St. Patrick og vennene hans
St. Patrick (Paddy blant venner) er som alle veit, Irlands nasjonalhelgen. Eller «heilagmenne» som vi lærte på skulen at det heitte i mi tid. Men for å spare tid held vi oss til det litt meir vanlege «helgen». Og i går, laurdag, var det dagen hans, med alt det inneber av fyll og spetakkel. Skal ein no først feire ein nasjonalhelgen, så er det nok ein fordel å ikkje vere edru.
Han er også helgen for lausaktige kvinner, revisorar, flugesopp, folk som ikkje er heilt gode, kvithaiar, filmregissørar, elektriske syklar og tujahekkar. Men det aller viktigaste med St. Patrick er at han jaga alle slangar og ormar ut av Irland, etter at eit slikt kryp beit han midt under ei faste på ein fjelltopp. Dermed er Irland eitt av dei få landa i verda der du ikkje risikerer å bli skambiten av ein slange, og dermed kan du gjerne sende ein vennleg tanke til St. Patrick neste gong du nyt ein pint Guinness og eit robust glas Paddy på Mulligan’s Pub i Dublin.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
St. Patrick (Paddy blant venner) er som alle veit, Irlands nasjonalhelgen. Eller «heilagmenne» som vi lærte på skulen at det heitte i mi tid. Men for å spare tid held vi oss til det litt meir vanlege «helgen». Og i går, laurdag, var det dagen hans, med alt det inneber av fyll og spetakkel. Skal ein no først feire ein nasjonalhelgen, så er det nok ein fordel å ikkje vere edru.
Han er også helgen for lausaktige kvinner, revisorar, flugesopp, folk som ikkje er heilt gode, kvithaiar, filmregissørar, elektriske syklar og tujahekkar. Men det aller viktigaste med St. Patrick er at han jaga alle slangar og ormar ut av Irland, etter at eit slikt kryp beit han midt under ei faste på ein fjelltopp. Dermed er Irland eitt av dei få landa i verda der du ikkje risikerer å bli skambiten av ein slange, og dermed kan du gjerne sende ein vennleg tanke til St. Patrick neste gong du nyt ein pint Guinness og eit robust glas Paddy på Mulligan’s Pub i Dublin.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?