JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Stor svensk skald

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4639
20220304
4639
20220304

Førre veka skreiv me positivt om at våren var på veg. Diverre vert ikkje den lyse årstida slik me hadde håpa på. Det kjem sjølvsagt av at Vladimir Vladimirovitsj Putin valde å skrive seg inn i historiebøkene med gjerningar som høyrer mørkeret til.

Her i bokstova får me ikkje gjort så mykje med stormannsgalskapen til Vesle-Putin. Ein boikott av russiske forfattarar i spalta her, er neppe noko som får diktatoren til å ta til vitet. Klok-redaksjonen har i staden utarbeidd ei liste over folk som ikkje får vere med i trekkinga av bokpremie, og der står det berre eitt namn. Ja, det byrjar med V, og me vonar det svir.

Så til løysinga i dag. Gunder Runde skriv: «Det er langt mellom nordiske nobelprisvinnarar, er det ikkje snart på tide med Fosse? Siste gongen vi fekk ein nobelprisvinnar frå Norden, var i 2011 – det var altså dagens diktar, Tomas Tranströmer (1931–2015). Tranströmer var utdanna psykolog, og delte etter kvart tida si mellom psykologarbeid og lyrisk produksjon. Han vekte oppsikt med debuten sin i 1954: 17 dikter, og etter kvart kom det fleire diktsamlingar, alle like gjennomarbeidde og godt mottekne. Dagens dikt heiter Madrigal, og står i samlinga För levande och döda (1989 – for denne samlinga fekk han Nordisk råds litteraturpris i 1990). Same året vart han råka av slag og miste taleevna. Likevel kom han etter nokre år med ei ny samling, Sorgegondolen, 1996, som mellom anna fekk Augustprisen, og vart utgitt i 30.000 eksemplar. Nokre fleire bøker etter dette også, mellom anna gav han ut ei brevveksling med den norsk-amerikanske lyrikaren Robert Bly (Air mail). Desse to karane omsette bøker av kvarandre, og brevskiftet handlar mellom anna om språklege finessar i dikta som dei vurderer opp mot kvarandre. Tranströmer er omsett til meir enn 50 språk, sjeldan kost for ein lyrikar frå eit så lite språkområde som det svenske.»

Norunn Askeland skriv: «Takk igjen for interessant oppgåve! Medikus Libri er litt av ein pedagog som lagar gode oppgåver som gjev leselyst. Når eg-personen i teksten har ’eksamen fra glemselens universitet og er like tomhendt som en skjorte på en tørkesnor’, må forfattaren bak teksten vere ingen ringare enn metaformeisteren og nobelprisvinnaren Tomas Tranströmer. Han døydde i 2015, drygt tre år etter at han fekk prisen. Og når Medikus fortel at omsetjinga til norsk er fint gjord at ein kjend norsk lyrikar, forstår vi at det er ingen ringare enn Jan Erik Vold, som er språkleg heime både på norsk og svensk. Utdraget er henta frå ei bok med samla dikt som kom på norsk i 1996, og som Tranströmer hadde fått Augustpriset for. På svensk heitte diktsamlinga utdraget er henta frå För levande och döda. Skal lesast med glede!»

Desse såg til Sverige og fann fram til rett svar på oppgåve 1519: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Ragnhild Eggen, Gunn Bull-Berg, Ingebjørg Sogge, Roy Anvik Thorstein, Inger Anne Hammervoll, Janneken Øverland, Oddbjørn Aardalen, Else Gjesdahl Sørensen, Olav Holten, Lise Haaland, Ole Husby, Astrid Mølster, Pål Amdal, Jarle Fanebust, Gunder Runde, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Jan Erik Røed, Eli Hegna, Jan Alfred Sørensen, Odd Jarle Kjørstad, Inge Strand, Vigdis Hegna Myrvang, Bente Ubostad, Bjørn Myrvang, Kjell Helge Moe, Marta Kløve Juuhl, Nils Farstad, Jorunn Røyset, Kirsten Bakke, Oddlaug Bringe Walaker, Ingebjørg Sogge, Olav B. Larsen, Kristian Myklebust, Magnhild Reisæter, Eiliv Olsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Øystein Stokland, Petter Kristensen, Fritjof Lampe, Truls Horvei, Per Trygve Karstensen, Audun Gjengedal, Harald Gjørtz, Bjørn Gjermundsen, Hans M. Gautefall, Erik Aamlid, Folke Kjelleberg, Ingunn Bergem, Jorunn Brekke Fjeldheim, Jorunn Øxnevad Lie, Gunnar Bæra, Ståle Ritland, Helge Flæte, Laura Killingbergtrø, Laurits Killingbergtrø, Sigrun Gjengedal Ruud, Sissel Gunnarshaug, Norunn Askeland, Anne Berit Skaarer, Jorunn Kleppe, Yngve Skjæveland, Arne Thorvik, Solrun Haukedalen, Robert Øfsti, Gunnar Eide, Inger Margrethe Berge, Eirik Holten, Dei kvasse på Fana, Sjur Joakim Fretheim, Aning og Dreis, Torleik Stegane, Toril Ringholm og Ole G. Evensen.

Denne gongen heiter bokvinnaren Jorunn Brekke Fjeldheim. Gratulerer!

Klok på bok 1521

ringer opplysningstelefonen

til anonyme alkoholikere

har et problem

har drukket to flasker whiskey blir ikke full

hva kan jeg gjøre

Sitatet er frå s. 100 i boklækjarutgåva (2019). Me skal fram til ei uvanleg sterk diktsamling. Forfattaren er fødd i eit år då nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på spansk. Send namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 12. mars.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis