bladet. I spalta har me teke med eit bilete av det som ser ut som eit glasert eple. Men inni er det tilslørte bondepiker. Kokken er Mariusz Marczak på Hardangerfjord Hotell i Øystese, naturlegvis.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.