Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Triveleg på do

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2388
20180209
2388
20180209

Innsida skal ikkje starta nokon ny serie. Dei har me nok av, men vil likevel trekka fram noko som kan vera eit fenomen fleire stader. I så fall er det berre å senda oss bilete. Det handlar om å skapa trivelege domiljø.

Difor kan Innsida i dag bringa det fyrste bilete frå eit slikt miljø, der ein har lagt litt ekstra i det for den som lyt nytta seg av eit offentleg toalett.

Biletet er teke frå toalettet for rørslehemma på Amfi i Harstad. Innsida synest ideen om ein skikkeleg lenestol der inne gjer opplevinga meir heimekoseleg og praktisk dersom ein er fleire. Det kan henda at nokon lyt bytast bleie på, då kjem stolen til nytta for familiemedlemmer som ventar.

Tommelen opp for tiltaket.

Dersom somme lesarar reagerer på at ikkje-røyrslehemma brukar toalett for røyrslehemma, så er det ifylgje interesseorganisasjonane deira heilt i orden, etter det Innsida har erfart. Me kjem uansett ikkje til å gje plass til ein debatt om den saka her i spaltene. Det er stolen som er saka denne gongen.

Rotterdam i staden for Amsterdam

Mange nordmenn dreg på tur til den vakre kanalbyen Amsterdam. Det er eit typisk helgemål for ei lita reise. Innsida vil denne gongen koma med forslag om å byta ut Amsterdam med naboen Rotterdam. For den som alt har vore ein tur i Amsterdam, er veslebror i nabolaget vel så sjarmerande. Rotterdam ligg ei kort togreise på tjue minuttar frå Schiphol-flyplassen. Det er ein av dei aller største hamnebyane i verda, men likevel verd ein tur for den som ikkje ein gong skal senda gods ut i verda. Byen var totalt utbomba under krigen. Byen er difor ein spanande stad for moderne arkitektur. Maten er som elles i Nederland god og folkeleg. Matjessild er noko alle bør eta meir av. Ein nederlandsk restaurant med respekt for seg sjølv har naturlegvis bitterballen – enkle friterte bollar av kjøt, mjøl, løk og smør. Namnet kjem av at dei drikk noko bittert til (øl), og balle er bolle.

Ein stor attraksjon i Rotterdam er mathallen deira, Markthal. Det er ein diger halvrunding med mathall i midten. Kanten rundt er fylt med husvære. Inni hallen er der mykje godt å smaka, dersom ein ruslar rundt frå bod til bod. Osten er naturlegvis svært populær, men folk står òg gjerne i kø for ekte handlaga friterte poteter.

Dersom du treng endå eit argument for å byta ut Amsterdam med Rotterdam, så er hotellprisane om lag halvparten.

Men maten er like god.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis