Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

TID

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2295
20171110
2295
20171110

Det er på tide å prate litt om tida. Den fjerde dimensjonen. Eit fenomen som sjølv garva vitskapsfolk slit med å forklare. Alle gnafsar om at tida går så fort. Men om ein gjer keisame og langdryge ting, går tida faktisk ganske sakte. Å fylle opp dagane med alt mogleg rart for å «utnytte tida» verkar berre mot si hensikt. Folk kan gjerne roe seg litt ned.

Men sjølv om vi prøver å leve keisame liv for å få tida til å gå sakte, har det skjedd nokre endringar i liva våre det siste året. Guri har blitt småbarnsmor og hytteeigar. Sigrid har flytta fire gonger på eitt år, og har nå hamna i Porsgrunn (eller var det Skien?).

Gje oss sommartid heile året! (Guri)

Tidlegare har det kjentest som at eg fekk ein time ekstra når ein stilte klokka attende om hausten. Timen kunne brukast til kva ein ville: soving, avislesing, innsideskriving – hyggelege aktivitetar. Da klokka skulle stillast attende denne hausten, var det ei heilt anna oppleving. Plutseleg hadde vi ein unge som stod opp kl 05.30. Det er psykisk ganske tungt når ein veit at alle andre ligg og søv. Det var mørkt allereie før pappaen kom heim frå jobb, og livet vart svært haustleg. Det tok fleire døgn å få ungen justert inn i den nye tidsrekninga.

Det er ikkje berre dei med små barn som slit med tidsjusteringa. Det gjeld òg dei som har dyr som skal matast, mjølkast eller luftast til faste tidspunkt. I Finland meiner tre av fire innbyggjarar at ordninga bør avviklast, og dei har bede EU om å endre direktivet om sommartid.

Gje oss vintertid heile året! (Sigrid)

Eg likar ikkje å stå opp. Eg likar ikkje å leggje meg heller. Om alt kan utsetjast ein time heile året, ville det passa meg fint.

Klokkeklubbar for menn

I august 2014 spådde vi at trenden med klokkeklubbar snart ville kome til Noreg frå New York. Det har teke tid, vi innrømmer det, men lesarane må berre stole på oss. Alt vi spår på Innsida, blir før eller seinare sant. Og her kjem den gledelege nyheita: Klokketrenden har endeleg nådd Noreg! Dagens Næringsliv hadde sist helg eit stort oppslag om menn som tek bilde av klokkene sine på fredagar og deler dei på sosiale medium, avisa skriv om klokkeklubben Nurk og vi får bli kjent med ein pastor i Klæbu (#klokkepastor) som kvart døgn bruker 24 timar på å vere pastor og ein time på klokkeinteressa si.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis