Mjuk politikk i ei hard verd
Mens verda har endra seg dramatisk, fører Noreg i dag meir eller mindre den same utanriks- og tryggingspolitikken som på 1990-talet. Kanskje er det tid for ei omvurdering.
MJUK POLITIKK: Kronprins Haakon (til høgre) og daverande utviklingsminister Dag-Inge Ulstein i landsbyen ‘Ahau på Tonga i Stillehavet i 2019. Under besøket sitt planta prinsen og statsrådentre som skal bidra til å verne Tonga mot havstiginga, og plukka søppel i fjøra.
.. Foto: Karen Setten / NTB Foto: Karen Setten / NTB
På 1990-talet var det eitt show på den internasjonale arenaen: Den vestlege verda og vestlege verdiar dominerte. Få opponerte mot tesen om at det liberale demokratiet snart ville slå gjennom i dei fleste land. Den økonomiske statistikken såg ut til å stadfesta dette. Rett før år 2000 stod vestlege land for tre firedelar av verdas BNP. Skulle velstanden auka i Asia eller Afrika, måtte asiatar og afrikanarar ta etter den vestlege modellen. For oss som budde i Vest-Europa, førte dette til både optimisme og overmot. Me trudde rett og slett at alle ynskte å bli som oss.
Så sterkt stod den vestlege verda at det var vanskeleg å sjå føre seg noka endring på mange, mange generasjonar. Russland hadde som målsetjing å bli eit demokrati og kanskje medlem av Nato og EU. Kina var framleis offisielt eit kommunistisk land, men Deng Xiaoping hadde styrt i meir enn 15 år. Sjølv om han måtte ta mykje av ansvaret for massakren på Den himmelske freds plass i 1989, leidde han landet i liberal lei. Kinesarar kunne leva eit ganske fritt liv berre dei ikkje gjekk ope imot regimet. Sjølv kommunistpartiet innførte eit system med maktrotasjon.
Breier ut makt
I dag fører Noreg – til liks med dei fleste andre landa i Vest-Europa – den same verdibaserte utanrikspolitikken som blei utforma på 1980- og 1990-talet. Problemet er at verda har endra seg dramatisk. På den internasjonale arenaen blei ikkje Kina ein medspelar, men ein motspelar for Vesten. Freistnaden på å byggja demokrati i Russland har slege feil. Både Kina og Russland kjem dei neste tiåra til å verta styrte av elitar med ei klar nasjonalistisk målsetting. Desse elitane ynskjer å auka si eiga makt. For å oppnå det søkjer dei å utvida makta til landet dei styrer.
Det er ikkje vanskeleg å finna døme på dette. Dei siste åra har Kina bygd opp verdas største marinestyrke. Sør-Kina-havet, kanskje den strategisk viktigaste havstrekninga i verda, er i ferd med å bli eit kinesisk innlandshav. Gjennom det såkalla belte-og-veg-initiativet byggjer Kina ut si økonomiske makt i Asia, Europa og Afrika. Dei som knyter seg til belte-og-veg-initiativet, knyter seg samstundes til kinesisk økonomi.
Nye band
Eitt av landa som gjer det aktivt, er Russland. Dei siste åra har Kina og Russland knytt tette band til kvarandre, økonomisk, politisk og militært. Ser ein på Vladimir Putins modus operandi, er han frapperande lik den kinesiske. I 2014 og 2015 tok han over Krim og delar av Aust-Ukraina gjennom to kamuflerte operasjonar. Det siste året har han støtta opp under det vaklande, diskrediterte kviterussiske regimet. At Aleksandr Lukasjenko skulle ha mot til å senda fleire tusen migrantar frå Midtausten mot grensa til EU og Nato utan støtte frå Putin, er lite tenkjeleg. Samstundes som Putin gjev støtte til Lukasjenko, er han i gang med å senda nye, sterke militæravdelingar mot grensa til Ukraina. Observatørar som fylgjer Ukraina tett, ser ikkje bort frå at me til vinteren eller våren kan få ei ny stor internasjonal krise der.
Til forskjell frå 1990-talet og tidleg på 2000-talet kan dei europeiske landa ikkje håpa at USA kjem for å ordna opp. Europearane må ordna opp i sin eigen verdsdel. Men Europa har den siste generasjonen fremja europeiske verdiar, ikkje europeiske interesser. Me er blitt gode på mjuk, men ikkje på hard makt.
Interesser og verdiar
Noreg vil i 2022 ha eit rekordstort bistandsbudsjett på innpå 42 milliardar. Det er enormt mykje pengar, ikkje minst når dei blir brukte i land med låg kjøpekraft. Det meste av dette blir nytta til gode føremål, som klimabistand, humanitær hjelp og så vidare. I 2017 var Noreg den sjuande største bidragsytaren til FNs budsjett, rett bak Sverige og Kina, men føre land som Frankrike og Canada. Spørsmålet er kor mange milliardar som blir brukte til å fremja konkrete norske interesser, ikkje berre norske verdiar? Ein treng vel ikkje vera nokon stor skeptikar for å slå fast at ein enorm pengeflaum gjennom fleire tiår har gjeve få varige fordelar for Noreg og andre vestlege statar i mottakarlanda.
Nærområda
Med auka spenning i nærområda våre kjem ein heller ikkje bort frå tanken om at meir pengar kunne ha vore brukte i nære land. For at Noreg skal ha tryggleik i framtida, er me til dømes avhengige av at dei baltiske statane og Ukraina er stabile, godt fungerande demokratiske samfunn. Med tydeleg kinesisk og russisk ekspansjon i nordområda er det òg viktig at Grønland, Island, Færøyane og ikkje minst Svalbard blir satsa på, både økonomisk og politisk, frå vestleg side. Svak økonomi og fallande folketal i desse områda gjer dei utsette for kinesiske oppkjøp, med alt det fører med seg. Noreg har alt eit stort engasjement i Arktis, men det vil vera ei viktig investering for framtida å bli endå meir involvert.
Slike tankar har til no vore meir eller mindre tabu i den norske politiske eliten. Vår verdibaserte bistandspolitikk har teke utgangspunkt i at mottakaren sjølv skal definere korleis hjelpa blir brukt. At hjelpa skal tena også norske interesser, har ikkje vore god latin. Etter kvart som verda blir ein stadig vanskelegare stad, kan det henda at gamle sanningar står for fall.
Halvor Tjønn er journalist og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vår verdibaserte bistandspolitikk har teke utgangspunkt i at mottakaren sjølv skal definera korleis hjelpa skal bli brukt.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.