JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Takk og pris

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4512
20210820
4512
20210820

For folk som nyttar skriftspråket til å skildre det dei har på hjartet, er det sjeldan det økonomiske aspektet som driv verket. Mykje fint kan seiast om dei som skriv reine ord for pengane, men dei færraste vert velståande av det.

Ein undervurdert beinveg for forfattarar som vil rette opp ein skakkøyrd økonomi, er å skaffe seg Nobelprisen i litteratur. I Stockholm får prisvinnaren drygt 10.200.000 norske kroner. Dimed skulle ein ha til salt i maten ei stund. Om ein nøyer seg med Nordisk råds litteraturpris, kjem det omtrent 420.000 kroner inn på konto. Også Sult-prisen på 250.000 kroner burde vere stor nok til at ein kan ete seg mett.

Om ein likevel skriv for den engelskspråklege verda, kan det vere eit fiff å tuske til seg den internasjonale Bookerprisen. Han er på i overkant av 600.000 norske kroner, men her skal ein hugse at halvparten av prisen går til ein eventuell omsetjar. Altså kan det vere mykje å spare på å heller køyre manuset ein kjapp tur gjennom Google translate før utgjeving på engelsk.

Den finaste litteraturprisen i Frankrike vert ein ikkje feit av. Goncourt-prisen er på 10 euro (ca. 104 kroner), det er om lag same summen som vart delt ut til første Prix Goncourt i 1903. Løysingsforfattaren denne veka fekk Goncourt-prisen i 2017, og boklækjaren vonar Éric Vuillard nytta pengane på noko fornuftig.

Gunder Runde skriv: «For ein innbyggjar i den etter kvart så vidgjetne bygda OL-steinvik (eventuelt GULL-steinvik), var det nærliggjande å tenkje seg at dagens bok var skriven av ein japanar. Og teorien fekk god næring då eg konstaterte at dei to aktuelle nobelprisvinnarane i litteratur begge var japanske (Kawabata 1968 og Oe 1994). Så då var det vel berre å leite fram ein japansk forfattar i høveleg alder som er omsett til norsk. Ei overkomeleg oppgåve, trudde eg. Men det viste seg å vere overraskande mange – lista mi inneheldt til sist 18 namn, og ingen av dei var fødde i 1968 eller 1994... Nødvendig med TIME-OUT – dvs. å finne fram til ny strategi. Kva med å lese oppgåva ein gong til? Eg festa meg ved den noko underlege avslutninga: ’... det var nest siste hintet på agendaen i dag.’ Kva var då siste hintet? Kunne det ha noko med ordet agenda å gjere? Norske synonym: Program? Møteplan? Sakliste? Nei: Dagsorden! Dermed målgang – rettnok med langt svakare tid enn 45.94! Boka er altså Dagsordenen (L’ordre du jour) av den franske forfattaren Éric Vuillard (sjølvsagt fødd i 1968), filmregissør, manusforfattar, skribent. Boka har fått særs god mottaking både i og utanfor heimlandet, og har altså fått det som ein kanskje kan kalle gullmedaljen i den litterære Frankrike-meisterskapen, nemleg Goncourt-prisen. No har eg lånt boka, og gler meg til å lese henne!»

Petter Kristensen skriv: «Forfatteren er Éric Vuillard, løsningsbok er Dagsordenen. En skremmende og fengslende bok! Løsningen var ikke så komplisert: Etter at Medikus Libri skriver at forfatterprisen er nest siste hint, så kan siste hint vanskelig være annet enn agenda

Eirik Holten skriv: «Lånte boka på biblioteket, og det gjekk ikkje betre til enn at eg slukte henne i ein jafs. Nifse greier – og det verste er at det er sant.»

På agendaen no står det å avsløre kven som fann fram til rett svar på oppgåve 1492, nemleg: Laurits Killingbergtrø, Sjur Joakim Fretheim, Ingebjørg Sogge, Eli Winjum, Ragnhild Eggen, Per Trygve Karstensen, Olav Holten, Signar Myrvang, Gunnar Bæra, Ole Husby, Gunder Runde, Kjell Helge Moe, Audun Gjengedal, John Olav Johnsen, Petter Kristensen, Vigdis Hegna Myrvang, Tor Inge Tennfjord, Marta Kløve Juuhl, Eli Hegna, Folke Kjelleberg, Inger Anne Hammervoll, Torleik Stegane, Jorunn Røyset, Gunnar Eide, Nils Farstad, Dei kvasse på Fana, Turid Tirevold, Robert Øfsti, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Torbjørg Langdal, Eirik Holten og Ole G. Evensen. Denne gongen heiter bokvinnaren Laurits Killingbergtrø.

Gratulerer!

Klok på bok 1494

– Jeg har ikke engang hørt stemmen hennes.

Og litt etter:

– Det er en selsom smerte.

Ganske lavt:

– Å dø av lengsel etter noe du aldri skal få oppleve.

Sitatet er frå s. 103 i boklækjarutgåva (1997). På originalspråket kom boka ut i 1996. I dag skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå Sovjetunionen. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva ord hovudpersonen fekk rissa inn på minnesteinen etter den avlidne kona. Send ord på minnestein, namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 28. august.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis