Viktig
Kva heiter verdas mest kjende trillingar – Ole, Dole og Doffen – på hebraisk?
Jo, Eedo, Deedo og Yoo.
Det bør du vite viss du skal til Israel og sjå ESC neste vår.
Dagens doble
Kor mange ord inneheld «Nocturne», som Noreg vann ESC med i 1995, og kor mange gonger har Noreg hamna på sisteplass?
Svar nedst på sida.
Havfrua
Då eg var i København helga før ESC, ville eg sjå den berømte havfrua, som eg har sett tusen bilete av. Eg jogga rundt og leita lenge, og fann henne til slutt. Men jøye meg, kor skuffande. Enten lyg bileta, eller så har ho tapt seg veldig.
Irriterande nynorsk
Vi såg så mange hovudverk
at vi fekk hovudverk.
Fælt homonym
Han hadde ei fæl mine
i ansiktet.
Oppgåvesvar
24 ord og ni gonger (1963, -69, -74, -76, -78, -81, -90, -97 og 2001). Svarte du riktig? Då får du premie: ein suveren View-Master 3-dimensjonal kikkert. «Et mer realistisk bilde av heltene dine får du neppe!»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Viktig
Kva heiter verdas mest kjende trillingar – Ole, Dole og Doffen – på hebraisk?
Jo, Eedo, Deedo og Yoo.
Det bør du vite viss du skal til Israel og sjå ESC neste vår.
Dagens doble
Kor mange ord inneheld «Nocturne», som Noreg vann ESC med i 1995, og kor mange gonger har Noreg hamna på sisteplass?
Svar nedst på sida.
Havfrua
Då eg var i København helga før ESC, ville eg sjå den berømte havfrua, som eg har sett tusen bilete av. Eg jogga rundt og leita lenge, og fann henne til slutt. Men jøye meg, kor skuffande. Enten lyg bileta, eller så har ho tapt seg veldig.
Irriterande nynorsk
Vi såg så mange hovudverk
at vi fekk hovudverk.
Fælt homonym
Han hadde ei fæl mine
i ansiktet.
Oppgåvesvar
24 ord og ni gonger (1963, -69, -74, -76, -78, -81, -90, -97 og 2001). Svarte du riktig? Då får du premie: ein suveren View-Master 3-dimensjonal kikkert. «Et mer realistisk bilde av heltene dine får du neppe!»
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?