Tradisjonsrike Bygdin har vakna til liv
Heilt i byrjinga av Valdresflya frå sør ligg Bygdin. Sjøen, der ein kan sigla med den over 100 år gamle M/S «Bitihorn» heilt til Eidsbugarden, er kjend. Likeins det raude klassiske fjellhotellet, Bygdin Høgfjellshotell. Nyleg fekk hotellet, som har soga si attende til 1897, ny eigar. Tor Oxhovd Svalesen, mor og far og dei to brørne hans er dei nye drivarane.
Dei har fått sving på sakene utan å endra vesentleg på det historiske interiøret. Dei har rett og slett berre fylt opp med god lokalmat og smilande Valdres-service. På éin, to, tre var Bygdin eit mål for skituristar i påskefjellet som ville ha grilla fjellgris, lokalt øl og pølsene til kokken Remo Svendsen frå Beito.
Innsida var innom heile fire gonger. Sjølv om det var kjølig i fjellet i år, varma det godt i solkroken utanfor den raude hotellet 1065 moh.
Fjellheimen er populær som aldri før. For dei som tek seg ein tur, er det inspirerande å finna stader som Bygdin Høgfjellshotell. Her er det ikkje minimalistisk oppussa eller italienske fliser på toalettet. Fleire av romma er utan dusj, men ingen utan ei utruleg utsikt til fjellheimen.
Menyen har ikkje 17 rettar à la carte, men nokre få lokale og heimelaga variantar. No og då kjem ein tilsett rundt med rykande fersk bakst.
Det er som Arne Brimi alltid seier: «Så lenge maten er god og stemninga fin, treng ein ikkje kvit duk eller ein fancy dass for å trivast.»
Trillekoffertfolket
Innsida høyrer til dei som ikkje trillar koffert i tide og utide. Våre reiser går naturlegvis med skreppe, skrin eller ein vadmålspose. Kva folk pakkar i, skal ein naturlegvis ikkje bry seg altfor mykje med. Det er då ei privatsak. Men denne gongen lyt me seia ifrå om all denne trillinga, som byrjar å gå mange på nervane. Det skal trillast inn og ut overalt, der det er plass og der det er trongt. Kva skjedde med bering? Ein god ryggsekk, ein idrettsbag eller ei skulderveske. Me trur ikkje denne trillinga er særleg bra for folkehelsa. Det vert fort svake musklar og dårleg immunforsvar av slikt.
Dessutan tek det opp mykje plass. Trillefolket viser generelt litt for lite omsyn til andre farande folk, vert det hevda frå informert hald i gravegruppa til Innsida. Denne gongen har me til og med fotografisk prov for standpunktet vårt. Ber veska di og kom i form.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?