JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Ordskiftedommarane

Faktasjekkprosjektet Faktisk kjem venteleg snøgt til å gli frå leksikalske sanningar til politiske synspunkt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
FAKTISK: Frå venstre framme Jari Bakken, Kristoffer Egeberg (leiar), Silje Sjursen Skiphamn og Bjørn Reitzer. Bak: Gunn Kari Hegvik, Ola Strømman og Ingrid Reime.  Foto: Tore Kristiansen, VG / NTB scanpix

Foto: Tore Kristiansen, VG/NTB scanpix

9093
20170331

Bakgrunn

Faktisk skal «faktasjekke det offentlige ordskiftet og avdekke falske nyheter som sprer seg i det norske samfunnet».

Faktisk er eit samarbeid mellom Dagbladet, VG og NRK. Fritt Ord, Stiftelsen Tinius, Dagbladets Stiftelse og NRK stør prosjektet med åtte millionar kroner i oppstarten.

Det såkalla faktasjekkprosjektet Faktisk, som NRK, Dagbladet og VG har gått saman om, kjem til å oppnå nett det dei på pressekonferansen 21. mars sa dei ville hindra, nemleg at det norske ordskiftet blir enda meir polarisert enn det er i dag. Det vil ikkje gå slik fordi Faktisk-staben kjem til å gjera ein dårleg jobb, men fordi sjølvutnemnde dommarposisjonar ikkje kan anna enn å forverra eit debattklima.

Men er det ikkje berre fakta dei skal sjekke? Det er ikkje heilt klart. Men ein føresetnad for å lukkast med eit prosjekt som skal sjekka at andre snakkar sant, må vere at ein sjølv står fram så ope at det ikkje kan vere tvil om kva ein vil. Men det fyrste som slår ein med Faktisk-prosjektet, er at dei ikkje veit kva dei skal, eller løyner motiva sine, eller ikkje uttrykkjer seg klart nok.

Falske nyhende

Om det er pressa dei skal faktasjekke, må ein spørje om prosjektet trengst, for det pressa driv med, er jo nett å presentera lesarane for faktiske nyhende og truverdig – redaksjonelt faktasjekka kommentarar. Trengst det ein eigen organisasjon for å sjekke pressa, vil det seie at vi ikkje kan lite på det som står i avisene, og at redaksjonane ikkje gjer jobben sin. Så om det er her Faktisk skal gå inn, seier dei: Ikkje tru på det du les i Dagbladet og VG og på nettsida til NRK. Kvifor skal vi då tru på Faktisk, laga av dei same presseorgana?

«VG, Dagbladet og NRK går sammen for å ta knekken på falske nyheter», var overskrifta på VGs reportasje frå pressekonferansen. Kanskje det då likevel ikkje er faktafeil i presseoppslaga som skal finnast, men ekte «falskt nyhende». Men slike falske nyhende er ikkje noko stort problem i norsk presse.

Ekte fake news er ei såkalla «avisand», det vil seie eit medvite oppdikta nyhende spreidd i pressa. Eit døme er reportasjen om «FBI-agenten Michael Brown» og kona hans som skulle ha blitt myrda av Hillary Clintons leigemordarar som hemn for e-postlekkasjar. Denne oppdikta historia dukka opp på den oppdikta nyhendesida «Denver Guardian» rett før det amerikanske presidentvalet, og vart delt 560.000 gongar på Facebook som ekte nyhende. Men historia vart ikkje eingong omtala i norske aviser.

Eit anna kjent, falskt nyhende, som nokon føretrekkjer å kalla ein «konspirasjonsteori», var den såkalla «pizzagate», der det vart hevda og trudd at dei lekka e-breva til leiaren for Hillary Clintons valkampanje, John Podesta, inneheldt koda meldingar knytte til ein satanisk pedofiliring, og at New York-politiet hadde ransaka eigedomen til Hillary Clinton for å finna prov på dei organiserte brotsverka, som skulle ha sentralen sin i pizzarestauranten Comet Ping Pong i New York.

Den oppdikta historia flaug over heile verda og nådde klimaks då Edgar Maddison Welch, ein ung mann frå North Carolina, skaut seg inn i restauranten for å rydda opp i saka, utan å finne misbrukte born i kjellaren. Men i Noreg vart saka aldri omtala som noko anna enn amerikansk galskap.

Så lite omfang som ekte «falske nyhende» har i norsk presse, kan ein ikkje tru at det har motivert dei store mediehusa til å byggja opp eit svært og kostbart apparat mot dei. Det er heller ikkje i pressa, men på Facebook at falske nyhende vert spreidde. Når ein les og høyrer intervju med Faktisk-folka, merker ein òg fort at dei ikkje er særleg interesserte i pressa. Det er ordskiftet dei er opptekne av. Dei vil «faktasjekke det politiske ordskiftet», seier dei.

Rydding på Facebook

Det vil seie at dei vil inn og rydde opp der det offentlege ordskiftet no først og fremst held til, nemleg på sosiale medium, ikkje minst Facebook og Twitter: «Vi skal faktasjekke påstander, poster og saker i sosiale medier, spesielt de postene og sakene som trender. Vi skal faktasjekke debatter og kommentarer som får stor oppmerksomhet», heiter det i VGs referat frå pressekonferansen.

At det er sosiale medium som er den hovudarenaen Faktisk sikter seg inn på, ser ein òg av heimesida deira, som er prega av fem bilete av iPhone-apparat, opna på Facebook og Twitter, der vi ser ei Twitter-melding frå Donald Trump påført meldinga «Faktisk ikke sikkert».

Det er faktisk Trump som har skulda for Faktisk. På pressekonferansen vart det sagt av fleire at motivasjonen for prosjektet kom frå den amerikanske valkampen. Stiftarane av Faktisk vart skremde av polariseringa i USA, av usanninga i utspela til Trump, og meiner at slik politisk stil og polarisering er eit trugsmål mot «hele samfunnsmodellen vår». Rett nok er dette ikkje eit så stort problem i Noreg som det er i USA. Hos oss er polariseringa berre eit problem «i noen kretser», vart det sagt, utan nærare adresse. No skal Faktisk hindra at slik polarisering skal få utvikla seg her hos oss.

I praksis tyder dette at Faktisk må melde seg inn i dei diskusjonane der folk står tvert mot kvarandre, der retorikken er hard og der polariseringa skjer, og det er først og fremst på område som innvandring, islam, terror, Israel, populisme, kjønnspolitikk, nasjonalisme og klima. Faktisk må såleis ha teke mål av seg til å bli ein innvandrings- og islamfaktor på Facebook og Twitter. Og dei vil gå inn i ordskiftet om klimaskepsis, kjønnsforsking og etnisitet.

Fakta og interesser

Men kva er det dei skal «faktasjekke» her? Det kan vere slik resirkulering av tvilsame videoar som oljeminister Søviknes nyleg vart tatt for, der overgrep mot born vert framstilt som typisk islamsk veremåte, utan å nemne at videoen førte til rettssak og straff. Eller det kan vere spreiing av falske bilete, som til dømes det kjende biletet henta frå spelefilmen Kingdom of Ants, som i årevis har gått for å vise ein palestinsk gut skoten i hjarta av israelske soldatar under den fyrste intifadaen mellom 1987 og 1993.

Skal Faktisk gjere nytte for seg, må dei halde seg til å korrigere «nyhende» som alle nokolunde fornuftige menneske er samd i er falske. Men vil staben i Faktisk nytte all tida si til å støvsuge sosiale medium for slike forfalskingar og leggja inn kommentar kvar gong dei finn dei, og såleis nøye seg med å gjera gode gjerningar i det stille?

Røynda frå USA syner at faktasjekkarane ikkje held seg til slike faktiske feil og reint leksikalske rettingar. Dei går inn i ordskifta og feller dommar der det ikkje lenger er klårt kva fakta er, slik at «faktasjekken» i røynda vert eit debattinnlegg, men frå ein debattant som utgjer seg for å vera nøytral domar.

Frå den amerikanske faktasjekkaren Politifact var det under valkampen i fjor lett å finne faktasjekkar som i røynda var politiserande innlegg, som til dømes om Trump hadde rett i at Hillary Clinton ville ha opne grenser eller ikkje, ei sak som ikkje kunne få noka leksikalsk avgjerd, sidan Clinton i ei personleg melding til den brasilianske banken Banci Itau hadde sagt at «draumen min er ein hemisfærisk fellesmarknad med fri handel og opne grenser», men seinare påstod at ho berre hadde snakka om ei felles elektrisitetsforsyning.

Men idet Faktisk venteleg snøgt kjem til å gli frå leksikalske sanningar til politiske synspunkt, vil dei hamne i eit kvefsebol av lidenskapar som ikkje bryr seg om fakta. Dei som unnfanga ideen om Faktisk, seier rett ut at dei trur faktasjekk kan hindra polarisering. Det vil seie at dei ikkje reknar med skilnadane mellom menneske i bakgrunn, klasse, bustad, inntekt, interesser og perspektiv.

Dei trur alle er som dei sjølve, berre med «alternative fakta», som så berre kan skiftast ut. Men felt som innvandring, islam, Israel, kjønn, nasjonalisme og så bortetter vert ikkje polariserte fordi folk er feilinformerte, men fordi folk ikkje har felles interesser, verdsbilete, perspektiv og bakgrunn. På alle desse områda finst det så mange fakta at ein berre kan nytta dei som passar. Her er det heilt unaudsynt med falske fakta, ein kjem seg kor som helst med rette.

Fatwa med kjeldetilvising

Faktisk kjem til å verta like populært på sosiale medium som ein prelat i full mundur som trengjer seg inn på ein kafé og gjev seg til å rette på synspunkta til gjestene på basis av Den heilage skrifta. Avgjerslene deira kjem til å likna fatwaar med kjeldetilvising. Berre den eine sida i islam- og innvandringsdebatten trur at journalistane frå VG, NRK og Dagbladet vil verta ein nøytral debattdeltakar.

Den sida som i eit par tiår har stått i opposisjon til pressa på desse områda, kjem til å betrakta Faktisk som meir usann, uærleg og partisk enn nokon annan aktør, nett fordi dei tek på seg domarrolla, men ikkje kan unnlata å trekkje med seg tenkjemåte og perspektiv frå dei miljøa dei stig ned frå.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

lunde fornuftige menneske er samd i er falske.

Emneknaggar

Fleire artiklar

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

Alle foto: Frank Furseth

KunstMeldingar

Glede er eit aktivt val

Kva vil det seie å leve eit fullverdig liv? Amerikanske Emilie Louise Gossiaux (f. 1989) utfordrar fordommane våre gjennom ei varm, uvanleg og sterk utstilling.

Eva Furseth

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis