Storfin vitjing
Av tidl. kokkelærling på Mælands Hotel i Granvin, Ivar Nimme:
Eg har laga maten i bryllaup,
til dåp og til fest,
Eg har koka for direktørar
Fylkesmenn og prest.
Servert engelske lordar,
ein sjeik frå Dubai,
og fem storkommunistar
som kom frå Shanghai.
Servert flatbrød og sild
eller steik med bearnaise,
til storfolk som vitja
med sjakett eller Fez.
Ynske var mange,
nokre var vrange,
men dei åt det dei fekk
og betalte og gjekk
Men dei kjekkaste
eg trefte
blant dei storfine gjester,
var utan tvil
Kjell Karlsens Orkester.
Riesling på Utne
Eit kjærleiksdikt av tidl. kokkelærling ved Mælands Hotel i Granvin, Ivar Nimme:
Ei solstripe smiler
inn i mitt kott,
dagen er vakker,
fjorden ligg flott
Eg hoppar or halmen
for å setta i gong
I dag har eg planar
om kjærleik og song
Ei jenta frå Utne
ei flaska, god vin,
Riesling, den turre,
Denne kvelden vert min.
Bokomslag vikarierer for plateomslag
Innsida har ikkje noko godt plateomslag til denne utgåva. Konvolutten med gode variantar av unike omslag vart attgløymd på skyssbåten mellom Hardbakke og Mjømna. Han dukkar nok opp att, som eit krav frå futen, så Innsida vil trykka dette ved eit seinare høve. I mellomtida brukar me eit bilete av lefseboka til Bodil Nordjore i staden. Eit flott motiv, der ein særleg vert imponert over at Bodil har inkludert norsk bilkultur i sitt omfattande lefseverk. Ei viktig bok, meiner mange lefseentusiastar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Storfin vitjing
Av tidl. kokkelærling på Mælands Hotel i Granvin, Ivar Nimme:
Eg har laga maten i bryllaup,
til dåp og til fest,
Eg har koka for direktørar
Fylkesmenn og prest.
Servert engelske lordar,
ein sjeik frå Dubai,
og fem storkommunistar
som kom frå Shanghai.
Servert flatbrød og sild
eller steik med bearnaise,
til storfolk som vitja
med sjakett eller Fez.
Ynske var mange,
nokre var vrange,
men dei åt det dei fekk
og betalte og gjekk
Men dei kjekkaste
eg trefte
blant dei storfine gjester,
var utan tvil
Kjell Karlsens Orkester.
Riesling på Utne
Eit kjærleiksdikt av tidl. kokkelærling ved Mælands Hotel i Granvin, Ivar Nimme:
Ei solstripe smiler
inn i mitt kott,
dagen er vakker,
fjorden ligg flott
Eg hoppar or halmen
for å setta i gong
I dag har eg planar
om kjærleik og song
Ei jenta frå Utne
ei flaska, god vin,
Riesling, den turre,
Denne kvelden vert min.
Bokomslag vikarierer for plateomslag
Innsida har ikkje noko godt plateomslag til denne utgåva. Konvolutten med gode variantar av unike omslag vart attgløymd på skyssbåten mellom Hardbakke og Mjømna. Han dukkar nok opp att, som eit krav frå futen, så Innsida vil trykka dette ved eit seinare høve. I mellomtida brukar me eit bilete av lefseboka til Bodil Nordjore i staden. Eit flott motiv, der ein særleg vert imponert over at Bodil har inkludert norsk bilkultur i sitt omfattande lefseverk. Ei viktig bok, meiner mange lefseentusiastar.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.