JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Nokre råd til dei rådville

Twin Peaks er mystikk for folket.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
FBI-agent Dale Cooper, spela av Kyle MacLachlan, i sesong 1 (1990).

7217
20170616

Twin Peaks

Amerikansk fjernsynsserie skapt av David Lynch og Mark Frost.

Serien følgjer granskinga til FBI-agenten Dale Cooper (Kyle MacLachlan) av mordet på tenåringen Laura i ein småby i USA. Pilotepisoden vart sendt 8. april 1990 på ABC.

Sesong 1 og 2 var på til saman 30 episodar. I desse dagar, 26 år seinare, kjem sesong 3 med 18 nye avsnitt, med mange av dei opphavlege skodespelarane.

Tidleg i fjernsynsserien Twin Peaks samlar FBI-agenten Dale Cooper den lokale politistyrken rundt ei flyttbar krittavle i skogen, og held eit kort føredrag om Tibet og buddhisme. Han forklarar landsbykonstablane at han rår over evna til å late tanken styra stoffet.

Så set han i scene ei steinkasting mot ei tomflaske på ein stubbe eit godt stykke unna. Éin stein vert kasta for kvar person mistenkt for drapet på ungjenta Laura Palmer. Då flaska vert treft idet han konsentrerer tanken om éin særleg mistenkt, vert vidare politiarbeid konsentrert om nett denne personen. Alt med Tibet-kartet i bakgrunnen.

Upopulært vart populært

Ingen hadde på førehand tru på at ein detektiv som Dale Cooper, denne blandinga av nystrigla mormonmisjonær, alltid opplagt zenbuddhist og einsam privatetterforskar, i spissen for eit absurd persongalleri som omfattar ei klårsynt dame som kommuniserer med ein vedkubbe, og den kjenslevare politimannen Andy som ikkje toler synet av skadde menneske utan å breste i gråt, skulle vinne eit stort publikum.

Men fordi serien blandar absurd humor med klassisk krim, og skaper truverd gjennom sterke skodespelarar og ei samanhengande forteljing, vert ein lett fengsla. Og Twin Peaks vart ein stor publikumssuksess og dessutan ein kritikarfavoritt med dei to sesongane i 1990 og 91. Då slutta Twin Peaks med ein cliffhanger og ei ymting om framhald 25 år seinare.

Etter 26 år går no tredje sesong, der filmskaparane David Lynch og Mark Frost igjen vinn seg nokre framandgjorde skeptikarar, men langt fleire begeistra tilhengjarar, nett som førre gong. I denne tredje sesongen møter vi att dei fleste skodespelarane frå 1990–91, berre 25 år eldre. Har ein late seg forføre av dei to fyrste sesongane, vil ein fylgje med på den tredje, som så langt ser ut til å kunne verta ein endå betre sesong enn dei to fyrste.

Med heile sitt komiske typegalleri og si kriminalhistorie med innslag av ikkje-menneskelege vesen og djevlebesette, har filmskaparane langt på veg lukkast i å blande populærkulturens stereotypar og krimforteljingas spaning med lån frå esoterikken, det vil seie læra om det oversanselege slik vi finn henne i vestleg åndstradisjon.

Typisk for denne blandinga er hovudpersonen sjølv, Dale Cooper. På same tid som han elskar kirsebærterte, er han ein vidarekomen som gjennom okkult øving har tileigna seg evna til å nytte draumar i etterforskinga, og stå i kontakt med oversanselege vesen henta frå romantisk fantasi og okkult litteratur, til dømes ein «kjempe» som gjev han gåter som rett gissa vert til leietrådar i jakta på brotsmannen.

Det uforståelege

Kort fortalt går forviklinga i Twin Peaks ut på at ein søvnig og borgarleg småstad på den kanadiske grensa i staten Washington i det nordvestlege USA, vert brutalt vekt opp av drapet på Laura Palmer. Etterforskinga legg i dagen ei underverd av narkotikamisbruk, prostitusjon og korrupsjon i det vesle lokalsamfunnet, og løynd i denne underverda syner det seg ei tredje, oversanseleg verd av gode og vonde krefter som slåst om makta over menneska.

Sett vekk frå spesialistane og fansen, innrømmer så vel tilhengjarar som skeptikarar av Twin Peaks at dei ofte er rådville når det gjeld meininga med dei mange draumeaktige scenene som dominerer starten på 2017-sesongen, men som òg i dei to førre sesongane vov seg saman med den meir jordnære forteljarlina.

Skeptikarane likar ikkje slik uklårleik, medan tilhengjarane lèt seg fascinera av nett det gåtefulle. Presentasjonen av ei kriminalsak som gåte utan endeleg løysing, er òg eit litterært verkemiddel. Men Lynch og Frost tok ikkje stoffet til det gåtefulle rett ut av lufta. Begge hadde interesser i esoterisk lei. Forfattaren Mark Frost seier han henta ideen til eit sentralt innslag i historia frå teosofen Dian Fortunes Psychic Self-Defense, ein okkult klassikar om korleis ein kan verne seg mot åtak frå vonde makter.

David Lynch har sidan 1970-talet ope vore disippel av Maharishi Mahesh Yogi og utøvar av transcendental meditasjon. I sjølvbiografien Catching the Big Fish: Meditation, Consciousness, and Creativity (2006) skriv han at meditative djupdykk til uvanlege nivå av medvit er naudsynte for å kunne gripa uvanlege kunstnarlege idear.

Den svarte losjen

Såleis lèt Lynch og Frost element av esoteriske idear om indre vekst og vonde makter spela seg ut i ramma til ei populærlitterær kriminalforteljing. Med ein FBI-agent som rår over oversanselege evner, kan kriminalhistoria utviklast som ei undersøking av opphavet til det vonde eller demoniske.

Dale Cooper fylgjer spora til det vonde over grensa til ein annan dimensjon, symbolsk framstilt og kalla Det raude rommet eller Den svarte losjen, med inngang i menneskesinnet og folkesett av ikkje-menneskelege vesen som kan vere i stand til å nytta levande menneske som farty. Her ligg òg ein del av løysinga på drapsgåta: Eit vondt vesen kalla «Bob» har teke makta over kroppen til Laura Palmers far, som myrda dottera.

Den svarte losjen vert forklart i ljos av indiansk mytologi. Politibetjenten Hawk, frå urfolket, fortel at mytologien deira ser «losjen» som eit område sjela må gjennomleva for å verte fullkommen: «Folket mitt kallar det Terskelbuaren.» Her møter ein «sjølvets skugge», sin eigen mørke dobbeltgjengar, seier Hawk.

Terskelvaktaren

Terskelbuaren eller terskelvaktaren er ein velkjend figur frå okkultismen, fyrst skildra i mystikaren Edward Bulwer-Lyttons roman Zanoni frå 1842, og sidan teke opp i teosofiske sirklar. Terskelen som vert vakta, er overgangen til den verkelege åndelege verda, som mennesket ikkje slepp inn i utan fyrst å ha reinsa seg for illusjonar og vondskap. Den svarte losjen er såleis ei mellomverd mellom den jordiske verda og den høgare åndelege dimensjonen.

I den siste episoden i den andre sesongen av Twin Peaks er møtet med terskelvaktaren eller dobbeltgjengaren utforma slik at FBI-agenten Dale Cooper, som friviljug går inn i «losjen» for å berga kjærasten sin, vert splitta i to skapnadar, seg sjølv og ein dobbelgjengar som vert teken over av det vonde vesenet «Bob».

Når Cooper no, i 2017, vender attende til menneskeverda frå Den svarte losjen etter 25 år, gjer han det òg i to utgåver: seg sjølv og dobbeltgjengaren. Ser ein Twin Peaks som ei forteljing om eit menneske som utviklar betre moral og djupare erkjenning av seg sjølv og verda, er det ikkje utenkjeleg at den tredje sesongen av Twin Peaks kjem til å utvikla seg som ein kamp mellom dei to utgåvene av Dale Cooper.

Men no skal eg ikkje seia meir, for ikkje å forklara i hel serien for alle ateistane som gler seg over det meiningslause i han.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Lynch og Frost lèt esoteriske idear om indre

vekst og vonde makter spela seg ut i ramma til

ei populærlitterær kriminalforteljing.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis