Putekrigaren til kamp mot demokratiet
I løpet av den tida eg var saman med Mike Lindell, oppdaga eg at han er likandes, engasjert og filantropisk – og eit klart trugsmål for landet.
MyPillow-sjefen Mike Lindell er ikkje i tvil om at Høgsteretten kjem til å gjeninnsetje Donald Trump som president, kan hende alt no i august.
Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB
Når du ser for deg slutten på demokratiet i USA, kva slags person trur du vil få det til å skje? Kan hende har du eit bilete av ein forderveleg milliardær i skreddarsydd dress som smettar brune konvoluttar i hendene på politikarar. Kan hende er marerittet ditt ein bøllete general som ranar til seg presidentens atomkoffert. Kan hende tenkjer du på eit råskinn i skaftestøvlar som leier ein horde av menn i kvite laken, alle med brennande kross i hendene.
Her er det du truleg ikkje fantaserer om: ein tjomsleg, self-made fyr frå Midtvesten, ein av desse enkle forretningsmennene som lagar sine eigne infosnuttar på TV. Ein rehabilitert crackjunkie, ikkje mindre, som ler godmodig av vitsar som råkar han sjølv. Ein filantrop. Ein god sjef. Ein patriot – det seier han i alle fall –– som godt kan gjere større skade på det amerikanske demokratiet enn nokon annan sidan Jefferson Davies.
Utanfor Fox-bobla
Eg møtte Mike Lindell, sjefen for puteprodusenten MyPillow, i opptaksstudioet som ligg i kjellaren i det staselege rekkjehuset til Steve Bannon på Capitol Hill, nokre få kvartal frå Høgsteretten – den same Høgsteretten som, ifølgje Lindell, kjem til å røyste «9–0» for å gjeninnsetje Donald Trump som president ein gong i august, eller kanskje september. Her heldt Bannon på med opptak til War Room-podkasten sin saman med Lindell. Eg gjekk inn i ein pause og vart vinka til bordet, der eg kunne følgje med på samtalen.
Seinare fortalde Lindell meg at om det ikkje hadde vore for åtak frå «venstresida» – med det meiner han Politico, Daily Beast og, venteleg, meg – ville bodskapen hans aldri nådd ut, ettersom Fox News overser han.
Også Bannon lever utanfor Fox-bobla for tida. I staden held han til i eit alternativt univers der kvart minutt av kvar dag verkar vere fullstendig vigd til diskusjon om og analyse av «valjuks», med berre litt tid til å selje velværeprodukt og vitamin som, trass i det han seier, ikkje vil kurere covid-19. Podkasten til Bannon, som han seier har millionar av lyttarar (han er rangert på 59. plass på Apple Podcasts, så han kan ha rett), byr på fulltids konspirasjonsteoretikarar. Mellom dei er til dømes Rudi Giuliani, Pizzagate-agitatoren Jack Posobiec og, sjølvsagt, Lindell. Bannon ringjer opp den eine etter den andre for å få dei til å rapportere om korleis det går med kampanjen for å gjeninnsetje Trump og andre liksomskandalar knytte til dette. Det er daglege oppdateringar. Gjestene snakkar fort og høgt. Det er spennande. Ein dag eg var i studio, var Bannon full av skadefryd over korleis president Joe Biden no «forsvarer sin eigen legitimitet»: «Vi skal få fella til å klappe saman om deg, sir!»
Til og med i denne gruppa stikk Lindell seg ut. Ikkje berre er han truleg mykje rikare enn mange av dei andre; han er villig til å bruke pengane sine på saka. MyPillow har lenge vore ein viktig reklamekunde på Fox News, og sjølv Trump la merke til Lindell («Den fyren er meir på TV enn eg»), men har utvida reklamenettverket ytterlegare. MyPillow brukte titusenvis av dollar på reklame på Newsmax rett etter åtaket på kongressbygningen 6. januar.
Mistillitsskapande
Og no bruker Lindell pengar på meir enn berre reklame. Sist januar – den 9., er han nøye med å gjere merksam på, det plasserer datoen etter den 6. – fekk han nokre computerdata frå ei gruppe uroa borgarar som framleis ikkje er identifiserte. Det dreidde seg om, vert det hevda, innsamla data som provar at det kinesiske kommunistpartiet endra på røysteresultat – i alle dei 50 statane. Dette er ein meir utstudert konspirasjonsteori enn den påståtte venezuelanske manipuleringa av røystemaskinar, meir usannsynleg enn påstanden om at millionar av falske røystesetlar vart sende i posten, meir barokk en trua på at tusenvis av døde menneske røysta. Denne har ibuande djupe geopolitiske implikasjonar.
Dette er grunnen til at Lindell har brukt pengar – «titals millionar», fortalde han meg – på å «validere» datapakkane, og grunnen til at han vil bruke mykje meir. Med start 10. august arrangerer han eit symposium over tre dagar i Sioux Falls, der dei som validere datapakkane, kven dei no er, skal offentleggjere resultata. Han har invitert alle interesserte informatikarar, universitetsprofessorar, valde føderale embetsfolk, utanlandske embetsfolk, journalistar og redaktørar til symposiet. Han har bestilt «1000 hotellrom», eller «alle hotellromma i byen», for å innkvartere dei. (Onsdag for ei veke sidan viste Booking.com at det framleis var fullt av ledige rom i Sioux Falls.)
Kor sært det enn kan sjå ut at ein forretningsmann investerer så mykje i ein konspirasjonsteori, finst det viktige historiske døme. Tenk på Olof Aschberg, den svenske bankieren som hjelpte til med å finansiere bolsjevikrevolusjonen. Eller Henry Ford, mannen bak den berykta antisemittiske pamfletten The International Jew, som vart mykje lesen i Nazi-Tyskland, også av Hitler sjølv. Mange vellukka og rike trur at kunnskapen dei har om produksjonsteknologi eller private aksjar, gjev dei synsk innsikt i politikk. Men Aschberg, Ford og Lindell representerer ytterkanten av dette fenomenet: Forretningssuksessen deira gjev dei sjølvtillit til å fremje vondsinna konspirasjonsteoriar og middel til å nå eit breitt publikum.
I tilfella Aschberg og Ford fekk dette tragiske følgjer i den verkelege verda. Lindell har ikkje vore øydeleggjande på Ford-nivå enno, men potensialet er der. Saman med Bannon, Giuliani og resten av konspirasjonsgjengen bidreg han til å skape djup mistillit til det amerikanske valsystemet, det amerikanske politiske systemet, det amerikanske helsesystemet og til sjuande og sist det amerikanske demokratiet. Dei endelege konsekvensane av handlingane deira kan godt bli eit verkeleg stole eller omstridt val i 2024 og politisk vald i ein skala USA ikkje har opplevd på tiår.
Ein kan gjere narr av Lindell, avfeie han eller kalle han eit dophovud, men ikkje noko av dette vil verke særleg morosamt når vi i røynda har ein illegitim president i Det kvite huset og eit totalt samanbrot av lov og orden.
«Ein kommunistagenda»
Lindell gjekk med på å ete lunsj med meg etter opptaka. Ettersom Lindell er kjend for å vere redd for påverknad frå kinesiske kommunistar, tenkte eg at han ville like å gjere litt ære på offera for kinesisk undertrykking. Eg bestilte bord på ein uigurrestaurant. Han hadde aldri høyrt om uigurane. Eg sa at dei var muslimar som vart forfølgde av kinesiske kommunistar. Å, sa han, «som kristne.» Ja, sa eg. Som kristne.
Han heldt fram med å snakke til meg i restauranten, ei slags stream-of-consciousness-forteljing om datapakkane, om kor dårleg han var behandla av media, om farane ved covid-19-vaksinane og om mirakla knytte til oleandrin, eit kosttilskot som han og alle andre ved MyPillow tek, og som han seier er 100 prosent garantert å hindre covid-19. På alle desse punkta er han fullstendig uimottakeleg for argument. Kva om det syner seg, reint hypotetisk, den 10. august, at andre ekspertar er ueinige med hans ekspertar og erklærer at hans data ikkje betyr det han trur dei betyr, spurde eg. Dette, svara han, er umogleg. Det kan ikkje skje:
«Eg treng ikkje uroe meg for det. Skjønar du det? Skjønar du at eg har vore under åtak? Eg har 2500 tilsette, og eg har vore utsett for åtak kvar dag. Ser eg ut som ein dumming? At eg gjer dette berre for mi eiga helse? Eg har betre ting å gjere – desse folka skaffa meg datapakkane, og eg skuldar USA, skuldar alle, om det er ein demokrat eller republikanar eller kva det no er, å bringe dette vidare til landet vårt. Eg treng ikkje svare på spørsmålet ditt, for det vil ikkje skje. Dette er ikkje-subjektive prov.»
Hetsinga og forakta han har utsett seg sjølv for, i strevet med å overtyde andre, er ytterlegare prov på at han har rett, slik Lindell ser det. Og det er noko tydeleg amerikansk i denne tenkjemåten òg. Den argumentative styrken i personleg røynsle, prov samla på reisa frå crackavhengig til direktør; typen sjølvtillit mange menn som har jobba seg opp på eiga hand, har, ved sida av rikdomen deira – alt dette høyrer heime i USA. Lindell er til dømes overtydd om at ikkje berre stal Kina valet, men at «det finst ein kommunistagenda i dette landet» meir allment. Eg spurde han kva dette tyder. Kommunistar, sa han, «tek frå deg talefridomen. Du fortalde meg nettopp kva dei gjer mot desse folka» – han sikta til uigurane. «Eg har røynt det personleg, meir enn nokon annan i dette landet.»
Hadde regjeringa teke fridomen hans? Plassert han i ein omskoleringsleir?
«Eg kan ikkje sjå at nokon arresterer deg,» sa eg. Han vart forarga.
«OK, eg snakkar ikkje om regjeringa,» sa han. «Eg snakkar om sosiale medium. Kvifor angreip dei meg? Kvifor gjekk robotar og nettroll til åtak på alle forhandlarane mine? Eg hadde det bestseljande produktet i kvart utsal i USA – alle, og kvart einaste eitt av dei fell som fluger. Veit du kvifor? Fordi troll og robotar vart hyra inn. Dei vart hyra inn for å angripe. Vel, no har eg undersøkt. Dei kjem frå ein bygning i Kina.»
Raffenberger med på det
Sjølv om han omtalar datapakkane som «kriminaltekniske» – udiskutable, absolutte, ugjenkallelege bevis på kinesisk vondskap – er Lindell meir varsam med prov som ikkje er «ikkje-subjektive». Da eg spurde han om korleis Joe Bidens presidentskap tente interessene til det kinesiske kommunistpartiet, til dømes, vart resonnementet hans meir likt krokvegar. Han ville ikkje seie at Joe Biden sjølv er kommunist. I staden, da eg etterlyste prov på kommunistisk påverknad på Biden, sa han dette: «På innsettingsdagen – eg berre seier det – sparka han 50.000 organiserte arbeidarar. Pang! Oljeleidning vekke. Det gamle demokratiske partiet ville ikkje sparka organiserte arbeidarar.»
Med andre ord: Provet på Joe Bidens band til Kinas kommunistiske parti var avgjerda om å stanse oljeleidningen Keystone XL. Liknande innvikla resonnement har fått han til å tvile på patriotismen til folk som Doug Ducey, guvernør i Arizona, Georgia-guvernøren Brian Kemp og den øvste valansvarlege i delstaten, Brad Raffensperger, som alle nekta for at det hadde funne stad alvorleg valjuks i statane deira. «Mi personlege meining,» sa han til meg, er at «Brian Kemp på eitt eller anna vis er kompromittert og kanskje kan vere gjenstand for utpressing, eller er med på det, eller kva som helst. Eg trur Raffensperger er heilt og halde med på det.»
Med på kva? spurde eg.
«Med på kva det no er som går føre seg.»
Eg spurde om han sikta til den kinesiske overtakinga av USA. Var Raffensperger Kina-vennleg?
«Eg trur han er Kina-vennleg.»
Godheit over det heile
Ved sida av amerikansk businessskryt inneheld tenkinga til Lindell ein stor dose kristen tru på tusenårsriket òg. Dette er ein mann som hadde ein visjon i ein draum om at han står saman med Donald Trump – og den draumen vart sann. Ikkje rart at han trur mykje vil skje etter 10. august. Det er ikkje berre det at Høgsteretten vil røyste 9–0 for å gjeninnsetje Trump. Det er også det at USA vil bli ein betre stad. «Vi kjem til å få valde representantar som tek avgjerder for folket, ikkje berre for partiet sitt,» sa Lindell. Det vil bli «ingen fleire maskinar» i dette messianske USA – ingen fleire valmaskinar: «På begge sider opnar folk auga.» I denne store stunda med nasjonal fornying vil det ikkje vere meir korrupsjon, berre godt styre, godvilje, godheit over det heile.
Den stunda vil bli fin for Lindell òg, for endeleg vil han kunne slappe av, vel vitande at «eg har gjort alt eg kan.» Etterpå «vil alt gå sin gang. Og eg treng ikkje vere der kvar dag og slåss for mediemerksemd.»
Ingen ting vil skje
Dessverre er ein lukkeleg slutt lite truleg. Lindell vil ikkje, den 10. august, oppleve at «ekspertane» er einige med han. Somme har alt forklart til fulle kvifor «datapakkane» ikkje kan vere det han seier dei er. Andre meiner at heile diskusjonen er nyttelaus. Da eg ringde Chris Krebs, Trump-administrasjonens direktør for Cybersecurity and Infrastructure Security Agency, ville han ikkje eingong gå inn på spørsmålet om Lindell har autentiske data, fordi heile påstanden er absurd. Den omfattande bruken av papirrøystesetlar, pluss alle granskingar og omteljingar etter valet, gjer at alle feil ved det mekaniserte røystesystemet ville vore oppdaga kjapt. «Heile greia er ein del av svindelen,» sa Krebs. «Dei utnyttar vonbrotet blant mange veljarar og nyttar skremmande, men ubegripelege bilete for å halde den store løgna ved like, trass i at det ikkje finst grunnlag for prov.»
Kva vil skje når Lindells ideologiske, heilamerikanske, varsla-i-ein-draum-absolutte visse møter ein vegg av skepsis, mistru eller – enda verre – likesæle? Om ein skal døme etter historia, ingen ting. Ingen ting vil skje. Han kjem ikkje til å vedgå at han tek feil; han vil ikkje slutte å tru. Han vil ikkje skjøne at han vart svindla for dei millionane han har brukt på å «validere» falske data. (Ein lyt beundre seljartalentet til dei skurkaktige teknologane som overtalte han, dersom dei verkeleg finst.) Han vil ikkje skjøne at puteselskapet hans har trøbbel med detaljistane fordi svært mange finn meiningane hans avskyelege. Han vil ikkje skjøne at folk går til åtak på han fordi dei meiner at det han seier er farleg og kan leie til vald. Han vil i staden rase mot dei svikefulle media, venstresida, kommunistane og Kina.
Trygg i si absolutte visse
Lindell snakkar for det meste i lange, springande monologar, fylde med allusjonar og klagar; han vender gong på gong attende til valjuks, til kampanjane mot han, til særlege intervjuarar og artiklar han dømer nord og ned. Noko av det er knapt til å begripe, med mindre du har fått med deg dei mange gongane han har vore i media – noko eg ikkje har. I samtalen under lunsjen kom det ein einaste gong eit hint om at førestellinga hans var meir slu enn ho verka vere. Eg spurde han om hendingane 6. januar. Straks vart han meir presis. «Eg var ikkje der, gud skje lov», sa han. Han var på eit mediearrangement ein annan stad. Han ville heller ikkje snakke om det som hende den dagen: «Eg trur det var mykje som eg ikkje kjem til å kommentere, for eg vil ikkje at det skal bli forteljinga di.»
Ikkje lenge etter dette kjende eg at eg ikkje makta fleire kalkulerte tiradar. Da vi gjekk ut, tenkte eg at eg kunne seie noko dramatisk, noko slåande, som: «Du er klar over at du øydelegg landet vårt.» Men eg gjorde ikkje det. Lindell er landet vårt, når alt kjem til alt, eller ei side ved landet vårt: hyperoptimistisk og proppfull av sjølvtillit, utan peiling på historie og glad i mytar, fast i trua på at vi aleine er den eksepsjonelle nasjonen og at vi aleine har tilgang til eksepsjonelle sanningar. Trygg i si absolutte visse steig han inn i den svarte SUV-en sin og køyrde av garde.
Anne Applebaum
Anne Applebaum er farfattar, medarbeidar i The Atlantic og medlem av SNF Agora Institute ved Johns Hopkins University.
Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Skjønar du at eg har vore under åtak? Eg har 2500 tilsette, og eg har vore utsett for åtak kvar dag. Ser eg ut som ein dumming?»
Mike Lindell
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.