EAT – frå Borgström til Rockström
Treng vi alle ei anna forteljing om jordbruket?
Johan Rockström er blitt verdskjend for ideane om planetariske grenser.
Foto: Eric Risberg / AP Photo / NTB scanpix
Det heiter ikkje miljøet no lenger, men jordsystemet. Inga moder jord eller Gaia, men inkjekjønn og like kjenslelaust.
Med sine energi- og stoffstraumar ligg jordsystemet til grunn for klimamodellane. At vi påverkar jordsystemet, har blitt til tidsepoken vi kallar menneskets tidsalder, eller antropocen, der år 0 som regel er kring 1800, då den industrielle revolusjonen og bruken av fossil energi tok av. Svensken Johan Rockström er sidan 2009 blitt verdskjend for ideane om planetariske grenser som vi må respektere. Vi må semjast om ein slags global «handlingsregel» med kvantitative forpliktande mål for kor langt vi kan gå, før jordsystemet tippar for oss. Rockström var med på EAT-lanseringa den 17. januar, og desse ideane gjennomsyrar EAT-rapporten.
Det er ikkje berre namnet som gjev assosiasjonar til Georg Borgström (1912–1990), 60-åras store miljøprofet som skreiv om matvareforsyninga i verda. Med boktitlar som Mat for milliarder (1963) og Fem over tolv? (1971) prega han norsk og internasjonal debatt. Med uttrykket «skuggeareal» – det å produsere mat bygd på kraftfôr frå fattige land – føregreip han det vi i dag kallar økologiske fotavtrykk. Som dommedagsprofet feilvurderte han så grovt den grøne revolusjonen at han blei gløymd – men bodskapen liknar mykje på EAT.
Grenser
Utgangspunktet til Rockström er det uvanleg gunstige klimaet jordsystemet har unnt oss dei siste 10.000 åra – i holocen. Det er vi i ferd med å drive ut av balanse om vi ikkje snarast set grenser. I alt ni grenser vert talfesta i modellen. For kvar blir det sett eit «naturleg» eller «grønt» nivå, ei gul faresone og så raudt, der grensa til jordsystemet er overskriden. Det er tilfellet for bruken av nitrogen og fosfor (mest i jordbruket) og tap av biologisk mangfald. Det brenn gult for endringar i bruk av land (rydding av skog, nedbygging) og klimaendring. Sidan «alt heng i hop», blir alle utsleppa frå endra bruk av land – av klimagassar som næringsstoff – raust skrivne på jordbrukets rekning. Dermed blir det den største syndaren, ikkje til dømes transport.
Blinkskot
Det som likevel fekk mest merksemd i vinter, var kosthaldet EAT tilrår. Her har dei skote blink ved å alliere seg med økologen David Tilman. Han har peika på at vi best løyser floken av miljø, matmengd og helse ved å løyse dei samtidig. Om mange fann EAT-dietten heller skrinn, seier han i kortform: Et sunt og friskmeld kloden.
Men at dei knappe kaloriane kjem av dei «planetariske grensene», har gått dei fleste forbi. «Grønt» nivå for nitrogengjødsel (inkludert belgvekstar) tilseier at vi må ned att til halvparten av dagens forbruk. EAT kan strekkje grensa langt dersom gjødsla blir betre brukt, det vil seie frå overforbrukande jordbruk til utmagra jord i til dømes Afrika. Då vil ho sjølvsagt ha større nytte. At innhaldet av CO2 skal ned att til 350 ppm, vil heller ikkje stimulere fotosyntesen. Planteproduksjonen må altså ned, så skal vi få nok, må kosthaldet bli magrare.
Ein svir
Held vi oss derimot innanfor grensene, har vi med Rockströms ord eit trygt handlingsrom for menneska. Men kvifor har jordsystemet i 10.000 år unnt oss eit så godt klima? Geofysisk skulle vi nemleg vore i nedkjølinga mot ei ny istid. Studerer vi tider som vår gjennom 800.000 år, til dømes i isen i Antarktis, låg jordsystemet til lenge før 1800 høgare i CO2 og metan. Dette må – er det sagt – ha naturlege grunnar. Menneska har vore for få og arealbruken for sparsam, med eitt hektar rekna til kvar. Den menneskeskapte drivhuseffekten skriv seg frå fossil brensle, som tok til rundt 1800.
Gjennom års arbeid med kornhistoria har eg ikkje heilt skjøna kvifor ikkje antropocen tek til med jordbruket! Då er det ein svir å koma over geofysikarar som W.F. Ruddiman og E.C. Ellis, som hevdar nett det. Ingen tidlegare mellomistider liknar vår! Om vi reknar med den nedgangen i CO2 og metan som vi normalt skulle venta, blir avviket dobbelt så stort. Dette kan ikkje eg vurdere, men for ein annan på laget, arkeobotanikaren Dorian Q. Fuller, har eg bergfast respekt. Han hevdar at endringane i «bruk av land» har vore store heilt sidan jegerfolka sveid av store vidder. Heilt eller delvis utrydda villdyr blei erstatta med tamdyr, svibruk av beite og åker og rismarker. Då utbyttet auka, steig folketalet. Då det blei for lågt, skjedde det nyvinningar som løyste folk or knipa – for ei tid. Arealet til kvar har heile tida minka. Auken i CO2 og metan skriv seg altså frå ein menneskeskapt drivhuseffekt gjennom 5000–7000 år, som har utsett (?) nedkjølinga av jordsystemet. Utan den ville isen no ha lagt seg godt nedover Atlanteren. At vi slepp det, kan vi altså takke jordbrukets stadig meir intensive «bruk av land» for.
Eit heilt anna bilete
Det gjer ikkje at vi kan ta lett på den forsterka oppvarminga no. Tvert imot går ho altfor fort, men vi får eit heilt anna bilete av menneskets tidsalder. Den industrielle revolusjonen tok ikkje til med ein «naturtilstand» anno 1800 som vi no må gjenskape gjennom rigide «planetariske grenser». Kan den vesle istida (1300–1850), ei tid då folk, med Hans Roslings ord, «døydde av økologisk balanse», ha snudd mellom anna på grunn av utslepp? I Europa (og på den nordlege halvkula) har store vidder grodd att dei siste 100 åra, takk vera intensivert arealbruk med belgvekstar, kunstgjødsel og fossil energi. Frankrike, Europas største kornprodusent, har halvert kornareala sidan 1870, og ulven er attende i halve landet.
Borgström forstod ikkje intensiveringa som kom med den grøne revolusjonen. Bommar Rockström tilsvarande med «grensene» i ei tid med presisjonsjordbruk, algedyrking, bioreaktorar og sterk intensivering?
Åsmund Bjørnstad
Åsmund Bjørnstad er professor i planteforedling, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At vi påverkar jordsystemet, har blitt til
tidsrekninga menneskets tidsalder.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.