SAD
Etter tre timar med laber sosialantropologisk forsking i København-gatene, tok eg fram den vesle datamaskina eg ofte har i lomma, og googla «danskar + lykke», «halloween + jul» og diverse relaterte omgrep. Og jaggu sa eg smørje igjen: Ifølge Lonely Planet, som viser til World Happiness Report, lir 12 prosent av danskane av SAD (Seasonal Affective Disorder) – vinterdepresjon, kort sagt.
«A friendly shoulder to lean on can come in quite handy as autumn’s leaves flutter to the ground and another long, gloomy Danish winter looms», las eg.
– Uff, sa eg, og så gjekk eg tilbake til mannen på benken, han på biletet over, og sette meg ved sida av han. – Det er kanskje ikkje så lett å vere dansk heller?
Eg la ein arm rundt han.
– Har du lyst til å prate om det?
Nei, han hadde ikkje lyst til å prate om det.
Han utstrålte rett og slett svært lite varme. Eg blei reint deppa.
– Eg skjøner ikkje kva som er så deilig her, sa eg, og så spurta eg tilbake til norskebåten og kvoten.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Etter tre timar med laber sosialantropologisk forsking i København-gatene, tok eg fram den vesle datamaskina eg ofte har i lomma, og googla «danskar + lykke», «halloween + jul» og diverse relaterte omgrep. Og jaggu sa eg smørje igjen: Ifølge Lonely Planet, som viser til World Happiness Report, lir 12 prosent av danskane av SAD (Seasonal Affective Disorder) – vinterdepresjon, kort sagt.
«A friendly shoulder to lean on can come in quite handy as autumn’s leaves flutter to the ground and another long, gloomy Danish winter looms», las eg.
– Uff, sa eg, og så gjekk eg tilbake til mannen på benken, han på biletet over, og sette meg ved sida av han. – Det er kanskje ikkje så lett å vere dansk heller?
Eg la ein arm rundt han.
– Har du lyst til å prate om det?
Nei, han hadde ikkje lyst til å prate om det.
Han utstrålte rett og slett svært lite varme. Eg blei reint deppa.
– Eg skjøner ikkje kva som er så deilig her, sa eg, og så spurta eg tilbake til norskebåten og kvoten.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen