Nedteljing mot ein klimakatastrofe?
I 2008 sette organisasjonen New Economics Foundation opp ei klokke på nettstaden sin som viste at vi da hadde 100 månader på oss til å redde planeten. I november 2016 passerte vi «the point of no return».
Extinction Rebellions var først ute med å brøle for klimaet utanfor Stortinget i fjor sommar. Tusenvis av menneske brølte etter kvart med.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Kommentar
Nå har vi fått ny «tidsfrist» og nye tikkande klokker. I oktober 2018 publiserte IPCC rapporten om vilkåra for å halde den globale temperaturauken under 1,5 grader. Rapporten har fått stor merksemd (Special Report: Global Warming of 1.5 C). Den tydelegaste bodskapen som har festa seg i klimadebatten, er at vi har tolv år på oss for å unngå klimakatastrofe. Ute på nettet har det dukka opp nye klokker som tikkar ned mot undergangen, og i klimadebatten høyrer vi stadig at «vi har berre tolv år på oss».
Men det finst ikkje belegg for påstanden om at vi har tolv (eller nå elleve) år på oss. Det IPCC-rapporten faktisk seier, er at frå førindustriell tid og fram til i dag har den globale temperaturen truleg auka med mellom 0,8 og 1,2 grader. Dette er basert på temperaturmålingar frå ei rekke ulike målestasjonar jorda rundt. Desse målingane spriker, og enkelte målingar tyder på at den globale temperaturauken alt kan ha passert 1,5 grader. Gjennomsnittet for alle desse ulike målingane er berekna til om lag 1 grad. Denne uvissa forplantar seg sjølvsagt vidare når rapporten prøver å rekne ut kva tid den globale oppvarminga vil passere 1,5 grader. Den seier nemleg ikkje at dette vil skje i 2030, og at det er den tida vi har på oss for å unngå den store klimakatastrofen. Det rapporten faktisk seier, er at dersom den globale oppvarminga held fram i same tempo som nå (0,2 grader per tiår), er det sannsynleg at global oppvarming vil nå 1,5 grader mellom 2030 og 2052.
«Ulv ulv»-effekten
Og kva trur så klimaaktivistane vil hende i 2030? Er det slik at dersom vi ikkje får halvert klimautsleppa før 2030, vil klimasamanbrotet skje med det same? Eller er det slik at verda i 2018 hadde tolv år på seg før vi passerte eit «point of no return»? Begge delar er feil, seier hovudforfattar av rapporten, Myles Allen (på nettstaden The Conversation). Kanskje har vi allereie passert 1,2 grader. Kanskje skjer det saktare. Det rapporten presenterer, seier Myles Allen, er modellbaserte scenario og estimat. 2030 er eit heilt fiktivt årstal når det gjeld sjansane for å få den globale oppvarminga under kontroll. Det er ein illustrasjon basert på modellproduserte scenario. 2030 er ingen deadline. Det store fleirtalet av dagens klimastreikande ungdommar kjem ikkje til å oppleve ei ekstra kvart grad temperaturauke fram til 2030 som Harmageddon, skriv Myles Allen, og kva vil dei då tenke?
Vi opplever ikkje klimaendringane som dramatiske frå ein dag til neste, og heller ikkje frå år til år. Vi tilpassar oss gradvis, og langt på veg umerkeleg, til varmare somrar, til kortare og mildare vintrar og meir variabelt og dramatisk vêr. Spørsmålet blir kva dagens klimaaktivistar – som ser for seg ein klimakatastrofe og totalt globalt samanbrot før dei blir vaksne – vil tenke når dei om ti–tolv år ikkje opplever den spådde katastrofen. Har da aksjonerande klimaforskarar og klimaaktivistar ropt «ulv, ulv» så mange gonger og så høgt at resultatet blir det motsette av det dei tenker seg når dei hevdar at det er viktig å sette ein avskrekkande deadline for å skremme folk flest frå å ete kjøt eller å fly på ferie til utlandet.
Klimafiksing
Det er mellom anna «ulv ulv»-effekten ei gruppe forskarar er redde for når dei i ein artikkel i tidsskriftet Nature Climate Change i august i år hevdar at det å sette ein klimadeadline ikkje berre er uvitskapleg, det er også farleg (https://www.nature.com/articles/s41558-019-0543-4).
Eit anna problem som dei legg vekt på, er at klimatiltak som blir gjennomførte, kan brukast til å utsette fristen. Til dømes vil vellykka satsing på fornybar energi kunne forlenge «fristen» og verke til å bremse investering i dyre klimatiltak som IPCC-rapporten er meir enn tydeleg på må til, helst raskt. Det at politikarar ser for seg ein «frist» fram til 2030, kan brukast til å legitimere å utsette klimatiltak, slik nettopp den norske regjeringa gjer når ho nå oppdagar at ho ikkje når måla for klimakutt fram til 2020, og skyv gjennomføring av tiltak føre seg fram mot 2030.
Vi har all grunn til å ta scenarioa i IPCC-rapporten på største alvor. Men rapporten varslar ikkje at verda vil gå under. Han indikerer likevel at dersom verda skal halvere klimautsleppa innan 2030, vil det krevje tiltak som det er heilt urealistisk å gjennomføre i praktisk politikk innanfor dette tidsvindauget. Derfor kan for så vidt Greta Thunberg med god støtte i rapporten utfordre verdas politikarar til å gjere det politisk umoglege.
Men kva ville eventuelt dei sosiale og økonomiske kostnadene vere med å gjere «det politisk umoglege»? Ved å fokusere einøygd på ein kort og fiktiv tidsfrist, risikerer vi å opne for krisetiltak som kan representere ein større fare for verda og klimaet enn dagens meir eller mindre gradvise oppvarming. Det er til dømes fullt mogleg å regulere den globale temperaturen gjennom såkalla geo-engineering, eller klimafiksing, ved å spreie solreflekterande partiklar ute i atmosfæren. Hovudargumentet for dei som argumenterer for dette, er at vi da kan utsette tidsfristen og få tid på oss til å få ned utsleppa og utvikle teknologi til å hente CO2 tilbake fra atmosfæren.
Det som er meir sannsynleg, er at «solskjermen» vil fungere som ei sovepute, at utsleppa berre vil halde fram med å vekse, og at verda blir avhengig av å vedlikehalde denne «solskjermen» for all framtid. Og den dagen dette menneskedrivne eksperimentet bryt saman, vil den globale oppvarminga skje i eit tempo som ingen IPCC-rapport så langt har forsøkt å berekne.
Politisk forvrenging
«I want you to panic» – eg vil at de skal få panikk – appellerte Greta Thunberg til Europa-politikarane da ho tala i EU-parlamentet 16. april. Men panikk er ein dårleg måte å møte klimautfordringa på. Politikarar som står overfor «uløyselege» problem, tyr gjerne til symbolhandlingar for å vise at dei tar problemet alvorleg. Det er det som nå skjer når byar, kommunar, fylkeskommunar, heile land og nå sist EU erklærer «klimakrise». For det meste er dette tom retorikk. Det kan likevel ha som bieffekt at andre grunnleggande politiske problem – til dømes sosial ulikskap, nasjonalt og globalt – blir skuva i bakgrunnen. Mange klimatiltak har nettopp ein sosialt skeiv profil som kan auke sosiale kløfter i samfunnet. Dermed kan dei også auke motstanden mot klimatiltak blant folk flest og fyre opp under klimaskepsis. Dette kan også vere med på å bygge opp under antidemokratiske krefter i klimakampen – dei som meiner at krisa nå er så alvorleg at demokratiet ikkje kan handtere henne. «Menneskehetens totale utslettelse er en god unnskyldning for å innsette et diktatur. Man kan liksom ikke stille spørsmål ved den.» Slik kommenterte hovudpersonen i Bjørn Vatnes dystopiske framtidsroman, Nullingen av Paul Abel, statskuppet som innførte klimadiktaturet i Noreg. I dag ser vi stendig oftare at klimaaktivistar, men også forskarar og akademikarar, hevdar at vi står overfor ei krise som krev tvangstiltak og tilsidesetting av vanlege demokratiske prosessar.
Klimaforskarane har eit stort ansvar for å gjere tydelegare kva den siste spesialrapporten frå IPCC faktisk seier og ikkje seier. I dag blir rapporten politisk misbrukt av overentusiastiske klimaaktivistar og aktivistiske forskarar som igjen og igjen terpar på bodskapen: «Vi har berre tolv år på oss.» Fleire enn hovudforfattaren Myles Allan burde stå fram i den offentlege debatten og korrigere den politiske forvrenginga av bodskapen i rapporten. Prisen kan elles vere undergraving av truverdet og legitimiteten til klimaforskinga og ein trussel mot ein rasjonell og demokratisk basert klimapolitikk.
Jon Naustdalslid er
samfunnsforskar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Spørsmålet blir kva dagens klimaaktivistar – som ser for seg ein klimakatastrofe og totalt globalt samanbrot før dei blir vaksne – vil tenke når dei om ti–tolv år ikkje opplever den spådde katastrofen.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.