Ville Vestland
Mykje tyder på at mange av oss kjem gjennom februar månad utan å få altfor djupe merke av han. Kan hende finst det til og med folk som sit med ei kjensle av at det gjekk fort frå fyrste februar til fyrste mars. Eit augekast på kalenderen er nok til at me tilrår å feste lit til desse kjenslene. I kommande veke kjem perioden som lagar overgangen mellom vinter og sommar. Straks kjem våren! Her i bokstova vil me ikkje krenkje dei andre årstidene. Når verda no vaknar, når naturen skal til å blomstre og tilværet verte varmare, vil me difor takke vinteren for innsatsen. Takk for ingenting.
Herifrå skal me ikkje nord og ned, men rett vest og til løysingsboka denne gongen. Ingebjørg Sogge skriv: «Humorbomba Vestlandet av Erlend O. Nødtvedt er ei samanhengande latterkule frå første til siste side. Denne fornøyelege reiseromanen utspelar seg på tronge og rasfarlege vestlandsvegar, og byr på ein munter miks av ufordragelege austlendingar, kjekke vestlendingar, ferjer og tunellar, skrøner og eplesider, ein to hundre år gammal hovudskalle og Olav H. Hauge, regn og motvind, ei geit i ein nikotingul Toyota Camry, nynorsk og bokmål, sleivspark og satire og mange andre innfall og utfall. Korleis dette heng saman? Det lar seg ikkje utan vidare referere, til det er påfunna for talrike og sprelske. Men eg kan love at ’vägen er mödan värd’, som Karin Boye seier. Og aldri har det vore sannare at vegen er målet. Les og le!»
Jens Erik Romslo skriv: «Jippi! Denne gangen kom svaret til meg med en gang oppgaven var lest. Boklækjaren vil frem til et fantastisk, ja, et enestående åndsverk. Erlend O. Nødtvedt, fra Fyllingsdalen i Bergen, debuterte med diktsamlingen Harudes i 2008, men det var først i 2017 han ga ut sin første roman – og det var ikke hvilken som helst bok. Vestlandet er et ganske vilt, men rasende morsomt portrett av natur, mennesker og Vestlandet. Poeten og billedkunstneren som spinner på kryss og tvers rundt på Vestlandet, må ha hatt en makeløs reise. Jeg glemmer aldri innbruddet svirebrødrene gjennomførte i Hardanger, nærmere bestemt i kjelleren til Olav H. Hauge. Sideren de etter hvert fikk tak i, smakte helt sikkert fortreffelig. Boklækjaren har nok selv smakt på edle dråper i Ulvik og vet hva jeg snakker om.»
Petter Kristensen skriv: «En av de mest løsslupne og underholdende bøkene jeg har lest på lang, lang tid, der Erlend og Yngve raser rundt på Vestlandet. For en østlending som meg var det komplisert å følge med på reiseruta, så jeg fulgte med på ferden ved hjelp av Google maps. Anbefales! Med så mye verdifull geografisk og kulturell kunnskap burde boka være obligatorisk lesing for østlendinger – et Kpb-høydepunkt som Medikus Libri fortjener mye ros for!»
Dei kvasse på Fana skriv: «Me vart glade for å sjå at det er biblioteka i Bergen sin eigen huspoet Erlend O. Nødtvedt som er svaret på oppgåva.»
Desse køyrde seg ikkje fast, men styrte fint fram til rett svar på oppgåve 1518: Signar Myrvang, Eli Winjum, Ane Landøy, Atle Aas, Jorunn Røyset, Vigdis Hegna Myrvang, Skeisebibliotekaren i LASK, Fritjof Lampe, Inger Loneland, Ingebjørg Sogge, Nils Farstad, Ole Husby, Bjørn Myrvang, Synnøve og Odd Kåre på Paradis, Jens Erik Romslo, Inger Anne Hammervoll, Oddlaug Bringe Walaker, Torbjørn Ohnstad Skaim, Laurits Killingbergtrø, Ole G. Evensen, Ragnhild Eggen, Harald Brynjulfsen, Svanlaug Takle, Kjell M. Brygfjeld, Anne-Kine Brekke Jørgensen, Erling Berstad, Eli Hegna, Gunder Runde, Inge Strand, Sjur Joakim Fretheim, Hallgeir Dale, Marta Kløve Juuhl, Audun Gjengedal, Kristian Myklebust, Brith Stensen, Folke Kjelleberg, Jorunn Øxnevad Lie, Anne Marie Havnelid, Joy Kvamme og Ingvar Nistad, Laura Killingbergtrø, Kristin Flo, Øyvind Glosvik, Oddny Ystanes, Yngve Skjæveland, Arne Thorvik, Olav Holten, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Svein Heggheim, Kjell Helge Moe, Magnhild Reisæter, Janneken Øverland, Petter Kristensen, Olav B. Larsen, Sigrun Gjengedal Ruud, Reidar Birkeland, Gunnar Eide, Else Gjesdahl Sørensen, Lise Haaland, Kirsten Bakke, Jan Alfred Sørensen, Atle Jan Røyrvik, Jorunn Kleppe, Aning og Dreis, Solrun Haukedalen, Dei kvasse på Fana, Jan Erik Røed, Per Trygve Karstensen, Inger Margrethe Berge, Anne Berit Skaarer, Robert Øfsti, Knut Jarbo og Torleik Stegane. I dag heiter bokvinnaren Svanlaug Takle. Gratulerer!
Klok på bok 1520
Han løper ned trappene, og han kjenner seg kanskje veldig dum, eller veldig lettet, av og til kan man jo også bli lettet av at ting ikke ble noe av likevel, for det var vel ingen stor ting dette her, hva?
Sitatet er frå s. 177–178 i boklækjarutgåva (2021). Me skal fram til ein roman som her heime vart nominert til fleire fine prisar, og som etter kvart kjem til å kome ut i utlandet. Forfattaren er fødd i eit år då Nordisk råds litteraturpris gjekk til ein svensk forfattar. Send namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 5. mars.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.