Det beste for oss alle
Ein stad må ein setje foten ned. Like greitt å starte med passet.
To oppslagsverk om islam har eg i heimen. Dei er tydelegvis altfor gamle no: Yves Thoravals Lexikon der islamischen Kultur, 1995, og Dominique og Janine Sourdels Dictionnaire historique de l’islam, 1996. Ingen av dei har oppslagsordet «hijab», og dei gjev elles ikkje diskusjonen om tildekking særleg plass. Det same gjeld andre kulturhistoriske oppslagsverk på papir frå nittiåra.
Dermed kan vi eigentleg i utgangspunktet slå fast at diskusjonen om rolla til hijab i den islamske religionen er særs ny. Eller i alle høve komen til på 2000-talet. Jamvel Unni Wikan har slått fast at spørsmålet om tildekking ikkje er noko tema i Koranen, der heiter det berre at det skal finnast eit slør (eller eit forheng) mellom kjønna når kvinner og menn møtest.
Nyortodoksien
Så dette har ein no i nyortodoksiens namn gjort til eit stort tema, at kvinner berre kan syne fram ovalen av andletet sitt, der ikkje eit hårstrå, ikkje halsen, ikkje øyro, ingenting under haka, kan visast. Då heller ikkje handledane og oklene, sjølvsagt.
Det er ganske så klårt at hijab fyrst vart eit stort religiøst tema etter at franske gymnasiastjenter i 1989 ville feire tiårsdagen for Khomeini-revolusjonen i Iran. Dei tok då på seg hijab, etter dei spesifikasjonane som var komne frå områda der Khomeini hadde stor innverknad, og trassa det franske lalcité-påbodet, altså at det ikkje må førekomme religiøse markeringar i offentlege institusjonar i Frankrike. Såleis var ikkje eingong eit gullsmykke med maltesarkross i halsen på ein lærar godteke.
Men så nølte styresmaktene og nytta ikkje lov og tradisjon frå 1905. Nokre resolutte rektorar utviste slike jenter, andre gav dei ein frist til å føye seg, atter andre såg gjennom fingrane med tilstanden. Dermed gjekk det faktisk femten år før regelverket vart innskjerpa, og i den tida, mellom 1989 og 2004, vart det skapt mange merkverdige rørsler for islammarkeringar og konstante krav til utdanningsstyresmaktene.
Som ung student i Paris tidleg i 1980-åra budde eg på hybelhus i Nanterre, der det var svært mange muslimske medstudentar. Etter kvart vart eg kjend med dei og fekk vere med på festane deira. Dei aller fleste svor til praksisen frå nordafrikanske kvinner som kom til Frankrike i sekstiåra: ikkje noko hovudplagg. Somme sterkt religiøse bar skaut innimellom, men dei brydde seg slett ikkje om å dekkje øyro. Skautet kunne ein også sjå på gatene i sjølve Paris, der eg jo var mest dagleg, men det var lausleg omvundne plagg, og å dekkje til øyro var aldri eit tema.
Så er det då vorte eit tema, i seinare tid. Dette svarar til det som den franske statsvitaren Gilles Kepel omtalar som «Guds hemn», altså at dei gudelege kjem attende i alle dei tre monoteistiske religionane og hemnar seg mot liberaliseringa som har skjedd.
Reaksjonært
Dagsrevyen låner seg fritt til tanken om at det er undertrykking om muslimske kvinner må syne øyro sine ved passfoto, og partiet SV, som elles er kjent for sine kampar for kvinnerettferd, står fram og seier at muslimske kvinner må sleppe å syne øyro når dei skal ta passfoto.
I must humbly beg to differ. Denne veklagen er endå ei ny omdreiing i nyortodoksien. Det er, etter alt som har hendt, kan hende forståeleg at SV meiner reaksjonær politikk er den einaste verkelege politikken, men det er ikkje klokt. Då eg var ung student i Paris, var det mest aldri ein hijab å sjå i gatene. Eldre nordafrikanske kvinner hadde kanskje skaut, men desse hovudplagga kunne då likså gjerne gå attom øyro. Elles er det skrive avhandlingar og bøker om korleis algeriske kvinner som kom til Frankrike i 1960-åra, tykte det var frigjerande å få kaste hovudplagget og sleppe den strenge sosiale kontrollen.
Ja, så meiner altså nokre unge kvinner at dei vert krenkte av å syne fram øyro på passbiletet. Dei vil gjerne berre vise andletsovalen sin, og hals og nakke og hår skal vere skjulte. Det sjenerer ikkje meg at kvinner går med hijab. Optikaren min brukar hijab, og ho er særs dyktig og omgjengeleg. Det sjenerer meg derimot dersom vi skal endre reglane våre for attkjenning på pass, sjølv om vi har strengare reglar enn mange andre land, av di nokre aktivistiske religiøse kvinner meiner at vi skal det.
Krossen
Då vil uniformsreglementa vere det neste ein går til åtak på. For min del må ein gjerne klippe krossen av rikseplet på politiuniforma, sjølv om Grunnlova faktisk krev at statsoverhovudet vårt må vere medlem av Den norske kyrkja. Men eg vil ikkje ha det slik at hovudplagg eller andre merke, om det så er krossar i halsen, skal få meg til å undrast på om eg vil verte teken alvorleg nok når eg talar med ein polititenesteperson, til dømes. Eller ein lækjar. Eller kva som helst.
Det er ein annan debatt, ja. Men ein stad må ein setje foten ned. Like greitt å starte med passet: Det må ikkje vere tale om å lage særreglar for særskilde religiøse grupperingar når det gjeld identifiseringa av ein norsk person i passet. Er reglane i strengaste laget, så lat dei vere det. Det er til beste for oss alle.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hijab vart fyrst eit stort religiøst tema etter at franske gymnasiastjenter i 1989 ville feire tiårsdagen for Khomeini-revolusjonen i Iran.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen