Test deg sjølv
Du som masar om at du kan gjere ein betre jobb enn omsetjaren som tekstar den britiske krimserien du ser på, skal få ta denne setninga sjølv: «We were having our tea when she barged in, wearing only a fairly higgledy-piggledy frock and wellingtons, shouting that something was completely off.»
Kontekst: Ein mann sit i avhøyr hos politiet; han snakkar om ein nabo som er funnen død. Hugs: Skjermformat og rask tale gjer at du må komprimere; du har maks 75 teikn (med mellomrom) til rådvelde. Løysingsforslag nedst på sida.
Klimaforvirring
Då eg gjekk på ski over Grønland, snubla eg i ei kasse der nokon har planta grønsaker alle kan forsyne seg av. Grønt og grønt, fru Blom. Issalat?
Ta ein tomat
Eit par kilometer etter første grønsakskasse, snubla eg over ei kasse til, med tomat, liksom. Jammen er dei optimistiske, grønlendararane.
Valentinsord
Valentinsdagen kom og gjekk, og i alle fall éin mann gav éi kvinne ein kompliment: «Jø, for ei skjebbe du er.» (Må ein slå opp, finn ein at ei skjebbe er eit «karsleg og drivande kvinnfolk». Då er ho vel verd strevet.)
Løysingsforslag:
«Vi åt middag då ho brasa inn i kjole og støvlar og ropte at noko var gale.»
Skjønte du at det var snakk om middag, og ikkje te, 1 poeng. Visste du at «frock» er «kjole», 1 poeng. Greidde du å komprimere til berre «kjole», 1 poeng. Visste du at «wellingtons» er støvlar, 1 poeng. Visste du at «off» kan bety «gale», 1 poeng.
Fekk du 5 poeng, fortener du ein premie: Kjøp deg ein Kvikk Lunsj. Det skaper glede.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Test deg sjølv
Du som masar om at du kan gjere ein betre jobb enn omsetjaren som tekstar den britiske krimserien du ser på, skal få ta denne setninga sjølv: «We were having our tea when she barged in, wearing only a fairly higgledy-piggledy frock and wellingtons, shouting that something was completely off.»
Kontekst: Ein mann sit i avhøyr hos politiet; han snakkar om ein nabo som er funnen død. Hugs: Skjermformat og rask tale gjer at du må komprimere; du har maks 75 teikn (med mellomrom) til rådvelde. Løysingsforslag nedst på sida.
Klimaforvirring
Då eg gjekk på ski over Grønland, snubla eg i ei kasse der nokon har planta grønsaker alle kan forsyne seg av. Grønt og grønt, fru Blom. Issalat?
Ta ein tomat
Eit par kilometer etter første grønsakskasse, snubla eg over ei kasse til, med tomat, liksom. Jammen er dei optimistiske, grønlendararane.
Valentinsord
Valentinsdagen kom og gjekk, og i alle fall éin mann gav éi kvinne ein kompliment: «Jø, for ei skjebbe du er.» (Må ein slå opp, finn ein at ei skjebbe er eit «karsleg og drivande kvinnfolk». Då er ho vel verd strevet.)
Løysingsforslag:
«Vi åt middag då ho brasa inn i kjole og støvlar og ropte at noko var gale.»
Skjønte du at det var snakk om middag, og ikkje te, 1 poeng. Visste du at «frock» er «kjole», 1 poeng. Greidde du å komprimere til berre «kjole», 1 poeng. Visste du at «wellingtons» er støvlar, 1 poeng. Visste du at «off» kan bety «gale», 1 poeng.
Fekk du 5 poeng, fortener du ein premie: Kjøp deg ein Kvikk Lunsj. Det skaper glede.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.