Sigrid gjer skattemeldinga minutt for minutt
12.28: Leitar etter årsoppgåver. Finn ingen i papirbunken på kjøkenbenken. Finn éi i papirbunken i kjøkenskåpet.
12.35: Tar ein runde Wordfeud. Legg «PINE» for 20 poeng.
12.36: Leitar etter årsoppgåver på e-post. Finn to stykk. Finn òg ein kontingent eg har gløymt å betale.
12.41: Loggar inn i nettbanken for å betale kontingenten.
12.45: Sjekkar arkivet i nettbanken og faktureringsprogrammet for å sjekke at innbetalingar til firmaet stemmer.
13.01: Loggar inn på altinn.no. Får eit samanbrot når dei spør om kode nummer 5 frå kodebrevet.
13.02: Kjem på at eg har alle kodene liggjande på ein e-post.
13.03: Altinn spør om eg vil logge inn med BankID neste gong. Eg vel å logge inn med koder frå kodebrevet sidan eg likar å kjenne på panikken.
13.05: Å nei, eg må velja kva slags måte eg vil innrapportere næringsinntekta på.
13.10: Prøver å finne ut om «Næringsrapport skatt» passar for bedrifta mi, og eg blir send vidare til ein «test deg selv».
13.13: Testen spør om eg driv med skiferproduksjon i Nord-Troms eller Finnmark. Eg skulle ynskje eg kunne svara ja på dette.
13.15: Testen spør om føretaket har eigedelar med verdi over 20 millionar kroner. Eg skulle ynskje eg kunne svara ja på dette.
13.17: Fasiten seier at eg kan bruke «Næringsrapport skatt».
13.18: Prøver å finne ut om eg kan levere utan næringsoppgåve, sidan driftsinntektene mine ikkje overstig 50.000 kroner. Når eg prøver å sjekke om eg oppfyller vilkåra, blir eg send vidare til ei kryptisk side det er umogleg å forstå.
13.19: Eg vel «utan næringsoppgåve».
13.22: Tek ein runde Wordfeud. Har berre vokalar.
13.27: Skal skrive inn næringsinntekta mi, men forstår ikkje kva post eg skal velja. Eg trykkjer på «hjelp til skattemelding», men får beskjed om at sida ikkje finst.
13.31: Lurer på om eg kan velja post 2.7.6. «inntekt fra annen næring».
13.32: Dette var mykje styr berre for å få ført inn lusne 12.000 kroner.
13.34: Trykkjer på «kontroller skjema». Altinn seier at det er klart for innsending.
13.35: Startar innsending. «Skjema er sendt inn og arkivert», seier Altinn.
13.38: Eg tente i alt 441.000 kroner i fjor, som er ei dobling frå året før. Håpar denne tendensen held fram.
13.39: Eg tapar eit slag Wordfeud.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.