Ting som burde vore forbode
– Eingongsbestikk og eingongsservise
– Ris seld i «boil in bag» (det blir jo berre eit forferdeleg griseri kvar gong ein skal prøve å klippe opp den fordømte posen, og kven vil eigentleg ha plastikk i maten?)
– At personen du har overteke leigekontrakt av, ikkje har omadressert posten sin etter FIRE MÅNADAR
– Flytrafikk
– Sylta agurk
Reglar som med fordel kan brytast
– Hyttete hyttestil på hytta
– Bryllaupsvals i bryllaupet
– At babyen må sova i eiga seng
– Å bli seriøs etter at ein har passert 30
Fransk støttespelar
Mange hugsar sikkert den oppsiktsvekkande tweeten frå Marit Arnstad, da ho påska 2013 endeleg kunne reise heim til Trøndelag på ein etterlengta ferie: «Når jeg ser utover åkeren, sola skinner og det er helt stille, ja da tenker jeg; fuck Oslo». Senterpartipolitikaren fekk ein del kritikk for denne utsegna. Ho vart tolka som eit avtalebrot av den daverande samferdselsministeren – ho representerte jo heile landet, også Oslo.
Men nå får Arnstad uventa støtte frå fransk etterretning. Agenten Marina i serien Le Bureau har eit tankegods som ligg nokså tett opp mot den tidlegare statsrådens påstand. «Fatter ikke at han er så opptatt av Oslo. Alle driter vel i Oslo?», seier Marina i serien som blir send over heile verda.
Tenk kor negative ringverknader dette vil få for reiselivet. Vi trur at Marina må stå skulerett for desse utsegnene og truleg bli grilla av Ole Torp i eit program med temaet «Oslo – ein unødvendig by?».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ting som burde vore forbode
– Eingongsbestikk og eingongsservise
– Ris seld i «boil in bag» (det blir jo berre eit forferdeleg griseri kvar gong ein skal prøve å klippe opp den fordømte posen, og kven vil eigentleg ha plastikk i maten?)
– At personen du har overteke leigekontrakt av, ikkje har omadressert posten sin etter FIRE MÅNADAR
– Flytrafikk
– Sylta agurk
Reglar som med fordel kan brytast
– Hyttete hyttestil på hytta
– Bryllaupsvals i bryllaupet
– At babyen må sova i eiga seng
– Å bli seriøs etter at ein har passert 30
Fransk støttespelar
Mange hugsar sikkert den oppsiktsvekkande tweeten frå Marit Arnstad, da ho påska 2013 endeleg kunne reise heim til Trøndelag på ein etterlengta ferie: «Når jeg ser utover åkeren, sola skinner og det er helt stille, ja da tenker jeg; fuck Oslo». Senterpartipolitikaren fekk ein del kritikk for denne utsegna. Ho vart tolka som eit avtalebrot av den daverande samferdselsministeren – ho representerte jo heile landet, også Oslo.
Men nå får Arnstad uventa støtte frå fransk etterretning. Agenten Marina i serien Le Bureau har eit tankegods som ligg nokså tett opp mot den tidlegare statsrådens påstand. «Fatter ikke at han er så opptatt av Oslo. Alle driter vel i Oslo?», seier Marina i serien som blir send over heile verda.
Tenk kor negative ringverknader dette vil få for reiselivet. Vi trur at Marina må stå skulerett for desse utsegnene og truleg bli grilla av Ole Torp i eit program med temaet «Oslo – ein unødvendig by?».
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.