Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Syn for segn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4611
20180518
4611
20180518

Når dette kjem på prent, har det vore den syttande mai i store deler av verda. Den norske grunnlovsdagen får naturleg nok mest merksemd i Noreg, men så vidt eg veit, er det ikkje noko land av dei som fylgjer den gregorianske kalenderen, som hoppar frå den 16. til den 18. i månaden vi er inne i no. Nordmenn som av uforståelege årsaker ikkje er i heimlandet på grunnlovsdagen, burde vere takksame for at syttande mai finst der dei er. Særleg gjeld dette born og vaksne som plar å få lov til å eta så mykje is dei kan på dagen.

No er ikkje den gregorianske kalenderen kjend for å vere rettvis i alle høve. Folk som er fødde på skotårsdagen, og difor berre har fødselsdag kvart fjerde år, kan skrive under på det. Særleg upopulær var kalenderen då han tok over for den julianske kalenderen som vart brukt i Noreg fram til søndag 18. februar 1700. Dagen etter hoppa kalenderen til måndag 1. mars, og alle som hadde fødselsdag mellom dei to datoane, gjekk glipp av fine gåver og kake med ljos på. Kan hende er det litt seint å rette opp i denne uretten som råka så mange, men no har eg gjort dykk merksame på han, og kan trygt overlate saka til lesarar med godt utvikla rettferdskjensle.

Så lyt me sjå på oppgåve 1337. Gunder Runde skriv: «Dette var ein av dei gongane eg hadde løysinga klar under etappen frå postkassa til frukostbordet. Og ’mot normalt’ var utdraget frå boka relevant for å finne fram til løysinga. Og løysinga er altså Om dyr og syn av den særs allsidige forfattaren Tormod Haugland, fødd på Radøy i 1962. Han debuterte i 1994, med boka Under, og har seinare gitt ut både romanar, noveller, dikt, essay og skodespel. Frå 1998 til 2008 var han leiar av Skrivekunstakademiet i Hordaland. For ein som sjølv er oppvaksen på gard, og som valde ein annan veg enn bondeyrket, er det mykje attkjennande i denne boka, som verkar temmeleg sjølvbiografisk. Haugland gjekk først jordbruksskule, før han tok teikne-/måleutdanning, og så enda han likevel som forfattar! Av dei store klassikarane om oppvekst på gard er det nok Det store spelet av Tarjei Vesaas som vi først tenkjer på som føregangar til denne boka. Men skilnaden er den at Per Bufast fann seg plass i bondeyrket, medan hovudpersonen i Haugland si bok bryt ut. Haugland er særleg god når han skildrar det daglege livet på ein gard, heilt enkelt og nøktern, nesten utan adjektiv, det vert både realistisk og rørande på same tid. Det var ikkje for ingenting at denne boka var med i drøftinga av P2-lyttarane sin romanpris for 2017 heilt fram til ’finalen’. Eg har tidlegare påpeika at omsetjarane av utanlandsk litteratur svært sjeldan får den plassen dei fortener i bokmeldingane. Denne gongen vil eg slå eit slag for illustratørane – framsida av Om dyr og syn er midt i blinken!»

Desse fekk auge på rett svar på oppgåve 1337: Skeisebibliotekaren i LASK, Gunn Bull-Berg, Gunder Runde, Eirik Holten, Ragnhild Eggen, Laila Stien, Norunn Askeland, Sjur Joakim Fretheim, Per Trygve Karstensen, Jorunn Røyset, Jorunn Øxnevad Lie, Hildur Øvsthus, Per Skjæveland, Rolf Enger, Camilla Høvik, Truls Johan Horsberg Hoff, Turid Tresselt Melheim, Inger Anne Hanmervoll, Tor Inge Myren, Olav Holten, Rannveig Nordhagen, Else Bovim, Kjell Kjerland, Laurits Killingbergtrø, Eli Winjum, Jan Alfred Sørensen, Eli Hegna, Torleiv Kløve, Gunnar Bæra, Petter Kristensen, Folke Kjelleberg, Odd Storsæter, Turid Tirevold, Fritjof Lampe, Bjørn Gjermundsen, Anne Berit Skaarer, Truls Horvei, Inger Margrethe Berge, Eva Sunde, Dei kvasse på Fana, Ingebjørg Sogge, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Audun Gjengedal, Olav Molven, Robert Øfsti, Jorunn Kleppe og Tore Skjæveland. I dag er Skeisebibliotekaren i LASK bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1339

Hvor han enn var, satte han snart sitt personlige preg på interiøret. Han hadde alltid bare ganske få ting omkring seg, men det stod bestandig blomster i en vase eller en skål, kanskje gaver fra damer, kanskje hadde han selv omsorgsfullt tatt dem med seg hjem. Alltid lyste bøker langs veggene, pent innbundet eller med omhyggelige papiromslag, for han elsket bøker som umælende dyr.

Sitatet er frå side 150–151 i boklækjarutgåva (2016). På originalspråket kom boka ut under den andre verdskrigen, og det ber ho tydeleg preg av. Me skal fram til ei slags minnebok der forfattaren mellom anna fortel om møte og samvær med andre diktarar. I sitatet er det ei skildring av ein slik yrkesbror, og før eg godkjenner svaret, vil eg ha namnet på denne diktaren. Send namn på diktaren som er skildra i sitatet, namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 25. mai.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis