Skilt og automatar
I serien «Gode skilt» har innsidelesar Jarle Skjæveland sendt oss eit særs godt døme på skilting på bil. Mange verksemder som har bilar som susar rundt i samfunnet, gløymer å nytta seg av dette som ein verdfull og rimeleg kanal for å nå ut til folket.
Mobiletelefonar går lett sunde og treng vern. Men slike deksel er òg ein måte å senda ei melding ut til verda på, om kven du er og kva du likar. Innsida fann døme på dette i Dubai, der valet stod mellom Messi og Saddam Hussein. Begge tydlege karar med solid tilhengjarskare.
Innsida har òg byrja interessera seg for automatar og kva rolle dei spelar i kvardagen vår. Me vil naturlegvis, som med kampanjen for god skilting, nytta høvet til å be om bidrag frå lesarkrinsen på gode automatdøme.
Innsida bidreg sjølv med ein toalettpapirhaldar frå alpinnasjonen Frankrike, der kjende skimerke tydelegvis har eit breitt spekter av produkt. Noko for Åsnes eller Norrøna?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
I serien «Gode skilt» har innsidelesar Jarle Skjæveland sendt oss eit særs godt døme på skilting på bil. Mange verksemder som har bilar som susar rundt i samfunnet, gløymer å nytta seg av dette som ein verdfull og rimeleg kanal for å nå ut til folket.
Mobiletelefonar går lett sunde og treng vern. Men slike deksel er òg ein måte å senda ei melding ut til verda på, om kven du er og kva du likar. Innsida fann døme på dette i Dubai, der valet stod mellom Messi og Saddam Hussein. Begge tydlege karar med solid tilhengjarskare.
Innsida har òg byrja interessera seg for automatar og kva rolle dei spelar i kvardagen vår. Me vil naturlegvis, som med kampanjen for god skilting, nytta høvet til å be om bidrag frå lesarkrinsen på gode automatdøme.
Innsida bidreg sjølv med ein toalettpapirhaldar frå alpinnasjonen Frankrike, der kjende skimerke tydelegvis har eit breitt spekter av produkt. Noko for Åsnes eller Norrøna?
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.