Takk til Nerf
I sommar har ca. 100.000 norske barn drive aktiv våpentrening. Derfor har mange foreldre høyrt følgande altfor mange gonger i «ferien»: «Eg skyt deg!», «Ikkje skyt meg!», «Ho skaut meg!», «Slepp meg inn!», «Slepp meg ut!», «Eg kjem uvæpna!», «Eg skal ikkje drepe deg!», «Mamma, han skaut meg i hovudet!», «Han drap meg først!», «Ikkje drep meg!» osv.
Noko vi foreldre har uttalt altfor mange gonger i «ferien», er: «Legg frå dykk våpena!», «Rydd opp alle dei 400 kulene!», «No er det nok!», «Du skyt ikkje meg!», «Au!» osv.
Uansett vil vi foreldre takke våpenprodusentane, ikkje minst Nerf, for å ha bidratt med avlasting og eit treningstilbod til barn i sommar. Vi håpar de reklamerer for produkta dykkar i forkant av neste sommar òg, slik at ungane bruker sparepengane sine på våpen og ammunisjon framfor syklar, rulleskøyter, gummibåtar og anna barnsleg tøys.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
I sommar har ca. 100.000 norske barn drive aktiv våpentrening. Derfor har mange foreldre høyrt følgande altfor mange gonger i «ferien»: «Eg skyt deg!», «Ikkje skyt meg!», «Ho skaut meg!», «Slepp meg inn!», «Slepp meg ut!», «Eg kjem uvæpna!», «Eg skal ikkje drepe deg!», «Mamma, han skaut meg i hovudet!», «Han drap meg først!», «Ikkje drep meg!» osv.
Noko vi foreldre har uttalt altfor mange gonger i «ferien», er: «Legg frå dykk våpena!», «Rydd opp alle dei 400 kulene!», «No er det nok!», «Du skyt ikkje meg!», «Au!» osv.
Uansett vil vi foreldre takke våpenprodusentane, ikkje minst Nerf, for å ha bidratt med avlasting og eit treningstilbod til barn i sommar. Vi håpar de reklamerer for produkta dykkar i forkant av neste sommar òg, slik at ungane bruker sparepengane sine på våpen og ammunisjon framfor syklar, rulleskøyter, gummibåtar og anna barnsleg tøys.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.