Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Troll i ord

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4877
20181026
4877
20181026

Vel heime etter ei fin veke i Tsjekkia kan eg varmt anbefale lesarane av Dag og Tid å vitja landet. Hugs berre å ha med eit betalingskort med dekning, elles vert det oppvaskhender når vertshusrekninga skal gjerast opp.

Heldigvis fekk eg med meg ein båttur i solskinsvêr før Visa-kortet vart sperra. Det var sjølvsagt på Moldau, den lengste elva i Tsjekkia, båtturen gjekk føre seg. For å vere vanskelege har tsjekkarane valt å omtale elva som Vltava, men det vart no ikkje turen merkbart semre av. Det er mykje fint å sjå på langs elvebreidda i Praha, men sanneleg kan ein òg få litt av kvart å høyra. Ikkje langt frå der eg sat, var det to ungdommar frå Noreg som òg var på elvetur. Dei snakka høgt om kor intellektuell ein stad som Praha var, og dei var skjønt samde om at draumen var å kunne fortelja folk at dei studerte tsjekkisk, «for å kunne lesa Kafka på originalspråket». Eg hadde ikkje hjarte til å avsløre at Franz Kafka skreiv litteraturen sin på tysk.

Løysingsforfattaren i dag skreiv òg på tysk, men det gjer ikkje Ingebjørg Sogge. Ho skriv: «Det smakar av storfugl i bokjakta denne veka. Thomas Mann flyg høgt i Trollfjellet frå 1924, og avslører eit imponerande oversyn over trekk og tendensar i europeisk borgarleg sivilisasjon på 1900-talet fram mot første verdskrigen. Romanen har vorte omtala som universell, altomfattande. Det er ikkje for mykje sagt. Her blir det filosofert over kunst og kultur, politikk, nasjonalisme og andre ideologiar i tida, medisin, psykoanalyse og alternative vegar inn i det underbevisste (danske Ellen Brand er medium i ein spiritistisk seanse), over sjukdom og død, tid og eksistens. Boka er med andre ord både ambisiøs, lærd og kompleks, men til dei som ymta om at dette vart vel mykje å bite i, skal forfattaren ha sagt: Les to gonger! Midt oppi dette mylderet har Mann plassert antihelten Hans Castorp, som blir såldet alle ideane blir sila gjennom. Han skal besøke søskenbarnet sitt på tuberkulosesanatoriet Berghof i Alpane, men blir bergteken(!) av menneske og miljø i denne særeigne miniatyrverda, og maktar ikkje å komma seg derifrå før sju år har gått og verdskrigen er eit faktum. Vi taper han av syne på slagmarka der han går ein uviss lagnad i møte. Det ligg på mange måtar nært å lese Trollfjellet som ei undersøking av kva for destruktive krefter som låg latent i datidas tilsynelatande humanistiske samfunn, kimane til det store sivilisasjonssamanbrotet i Europa i byrjinga av førre hundreåret.»

Ågjetne Olav Molven skriv: «Då eg åt middag i dag, saman med ein medisinmann og kona hans, kunne gubben fortelje at han har fleire fagfellar som stendig er på plass i spalta. Dessutan kjende denne velvyrde medetaren min til Thomas Mann og Trollfjellet. Far min las Thomas Mann, Huset Buddenbrook, kan eg hugse – utan at eg på noko vis fekk ta del i soga. Det var berre slik; ungar trong ikkje stige inn i den litterære vaksenverda før etter konfirmasjonen ein gong. Både (Paul) Thomas og broren (Luiz) Heinrich vart forfattarar i ung alder av di dei arva dugleg. Såleis kunne dei leve sutlaust i pengevegen. Dei hadde eit greitt yrkesval. Hans Castorp er hovudpersonen i Trollfjellet. Han vitjar fetteren, som held til i eit lungesanatorium i Davos, for så å bli verande der i sju år. Der lærer Castorp om mellom anna sjukdom, død og erotikk. Litt av eit sjukebesøk!»

Desse klarte å trolle fram løysinga på oppgåve 1358: Laurits Killingbergtrø, Vigdis Hegna Myrvang, Eli Hegna, Gunn og Jacob Bull-Berg, Gunder Runde, Else Gjesdahl Sørensen, Truls Songstad, Torleiv Kløve, Jan Alfred Sørensen, Else Bovim, Bjørn Myrvang, Signar Myrvang, Per Skjæveland, Tor Inge Myren, Per Trygve Karstensen, Audun Gjengedal, Odd Storsæter, Jorunn Røyset, Inger Anne Hammervoll, Turid Tirevold, Marit Lindberg, Rannveig Nordhagen, Gunnar Bæra, Fritjof Lampe, Christopher Messelt, Olav Molven, Nils Ottesen, Gjertrud Fanebust, Petter Kristensen, Ingebjørg Sogge, Ove Bjørkhaug, Inger Margrethe Berge, Kjell Helge Moe, Ingvar Engen, Berit Horsberg, Truls Johan Horsberg Hoff, Eva Sunde, Torleik Stegane, Eirik Holten, Sjur Joakim Fretheim, Robert Øfsti og Tvillingene. Bokvinnar denne gongen er Ove Bjørkhaug. Gratulerer!

Klok på bok 1360

Ho drog frå Washington til Wyoming, frå Wyoming til Virginia og så hadde ho ei slags kjensle av at ho aldri hadde vore i Washington endå ho sjølvsagt hadde og så drog ho dit igjen.

Ho sa at ho berre skulle dit for å sjå kvifor dei gret.

Det er nemleg det dei gjer der.

Sitatet finn me på side 46 i boklækjarutgåva (1995). På originalspråket kom romanen ut fyrste gong under den andre verdskrigen. Me må tru at forfattaren har sove svært godt. Då hovudpersonen i boka var nesten 16 år gamal, hadde ho ein hund. Før eg godkjenner svaret, vil eg ha namnet på denne hunden. Send namn på hund, på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 27. oktober.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis