Den utrue vaktbikkja
Pressa nyttar ofte si eiga mediemakt til å jage fram eigne standpunkt og vert såleis sjølv ei ugjennomsiktig samfunnsmakt.
Kommentator Anki Gerharden går mot flokken.
Foto: Privat
Den norske pressa
Innfrir pressa sitt eige samfunnsoppdrag? Kaj Skagen nærles norske aviser.

I Noreg vert pressa kalla «den fjerde statsmakt». Det er eit misvisande og tvitydig omgrep. Samfunnsoppdraget til pressa er ikkje å vere ei ekstra statsmakt i tillegg til storting, regjering og domstolar, men å stå utanfor makta og frå denne frie posisjonen halde oppsikt med mektige institusjonar og personar, og avsløra og redusera korrupsjon og maktmisbruk. I tillegg til denne oppgåva som «vaktbikkje» inngår det i samfunnsoppdraget til pressa å gjere menneske i stand til å ta avgjerder sjølve.
Det er ei grunnidé i det liberale demokratiet at einskildindivida skal tenkje sjølve og ha eigne meiningar på eit så langt som tenleg og mogeleg sams kunnskapsgrunnlag. Ein del av grunnlaget for slik eiga meiningsdanning skaper pressa ved å vere forum for intellektuelle utspel og ordskifte.
Pressa skal gje ei så sann og dekkjande rapportering frå røynda som mogeleg, og ho skal vere agora – eller torg – for samfunnsdebatten.
Forvrenginga
Men pressa kan kome til å trivast for vel i rolla som «vaktbikkje» overfor samfunnsmaktene. Mediemakta kan nyttast i utide, til dømes slik at små feiltrinn hos ein framståande politikar vert blåsne opp til ein svær skandale. Pressa kan kjenne nyting i eiga makt og late seg freiste til å ta lettare på sanninga berre for å få kjenne betre på det å vere overlegen, og pressas trong til å skape store sensasjonar kan gjere henne lett å utnytte av politiske aktørar som anonymt plantar giftig informasjon om motstandarane. Då kan pressa sjølv verte til ei misbrukt og korrupt samfunnsmakt.
Òg i opplysningsoppdraget ligg ei fallgruve. I eit moderne liberalt demokrati skal ikkje pressa oppfatte seg som ein folkeopplysar i eit barbarisk mørker, men som ein tenar for myndige menneske. Men om pressa heller køyrer fram eigne meiningar og stør oppunder desse med reportasjar og intervju som heile tida favoriserer det redaksjonelle standpunktet, får ikkje lesarane noko grunnlag for eiga vurdering, men vert ført bak ljoset av dei som skulle vere opplysarar. Derfor er det sikrare for pressa å sjå seg sjølv som torg for offentleg samtale, enn som faneberar for sanninga.
Ein annan grunn til at pressa lyt leggje meir vekt på å vere ein arena for intellektuelle utanfor redaksjonane, eller trekke inn medarbeidarar som ikkje har berre journalistutdanning, er at ein ikkje kvalifiserer seg til samfunnskommentar gjennom journalistutdanning.
Til dette må ein ha eit anna slags talent og ein eigen kompetanse gjennom fagutdanning, forsking, kunstnarleg virke eller livspraksis. Ein hær av journalistar flytta over i kommentaravdelinga kan redusera det faglege nivået på pressekommentarane og bidra til at pressemiljøa okkuperer det offentlege rommet for seg sjølve.
Funne saman
Fram til 1970- og 80-talet var fleire norske aviser eigde av eller på anna vis knytte til bestemte politiske parti. I dag er dei alle partipolitisk uavhengige. Men det er ikkje sikkert at den partipolitiske fridomen har skapt større mangfald. I mange saker, som til dømes innvandringssaka eller kulturradikale kampsaker som abort, barnehagar og likekjønna ekteskap, har pressa som regel funne saman på tvers av alle dei gamle partiskilja.
Kombinasjonen av partipolitisk sjølvstende og partisympatiar mellom journalistane, der 53,5 prosent røystar sosialistisk og heile 68,7 prosent stør ein raudgrøn koalisjon inklusive Miljøpartiet, gjev ingen garanti for ei fleirstemmig presse.
Ofte nyttar pressa si uavhengige rolle og den partipolitiske fridomen nett til sjølv å handla som eit politisk parti som pressar gjennom sakene sine. Eit godt døme på korleis dette skjer, har vi i Verdens Gangs reportasjar om korleis utanlandsk politi etterforskar pedofilinettverk.
Som det gjekk fram av artikkelen «Dei reine hendene», som eg skreiv her i avisa for eit par veker sidan, er det lett å grunngi andre standpunkt i saka enn den redaksjonelle lina i VG. Det hindra ikkje redaksjonen i å køyre heile 14 artiklar og reportasjar retta mot det australske politiet i dei tre vekene frå 7. oktober til 28. oktober, alle med same tendens og så å seie blotta for motførestillingar.
Går ein attende til 1990, finn ein eit anna døme på denne presseframferda i åtaket på dåverande statsminister Jan P. Syse (H). I røynda var Syse ein tvers gjennom heiderleg mann, heilt reinsa for korrupsjon. Likevel vart nokre mindre avvik i samband med rekneskapsinnlevering for to bygardar der han sjølv og andre familiemedlemer budde, nytta til å framstille han nærast som ein kriminell person.
Stavanger-juristen Eivind Kalvatn har skildra og analysert mellom anna Syse-saka i mastergradsoppgåva Når de mektige blir maktesløse frå 2006. Her syner han korleis VG og Dagbladet i ei rekke oppslag framstilte Syse som «en finansakrobat som ved å operere helt på kanten av loven flere ganger har kunnet ta ut skattefrie gevinster», og skreiv at han var «en mann som brukte sitt store nettverk av mektige venner til egen fordel».
Til sist meinte VG og Dagbladet at Syse ikkje hadde det moralske nivået som ein måtte krevje av ein statsminister. Men rettsleg førte ingen av dei alvorlege skuldingane i pressa til noko. Retten avviste skuldinga om ulovleg bustadaksjeselskap; inga styresmakt fann grunn til ilegging av arveavgift eller dokumentavgift; riksadvokaten og skattedirektøren fann ikkje noko forhold i Syse-saka som kravde etterforsking.
Lada språkbruk
Eit tredje døme på pressa som politisk aktør er handsaminga av ei vanskeleg sak som kjønnsskifte. Nesten utan unnatak presenterer pressa såkalla «kjønnskorrigering» som ei lukkeleg og uproblematisk løysing på eit klart og elles uløyseleg personleg problem. I Aftenposten-spalta «Medierevisjonen» 10. mai 2017 skreiv Anki Gerhardsen at «norsk presse har bare én måte å dekke det transseksuelle feltet på: Dyrking av stereotyper og servil feiring av alvorlig medisinsk behandling av barn».
Pressa unnlèt å undersøkje kva vi eigenleg veit om «transseksualitet» og om dei langsiktige verknader av omfattande hormonell og kirurgisk behandling. I dekkinga av dette feltet stiller journalistane aldri kritiske spørsmål til representantane for foreininga for transpersonar, sjølv om denne foreininga er ein «markant politisk aktør». Det er berre dei som «feirar kjønnsskiftet» som vert intervjua, skriv Anki Gerhardsen.
Det verkar som ein korrekt observasjon. Pressa har ukritisk tatt over omgrepet «født i feil kropp» og nyttar det utan hermeteikn som ei vitskapleg nemning på ein medisinsk tilstand som kan verifiserast, utan å stille spørsmål om korleis det kan vere mogeleg å verte fødd inn i ein annan kropp enn sin eigen. Ideen om å vere «fødd i feil kropp» antydar ein dualisme mellom kropp og sjel, der sjela ved eit mistak tek bustad i feil kropp, og at dette mistaket kan rettast opp ved å endre kroppen slik at han harmonerer betre med sjela.
Her handlar det om ein lada språkbruk som framstiller noko uvisst og vanskeleg som enkelt og sjølvsagt, som når Drammens Tidende 22. september presenterer lesarane for ein namngjeven person «som er født i feil kropp» like sjølvsagt som om dei skulle ha skrive at han var frå Hokksund. Den 22. september slo Dagsavisen opp på førstesida nyhendet om ein «eksplosiv» auke i at «barn fødes i feil kropp», dei fleste er «gutter ’født i jentekropp’», utan at ideen om at det skal finnast ei ikkje-kroppsleg sjel med eit ikkje-kroppsleg kjønn, vert forklart nærare.
Kampanjepressa
Ved slike høve som er nemnde ovanfor, nyttar pressa mediemakta si til å jage fram eigne standpunkt og sjølv verte ei ugjennomsiktig samfunnsmakt. Gjennom å drive kampanjar for redaksjonelle standpunkt der andre synsmåtar kan grunngjevast like godt eller betre, undergrev pressa det opplyste ordskiftet. Med skandalejournalistikk som urettvist tek ut einskildpolitikarar, opphevar pressa demokratiske prosessar. Med ideologisk styrte reportasjar vert ålmenta ført bak ljoset.
Meir enn nokon annan samfunnsinstitusjon kan den frie pressa køyre over synspunkt og einskildpersonar redaksjonane ikkje likar. Om pressa samstundes dannar eit felles miljø med ein eigen kultur, kan pressa skifte rolle frå å vere vernet befolkninga har mot makta til å verne makta mot befolkninga. Vaktbikkja vender seg då mot den ho skulle verne.
Kaj Skagen
Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein hær av journalistar flytta over i kommentaravdelinga kan redusera det faglege nivået på pressekommentarane og bidra til at
pressemiljøa okkuperer det offentlege
rommet for seg sjølve.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.