Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Sofamafia

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1912
20170519
1912
20170519

Her ein dag jogga eg, vanvittig nok, langs ei fager, gråbrun storbyelv i eit industriområde (der få kunne sjå meg jogge), då eg fekk auge på to menn som dytta ein sofa nedover skråninga, ned mot elva. Dette gav meg grunn til å stanse, sveitt og tungpusta. Er det noko som er meir ergreleg enn folk som køyrer på raudt eller breiar seg i rulletrappa, så er det folk som slenger frå seg kvitevarer og møblar på fortau og i grøfter.

– Må de? utbraut eg. – Må de hive sofaen i elva? Kan de ikkje gi han til Fretex?

– Han er øydelagd, ropte den eine fyren opp. Fretex vil ikkje ha øydelagde ting.

– Men så køyr han til ein gjenbruksstasjon, ropte eg.

– Kor? ropte den andre. – Kan du fortelje meg kor?

Han verka hissig. Som om det var min feil at han ikkje veit kor gjenbruksstasjonane ligg.

– Her og der, sa eg og peika hit og dit. – Både i aust og i vest.

– Det er for seint no, sa den første. – Vi får ikkje greia opp igjen no.

Dei sleppte sofaen og kom mot meg. Dei likna mafiaen.

Eg, som hadde tenkt å rope «miljøsvin» eller «eg ringer miljøetaten», utbasunerte eit slags «iik», og så spurta eg heim.

Dette er framtid

Ofte går eg forbi ein tag – vi kan ikkje akkurat kalle det ein piece, det vil seie eit meisterverk – med tre ord og eit litt uklart klokkeslett, og eg undrar: Handlar det om bustadkompleksa som skyt opp som rakettar rundt oss? Handlar det om alle dei fordømde passorda ein treng? Handlar det om tigging? Rus? Russ? Vêret? Klimaet?

Her ein dag tok eg bilete av veggen, som om eg ikkje ser han ofte nok. Idet eg stod der med telefonen framfor synet, ropte ein forbipasserande:

– Du tar vel ikkje bilde av det der fordi du synest det er fint.

– Nei, sjølvsagt ikkje, sa eg, litt flau.

– Korfor tar du bilete av det, då?

– Æh … Nei ... Eg syntest det er interessant?

– Herregud, nærmast spytta han.

Og så strena han vidare, inn i framtida.

Sjukt nok var klokka nesten kvart på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis