Sett og høyrt
Her ein dag for ein månads tid sidan, då eg søkte skogens ro for å få tenkt gjennom kva eg skulle servere til middag, kom eg over denne julenissen, og eg blei både skremd og sveitt: Det er straks jul, og tenk om folk begynner å kle seg ut som julenissen på halloween!?
Når ein må sitte og dra seg på venterom på sjukehus og slikt noko, er det ei trøyst at dei byr på lesestoff. Då eg følgde ein unge med armbrot til røntgen her ein dag, og måtte vente, las eg Se og Hør – ikkje KK, Kamille, Tara og Dine Penger, men bladet med det raraste i. For å underhalde ungen delte eg eitt og hitt med han.
– Høyr, sa eg. – Ari Behn er glad i å jakte og har ein fetisj for våpen. Han har rosa kjøkken, men er ikkje bipolar.
– Kven er Ari Behn?
– Han som var gift med Märtha Louise.
– Kven er ho, no igjen?
– Prinsessa.
– Ho er vel ikkje prinsesse på ordentleg.
– Godt spørsmål, sa eg og viste han eit bilete av Märtha, Ari og døtrene deira.
Ei kvinne som sat vis-à-vis oss, bøygde seg litt fram, liksom for å sjå, og mumla: – Dei ser ordinære ut, med tanke på namna.
– Eg har aldri sett dei før, sa ungen.
– Jentene heiter Maud Angelica, Leah Isadora og Emma Tallulah, kom det frå kvinna, liksom pedagogisk. – Dei er 14, 12 og 9 år. Og no har dei fått ei ny stemor, kan du seie: Ebba Rysst Heilmann, 32 år, frå Moss.
– «En av mine største svakheter er kvinner», las eg høgt.
Kvinna nikka og smilte breitt. Ungen hysja på meg, flau.
– Høyr, sa eg. – «Jeg elsker alle mennesker.» «Det verste jeg vet er likegyldighet, erklærer kunstneren, mens han nyter en slurk Detox-te.»
– Kva er detox? spurde gutungen.
– Berre tull, kom det frå kvinna. – Ari har takla mørket med te, samtaleterapi, akupunktur og meditasjon. Og så målar han jo, og så har han denne trongen til å jakte på kronhjort.
– Korleis veit du alt dette? spurde eg kvinna.
Ho peika på bladet:
– Det er gammalt. Det kom ut i mars. Eg har vore her mange gonger, med hofta og ryggen. Ari har ein del våpen, ja.
Og så ramsa ho opp våpena til Ari.
«Jeg foretrekker et gammelt kjønnsrollemønster, der kvinnen er hjemme hos barna mens jeg forsørger dem», las eg, men ikkje høgt.
– Uansett har det skjedd mykje sidan mars, la kvinna til, og ho bøygde seg fram og kviskra, liksom berre til meg: – I år er det visst mange som skal kle seg ut som Ari Behn på halloween. Eller Joshua French og Tjostolv Moland.
– Er ikkje det litt morbid? kviskra eg.
– Jo. Men det er vel betre enn å kle seg ut som Trump.
Apropos halloween
Per Sandberg og Bahareh Letnes kjem med bok, og jaggu kjem ikkje Sylvi Listhaug med bok òg. Før var det slik at bøkene skulle komme ut før jul fordi folk skulle gi dei i gåve til slekt og venner. No er det viktig at bøkene kjem ut til halloween, fordi somme seier at folk har begynt å gi kvarandre halloweengåver, uhyggeleg nok. Her lykkast både Sandberg og Letnes og Listhaug, som har relativt uhyggelege namn, når ein tenker på berg av sand, leiting på nes, haugar og list; begge bøkene har passe skummel tittel: Fremmede makter har flyttet inn – justismord og politisk drap og Der andre tier. Det er best vi ikkje seier meir.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.