Tilstands- rapport
I dag har eg vore hos dokteren. Det er ikkje slik at eg akkurat renner ned dørene hos fastlegen, men eg tar no ein tur innom for å helse på slik innimellom. Ho fann ikkje noko alvorleg i vegen med meg (der skil ho seg på ein positiv måte frå ein del folk eg kjenner), men rådde meg til å puste djupt, med magen, ein gong i blant. Ja, det var no berre det. Eg tenkte kanskje at lesarane har ei viss interesse av å vite om det blir ei Innsida neste månad også. Så langt ser det altså slik ut.
«Det brenner på Røyken» (NRK)
Eit av dei tilfella der ein med lett hjarte avstår frå vidare kommentarar.
Kommunikasjon med døde
Då eg vakna for nokre dagar sidan, oppdaga eg at eg hadde evna til å kommunisere med døde. Eg oppdaga også at dei ikkje hadde mykje interessant å melde. Men same det, eg skal vel uansett klare å få noko pengar ut av dette.
«Kan du spise muggen ost?» (NRK igjen)
Ja, NRK, eg kan faktisk det. Eg kan også ete flugesopp, granbar, gullregn, pissemaur, kakerlakkar, tujahekkar, krema fiskesuppe og såpass mange andre ting at det ville ta eit halvt liv å rekne dei opp. Og eit halvt liv trur eg vi med sorg må innsjå at eg ikkje har att. Var det meir de lurte på der borte i krinken?
Kva bruker ein desse helgene til?
Var ute ein tur med båten i helga. Litt ruskete ute på fjorden, men alt i alt ein fin tur, der eg fekk tenkt gjennom meir enn dei fleste klarer på eit heilt år. Fisk fekk eg òg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Tilstands- rapport
I dag har eg vore hos dokteren. Det er ikkje slik at eg akkurat renner ned dørene hos fastlegen, men eg tar no ein tur innom for å helse på slik innimellom. Ho fann ikkje noko alvorleg i vegen med meg (der skil ho seg på ein positiv måte frå ein del folk eg kjenner), men rådde meg til å puste djupt, med magen, ein gong i blant. Ja, det var no berre det. Eg tenkte kanskje at lesarane har ei viss interesse av å vite om det blir ei Innsida neste månad også. Så langt ser det altså slik ut.
«Det brenner på Røyken» (NRK)
Eit av dei tilfella der ein med lett hjarte avstår frå vidare kommentarar.
Kommunikasjon med døde
Då eg vakna for nokre dagar sidan, oppdaga eg at eg hadde evna til å kommunisere med døde. Eg oppdaga også at dei ikkje hadde mykje interessant å melde. Men same det, eg skal vel uansett klare å få noko pengar ut av dette.
«Kan du spise muggen ost?» (NRK igjen)
Ja, NRK, eg kan faktisk det. Eg kan også ete flugesopp, granbar, gullregn, pissemaur, kakerlakkar, tujahekkar, krema fiskesuppe og såpass mange andre ting at det ville ta eit halvt liv å rekne dei opp. Og eit halvt liv trur eg vi med sorg må innsjå at eg ikkje har att. Var det meir de lurte på der borte i krinken?
Kva bruker ein desse helgene til?
Var ute ein tur med båten i helga. Litt ruskete ute på fjorden, men alt i alt ein fin tur, der eg fekk tenkt gjennom meir enn dei fleste klarer på eit heilt år. Fisk fekk eg òg.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.