Revidert due
På hytta står det gjerne nokre gamle songbøker frå 1980-talet, som ein blar litt bråkjekt i. Men så viser det seg fort at mange av barnesongane er i ferd med å bli heilt uforståelege. Ord og uttrykk er gått ut av tida, og er erstatta av ny teknologi og nye kommunikasjonskanalar. Å få oppdatert ordlyden i den norske songskatten vil koste millionar av kroner og ta mange år. Kanskje ei oppgåve for Universitetet i Bergen?
Berre for å bevise kor viktig denne oppgåva er, og for å kickstarte prosjektet, har vi teke ein liten dugnad i påska. «Lille postbud, min due» framstod som heilt absurd for oss, så vi trur at han er meir forståeleg i den nye versjonen.
Lille postbud, min due (utdatert versjon)
Lille postbud, min due
Kom til meg med ditt brev
Det er sikkert fra mor min
for til henne jeg skrev
Lille fugl, fly tilbake,
ta et kyss med til mor.
Snart skal jeg deg ledsage
når jeg bare blir stor
Kjære Twitter, mi due (oppdatert versjon)
Kjære Twitter, mi due
eg kjem til deg med
min tweet
Adressaten er «alle»
for dei likar slik drit
Kjære følgar, slå attende
Kom til meg med ditt agg
Så kan eg eskalere
med ein frekk emneknagg
Hyttebingo
Å fange temperaturen når han er lik ute og inne, men med ulikt forteikn.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Revidert due
På hytta står det gjerne nokre gamle songbøker frå 1980-talet, som ein blar litt bråkjekt i. Men så viser det seg fort at mange av barnesongane er i ferd med å bli heilt uforståelege. Ord og uttrykk er gått ut av tida, og er erstatta av ny teknologi og nye kommunikasjonskanalar. Å få oppdatert ordlyden i den norske songskatten vil koste millionar av kroner og ta mange år. Kanskje ei oppgåve for Universitetet i Bergen?
Berre for å bevise kor viktig denne oppgåva er, og for å kickstarte prosjektet, har vi teke ein liten dugnad i påska. «Lille postbud, min due» framstod som heilt absurd for oss, så vi trur at han er meir forståeleg i den nye versjonen.
Lille postbud, min due (utdatert versjon)
Lille postbud, min due
Kom til meg med ditt brev
Det er sikkert fra mor min
for til henne jeg skrev
Lille fugl, fly tilbake,
ta et kyss med til mor.
Snart skal jeg deg ledsage
når jeg bare blir stor
Kjære Twitter, mi due (oppdatert versjon)
Kjære Twitter, mi due
eg kjem til deg med
min tweet
Adressaten er «alle»
for dei likar slik drit
Kjære følgar, slå attende
Kom til meg med ditt agg
Så kan eg eskalere
med ein frekk emneknagg
Hyttebingo
Å fange temperaturen når han er lik ute og inne, men med ulikt forteikn.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?