Spora frå Versailles
For 100 år sidan kom Versailles-konferansen saman i Paris. Der gjekk det meste gale. I dag står me overfor mange av dei same utfordringane som ein ikkje klarte å løysa den gongen.
Signatarmaktene i Spegelhallen i Versailles 28. juni 1919, skildra av den irske målaren William Orpen.
I januar 1919 sette leiarane for dei fire sigersmaktene i fyrste verdskrigen – USA, Storbritannia, Frankrike og Italia – seg saman i Paris. Dei skulle skapa fred etter fire år med barbari. Sjeldan i historia har forventingane vore så store. Sjeldan har resultata vore så dårlege.
Dei heile byrja bra. I desember 1918 kom den amerikanske presidenten Woodrow Wilson til Europa med dei 14 punkta som skulle vera grunnlaget for fredsslutninga: transparente fredsavtalar, mest mogleg fri handel, ei nyordning av grensene i Europa basert på nasjonalitetsprinsippet, oppretting av ein polsk stat, generell nedrusting og danning av eit Folkeforbund som skulle handtera alle stridsspørsmål mellom sjølvstendige nasjonar i framtida.
Prinsippa til Wilson kunne vore grunnlag for varig fred i heile det 20. hundreåret i Europa om dei hadde blitt etterlevde. I staden blei forhandlingane eit småleg oppgjer der kvar av sigermaktene i Europa prøvde å grafsa til seg mest mogleg krigsbytte. Versailles-freden var nok ikkje den direkte årsaka til den andre verdskrigen, men måten spesielt Frankrike handsama Tyskland på, var med på å leggja grunnlaget for at Adolf Hitler kunne koma til makta 14 år seinare.
Kommunismen fall
Med samanbrotet til austblokka og Berlin-muren i 1989–1991 la Europa bak seg dei direkte fylgjene av Versailles-traktaten. Dei fyrste 20 åra som fylgde etter at kommunismen braut saman, var verda dominert av éi supermakt, USA. I den perioden var det ikkje mogleg at nokon store, altomfattande konfliktar kunne bryta ut, ganske enkelt fordi USA var så mykje sterkare enn alle andre. No ser me eit anna verdsbilete, med to store militærmakter – USA og Kina – og med fleire mellomstore, fyrst og fremst Russland, India og delvis Iran. I tillegg har me dei to europeiske atommaktene Storbritannia og Frankrike. Tyskland ser ut til å ha abdisert når det gjeld militærmakt, men har store økonomiske musklar.
Verda er med andre ord blitt meir slik ho var både før og etter den fyrste verdskrigen, før og etter Versailles. Kva som særmerkte situasjonen i tida kring det førre hundreårsskiftet, var at ei sjømakt – Storbritannia – dominerte den globale handelen, mens ei landmakt – Tyskland – ynskte å endra dei globale maktforholda til sin fordel. Stoda med éi dominerande makt som blir utfordra av ein ny, dynamisk industrinasjon var oppskrifta på katastrofe. Det heile førte til ein krig som kosta millionar av liv og nesten øydela Europa.
No er det aldri slik at historia gjentek seg. I den tida menneska har budd på denne jorda, har det aldri vore to nøyaktig like historiske situasjonar med utfall som også blei heilt likt. Likevel er det ikkje vanskeleg å sjå parallellane: Kina ynskjer gjennom dei neste 10–20 åra å pressa USA ut av det austlege Stillehavet og ta kontrollen over dei dynamiske økonomiane der, slik som Japan, Sør-Korea, Taiwan og Vietnam. Dette var nøyaktig slik strategane i det tyske keisardømmet såg for seg utvidinga av tysk makt på det europeiske kontinentet og i havområda rundt i tida kring år 1900.
Etter verdskrigen og etter Versailles var situasjonen endra: Tyskland var militært audmjuka, og etter sterke franske ynske skulle denne audmjukinga halda fram gjennom i det minste ein heil generasjon. Planen var særs skadeleg, men hadde nok verka om han var blitt fylgd opp med tilstrekkelege maktmiddel. Det var der det skorta: USA, som hadde vunne krigen for Frankrike og England nett då tyskarane var i ferd med å trengja gjennom fronten og ta Paris våren 1918, trekte seg attende frå Europa. Woodrow Wilson, som hadde kome til Europa for å skapa varig fred, fekk ikkje eingong Kongressen med på å ratifisera Versailles-traktaten. USA tok troppane heim og lét Europa segle sin eigen sjø.
Audmjuka Russland
Som sagt: Historia gjentek seg aldri. Men i Europa i dag har me ei stormakt – Russland – som kjenner seg audmjuka etter nederlaget i den kalde krigen, og som krev at det blir teke større omsyn til russiske interesser. Resultatet er innlemminga av Krim, eit klart brot på folkeretten, og ein krig i Aust-Ukraina som også er brot på internasjonale reglar. Russland krev retten til å leggja ned veto når nabolanda, særleg statane i den tidlegare Sovjetunionen, tek viktige utanrikspolitiske avgjerder. Russland ber med andre ord om å få rettar som ingen andre land på det europeiske kontinentet har.
Hittil har desse krava frå Russland blitt balanserte av amerikansk makt, som har vore naudsynt så lenge dei europeiske landa ikkje er interesserte i å bruka pengar på å forsvara seg sjølve. Det me veit om president Donald Trump, er at han helst hadde sett at USA trekte seg heilt ut av Nato. Ei gruppe frå sentrum av det republikanske partiet i USA, med general James Mattis i spissen, sat fram til siste årsskifte sentralt i den amerikanske administrasjonen og klarte å halda presidenten sånn nokolunde på den smale stien. No er dei ute av styre og stell, og Trump rår åleine for kursen, ser det ut til.
Sjølvsagt ville det vore absurd å samanlikna Russland i dag med Tyskland på 30-talet. Det som likevel er likt med mellomkrigstida, er at det kan oppstå eit maktvakuum på det europeiske kontinentet i takt med den amerikanske tilbaketrekkinga, nett slik det gjorde i mellomkrigstida. I 1939, 20 år etter Versailles, gjekk det gale. Me må passa på, nokre tiår etter slutten av den kalde krigen, at det ikkje går gale igjen.
Halvor Tjønn er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Prinsippa til Wilson kunne vore grunnlag for
varig fred i heile det 20. hundreåret i Europa,
om dei hadde blitt etterlevde.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.