To ulike og uavhengige personar med dinosaurgenser.
Stygge genserar
Er det menneska som skapar kleda eller er det kleda som skapar menneska? Kva føler du på innsida dersom du har ein glorete genser på utsida? I januar spådde vi at stygge genserar kom til å bli moderne i år. Allereie i mars kan det sjå ut som at tipset har slått til. I Førde har det iallfall blitt observert folk med dinosaurgenser av typen Seriousaurus. Vi oppfordrar lesarane til å sende inn bilde av deira dinosaurgenserar.
Stygge genserar 2
Ein mann med to pinnar har blitt verdskjendis. Amerikanaren Sam Barsky strikkar genserar med ulike reisemål, så tek han bilde der han poserer med genserane sine framfor dei aktuelle reisemåla. Spørsmålet vi alle stiller oss nå er: Har Sam Barsky vore i Førde og blitt inspirert av dinosaurgenserane? Og dersom han har vore i Førde – kva motiv har han strikka og posert framfor? Elvetorget eller AMFI? Domus-bygget eller Rutebilstasjonen?
Innvik og Utvik
Vi har fått eit lesarbrev frå ein anonym innsendar:
«Kampen mellom Innvik og Utvik verkar jamn. Dei er ved ei vik, begge to. Den eine på utsida og den andre på innsida, tenkjer du. Men det ligg meir bak. I Utvik bur det ein polsk eksbringebærplukkar som liknar på ein sprek Frank Rossavik. Bæra han plukkar, lagar dei godt syltetøy av. Og campinghyttene bærplukkarane bur i, er veldig fine. Bæra lossar dei på ein 1972-modell Reform Muli, ein nydeleg austerriksk traktor som bringar bæra før dei vert til syltetøy. Og Humans of Utvik er den mest koselege kontoen på heile Instagram. Men kva har dei i Innvik? Eg veit ikkje, eg har ikkje undersøkt.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Stygge genserar
Er det menneska som skapar kleda eller er det kleda som skapar menneska? Kva føler du på innsida dersom du har ein glorete genser på utsida? I januar spådde vi at stygge genserar kom til å bli moderne i år. Allereie i mars kan det sjå ut som at tipset har slått til. I Førde har det iallfall blitt observert folk med dinosaurgenser av typen Seriousaurus. Vi oppfordrar lesarane til å sende inn bilde av deira dinosaurgenserar.
Stygge genserar 2
Ein mann med to pinnar har blitt verdskjendis. Amerikanaren Sam Barsky strikkar genserar med ulike reisemål, så tek han bilde der han poserer med genserane sine framfor dei aktuelle reisemåla. Spørsmålet vi alle stiller oss nå er: Har Sam Barsky vore i Førde og blitt inspirert av dinosaurgenserane? Og dersom han har vore i Førde – kva motiv har han strikka og posert framfor? Elvetorget eller AMFI? Domus-bygget eller Rutebilstasjonen?
Innvik og Utvik
Vi har fått eit lesarbrev frå ein anonym innsendar:
«Kampen mellom Innvik og Utvik verkar jamn. Dei er ved ei vik, begge to. Den eine på utsida og den andre på innsida, tenkjer du. Men det ligg meir bak. I Utvik bur det ein polsk eksbringebærplukkar som liknar på ein sprek Frank Rossavik. Bæra han plukkar, lagar dei godt syltetøy av. Og campinghyttene bærplukkarane bur i, er veldig fine. Bæra lossar dei på ein 1972-modell Reform Muli, ein nydeleg austerriksk traktor som bringar bæra før dei vert til syltetøy. Og Humans of Utvik er den mest koselege kontoen på heile Instagram. Men kva har dei i Innvik? Eg veit ikkje, eg har ikkje undersøkt.»
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.