Svele
Ein reisande vestlending
og farande fant
Eg elskar å køyra
Stoppa for kaffi
og bruka ein slant
Eg seier nei takk til pylser
og til hamburgargrill
Eg ventar til ferja
Og får det eg vil
Ei svele, ei svele
og dagen vert fin
Eg susar av stad
I Camryen min
Kom hit til Møre
til Romsdalen vår
Køyr ned på kaia
Og sjå kva du får
Ei svele med smørkrem
Ei svele med ost
Eg knip ho i handa
I svelegrep
Ho sit som eit skot
Eit velprøva knep
Faste og fine
Du treng ikkje svelte
Svela ho legg seg
rundt magebeltet
Å svele, du svele
er skikkeleg mat
god nok til kvardags
på papirtallerkfat
Gje meg ei ferje
Ja, to eller tre
Kvar einaste kai
å gleda seg te
Bru og tunnel
For noko tull
Svele og ferje
Vårt vestlandske gull
RAST
(Ein dag eg kjende meg som Lars Monsen)
Eg tok inn i skogen
og kjende skogens ro.
På ein liten stubbe
tok eg meg ein liten kvil.
Eg kledde meg naken,
spende musklane,
som ein bjødn,
heiv meg ut i det svarte tjødn.
Iskaldt vatn
Skjerpa sansane.
Eg braut vassflata
som eit prosjektil,
dukka opp,
breiskuldra, sterk.
Vassdropane som perler
på glinsande musklar.
Let sola tørka meg,
Knurra litt til hunden
så steikte eg ei pylsa
og kokte kaffi,
og sette meg inn att i bilen
for å køyra til budsjettkonferansen
i Ørsta.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Svele
Ein reisande vestlending
og farande fant
Eg elskar å køyra
Stoppa for kaffi
og bruka ein slant
Eg seier nei takk til pylser
og til hamburgargrill
Eg ventar til ferja
Og får det eg vil
Ei svele, ei svele
og dagen vert fin
Eg susar av stad
I Camryen min
Kom hit til Møre
til Romsdalen vår
Køyr ned på kaia
Og sjå kva du får
Ei svele med smørkrem
Ei svele med ost
Eg knip ho i handa
I svelegrep
Ho sit som eit skot
Eit velprøva knep
Faste og fine
Du treng ikkje svelte
Svela ho legg seg
rundt magebeltet
Å svele, du svele
er skikkeleg mat
god nok til kvardags
på papirtallerkfat
Gje meg ei ferje
Ja, to eller tre
Kvar einaste kai
å gleda seg te
Bru og tunnel
For noko tull
Svele og ferje
Vårt vestlandske gull
RAST
(Ein dag eg kjende meg som Lars Monsen)
Eg tok inn i skogen
og kjende skogens ro.
På ein liten stubbe
tok eg meg ein liten kvil.
Eg kledde meg naken,
spende musklane,
som ein bjødn,
heiv meg ut i det svarte tjødn.
Iskaldt vatn
Skjerpa sansane.
Eg braut vassflata
som eit prosjektil,
dukka opp,
breiskuldra, sterk.
Vassdropane som perler
på glinsande musklar.
Let sola tørka meg,
Knurra litt til hunden
så steikte eg ei pylsa
og kokte kaffi,
og sette meg inn att i bilen
for å køyra til budsjettkonferansen
i Ørsta.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?