Tema: OL
I den førre Innsida skreiv kollega Ragnar Hovland at han ikkje hadde fått oppsummert OL, men at det kom meir i neste Innside. Og sidan vi har Innsida etter Hovland, må vi nesten berre innfri kravet. Kva var det største augeblikket under OL? Har vi nordmenn grunn til å vera stolte? Var Pyongyang det beste norske OL-et ever? Kva er medaljens bakside? Følg med på fasiten.
Det er typisk norsk å vera god
Vi nordmenn er jo ekstremt flinke til det meste, så det skulle berre mangle at vi ikkje er den beste nasjonen i vinter-OL. Nokre meiner det er urettferdig at vi opplever ein valdsam suksess i OL, men ikkje gidd å arrangere leikane sjølve. Men her må vi minne om vår stolte tradisjon med å herje i utlandet. OL er ei slags moderne vikingferd der vi plyndrar fattige land for gull. Det er ein del av norsk kultur.
Beste OL nokosinne?
Stemmer det verkeleg at OL i Pyongyang er det beste norske OL-et? Vi synest jo å hugse at Noreg tok nesten alle medaljane på Lillehammer i 1994. Dette er ei sak for Innsida – her må det seriøs gravejournalistikk til.
Noreg tronar øvst på medaljestatistikken i 2018, og har aldri teke så mange medaljar. Men vi må ta med i reknestykket at det er mange fleire øvingar nå enn det var på Lillehammer. I 1994 vart det delt ut 61 gull, i år vart det delt ut 103 gull. Så om vi reknar om til prosent, så viser tala at Noreg tok 16 prosent av gulla på Lillehammer, og 14 prosent av alle medaljar totalt. Tala for Pyongyang er 14 prosent av gulla og 13 prosent av alle medaljar. Jaha. Beste OL, du liksom?
Konklusjon: Faktisk delvis feil.
Ein imponerande mann
Anders Danielsen Lie er ein mann vi har lagt merke til – og kvar gong han dukkar opp, er det med ein ny høgtragande yrkestittel. Trass sin unge alder er han både filmskodespelar, lege, sakprosaforfattar og musikar. Han tek pusten frå oss! Når han nå har slått gjennom som toppidrettsutøvar med fleire medaljar i langrenn i OL, så skjønte han sjølv at det vart for mykje å fordøye for folk. Han tok difor eit psevdonym. Innsida har bildebevis som syner at den såkalla «Simen Hegstad Krüger» er synonym med Anders Danielsen Lie.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.