Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Eit spørsmål om matematikk

Korkje Yngve Slyngstad eller Nicolai Tangen er dei rette for Oljefondet. Det burde Øystein Olsen ha forstått, og difor bør alle tre no ut av Noregs Bank.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
LUKKELEGE DAGAR: 26. mars vart Nicolai Tangen presentert på storskjerm som ny sjef for Statens pensjonsfond utland, og avtroppande leiar Yngve Slyngstad stod for presentasjonen. Seinare vart alt så vanskeleg.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

5317
20200515
5317
20200515

Kommentar

jon@dagogtid.no

På HBO ligg det ein nydeleg dokumentar om verdas gjennom tidene fremste aksjeanalytikar. Han heiter Warren Buffett og er rikare enn onkel Skrue. Buffett er lett autist og eit matematisk flogvit. Ein av idiosynkrasiane han har, er at han helst berre vil eta mat laga av verksemder han eig ein del av. Dietten har i alle år vore hamburgarar frå McDonald’s og Cherry Coke frå Coca-Cola. Buffett er storeigar i båe selskapa. Han kjøper berre aksjar i selskap han forstår kva held på med. Buffett er åt å verta gamal, han vert 90 år i august. Men han køyrer kvar dag til arbeid frå det vesle huset sitt til det vesle kontoret sitt. Der sit han i 12 timar og les bøker og rapportar. Få menneske i verdssoga har lese meir historie enn Buffett.

Buffett er ein kar som forstår det meste, men av og til ingenting. For nokre år sidan sa lækjaren hans at han hadde fått litt høgt blodtrykk, og at han burde kutta ut sukkerbrus, som Cherry Coke jo er. Eit par dagar etter vart Buffett lagd inn på sjukehus. Han var totalt dehydrert. Lækjaren spurte kvifor han ikkje hadde fått i seg væske: «Det var du som sa eg skulle kutta ut Cherry Coke.» «Men du kunne då ha drukke Cola Light», svara lækjaren. «Aha, det tenkte eg ikkje på», sa Buffett. Poeng her er ikkje å henga ut Buffett, poenget er at han ikkje er heilt som vi andre. Buffett er eit geni, med ein hjerne som ikkje verkar slik som andre hjernar.

Kjøp indeks

Ingen har over så lang tid som Buffett makta å henta ut større avkasting enn børsindeksen gjev. Ein børsindeks er eit tverrsnitt av selskap i ei næring eller ein heil børs. I år etter år gav kjøpa Buffett gjorde, meirverdi for kundane hans. Heilt til dei ikkje lenger gjorde det. Gjennom det siste tiåret har Buffett tent mindre pengar enn dei som har investert i indeksen. Det er ikkje uventa, det er faktisk heilt forventa. For fondet til Buffett vart til slutt så stort at det ikkje lenger kunne vera unikt. Når du eig noko i det meste, eig du i praksis eit gjennomsnitt.

Kva råd gjev så Buffett til dei som vil investera i aksjar? Svaret er alltid det same: Kjøp aksjar i indeksfond. Det finst knapt ein einaste professor i finansteori som ikkje er samd med Buffett i dette. Alle aksjeplukkarar seier dei kan levera meiravkasting, men alle som driv med aksjeplukking er til sjuande og sist gjennomsnittet. Dessutan er det dyrt å analysera aksjeselskap. Ofte tek aksjefond og hedgefond 2 prosent eller meir av innskota. Dimed taper stort sett alle som kjøper aksjar i aktive fond, pengar, samanlikna med indeksfond, som vert styrte av datamaskinar og i praksis er gratis.

Bort med dei siste 15

Finansdepartementet visste dette då dei laga regelverket for Oljefondet. Svein Gjedrem visste det både då han var finansråd og då han var sentralbanksjef. Diverre let Finansdepartementet oljefondsjefane få lov til å forvalta 15 prosent, for – som Åge Korsvold i Storebrand sa det – «å holde humøret oppe.» Men heldigvis er 85 av aksjane forvalta som indeks. Oljefondet kjøper eit tverrsnitt av aksjar, og det gjer dei nesten gratis.

Slyngstad har aldri likt at 85 prosent vert forvalta passivt. Gong etter gong har han drive lobbykamp overfor Finansdepartementet og sendt ut signal om at han og dei tilsette i Oljefondet er så flinke at dei kan levera meiravkasting. Seinast då han og Olsen la fram årsrapporten for 2019, sa Slyngstad på spørsmål om han kunne ha levert meiravkasting på 0,5 prosent: «Det ærlige svaret er at det er godt mulig at vi det hadde gjort. (…) Gode organisasjoner pleier å nå de målene de setter seg.» Her seier altså Slyngstad det same som alle andre aktive forvaltarar: at dei kan levera meiravkasting. Slyngstad seier at han, som leiar for verdas største fond, kan få til det Buffett ikkje har fått til dei siste ti åra, med eit mindre fond.

Slyngstad har gong etter gong gått ut av rolla han har som byråkrat, han har vore ein aktivist. Olsen stod ved sida av han på pressekonferansen og korrigerte han ikkje. Samstundes var Olsen i gang med å tilsetja Tangen, som berre har drive med aktiv forvalting. Ja, Tangen har ei tid gjeve meiravkasting. Og ja, enkelte vil ei tid makta det, på lik line med at enkelte som kastar terning, kan få seksarar ti gonger etter kvarandre. Men hedgefond handlar i hovudsak om å få tak i informasjon før andre får tak i den same informasjonen. Slikt kan ikkje ein nasjonalstat halda på med.

Oljefondet bør enkelt og greitt drivast som ein byråkratisk organisasjon med nesten null skjøn. Noreg har ikkje råd til å ta den politiske risikoen det er å aktivt prøva å styra verksemder gjennom aksjeplukking. Det har Finansdepartementet forstått. Men det har korkje Olsen eller Slyngstad forstått godt nok. Olsen har i tillegg ikkje forstått kva slags leiar han bør tilsetja i Oljefondet.

Den beste enden på denne soga er at både Tangen, Slyngstad og Olsen finn seg noko anna å gjera enn dei hadde tenkt, dei komande åra. Som Buffett ein gong sa om kvifor han sjølv, som dreiv med aktiv forvalting, rådde folk til å kjøpa indeks: «Det er rein matematikk.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Oljefondet bør drivast som ein byråkratisk
organisasjon med nesten null skjøn.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis