Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Meir etnisk norsk enn kong Harald

Camara Lundestad Joof måtte til Danmark for å lese om Noregs deltaking i kolonisering og slavehandel. No har ho gjeve ut ei bok om å oppleve rasisme i Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6650
20180629
6650
20180629

Då ho fekk i oppdrag å skrive ei bok i Samlaget-serien «Norsk røyndom», ville Camara Lundestad Joof (30) skrive om pornografi. Slik gjekk det ikkje.

–?Eg ville ta eit oppgjer med eigne erotiske fantasiar som feminist og politisk aktivist. Men så dreia det inn på hudfargen min: Korleis vert ulike kvinner framstilte og behandla i erotikken? Eg forstod at det finst for lite norsk litteratur om rasisme. Eg kunne ikkje setje meg ned og skrive ei bok om pornografi, kropp og rasisme utan å måtte djupneforklare kva rasisme er. Det vart for rotete. Og det var denne boka eg måtte skrive først, seier Lundestad Joof, som er fødd i Bodø, med norsk mor og gambisk far.

Barn i Afrika og Dæhlie

Vi er på Grønland, på uteserveringa til Oslo Mekaniske Verksted, som deler bygning med Dramatikkens hus. Camara Lundestad Joof har på seg sommarkjole og solbriller. Seinare skal ho på Pride.

–?Eg er genetisk meir etnisk norsk enn kong Harald, seier ho, smiler og gestikulerer med sigaretten i handa. «Eg er så norsk at då eg var lita, selde eg og ei veninne små figurar vi hadde laga for 10 øre på gata», skriv ho i boka. Overskotet gjekk «til svoltne barn i Afrika og Noregs skihåp Bjørn Dæhlie.»

–?Nokre kjende samfunnsdebattantar, som Mahmoud Farahmand i Nettavisen, tek til orde for at det vert ropa for høgt om rasisme i Noreg, at det ikkje er eit problem. Tek dei feil?

Kunstnaren blæs røyk og ler.

–?Det er feil at rasisme ikkje er eit problem i Noreg. Du har den strukturelle rasismen på éi side, det som skjer når ein arbeidsgjevar får ein søknad med eit namn som ikkje er norsk, forventninga lærarane har til deg, å kjøpe hus. På den andre sida har du den personlege rasismen: den fysiske valden, mikroaggresjonen, kommentarfelta. Ein snakkar ofte om rasisme som ei kjensle, men det finst rein statistikk og forsking på dette. Ein føler ikkje at ein har dårlegare sjanse på bustad–?eller jobbmarknaden. Statistisk er det slik.

–?Venta lærarane mindre av deg?

–?Ein lærar sa til meg at eg var smart og velartikulert til å vere neger. Då vart eg nesten letta. Ein lurer jo på om det var meint slik, om ein er for sensitiv, om vedkomande hadde ein dårleg dag. «No har eg prov etter alle gongene eg har vorte møtt med overrasking over at eg er intelligent», tenkte eg.

På rett veg

–?Men det finst tiltak. Arbeidsgjevarar er pålagde å kalle inn minst éin søkar med minoritetsbakgrunn til intervju. Og stortinget har nyleg vedteke å lage ein ny handlingsplan mot rasisme og etnisk og religiøs diskriminering.

–?På svært mange måtar går det rett veg. Men rasisme går ikkje berre på brun hudfarge. Det handlar om samar, tatarar og rom. Det kjem stadig meir forsking på dette, men ikkje nok. Eg var på utstillinga Folk på Teknisk museum, og vart heilt svimmel. Den første bølgja av pakistanske innvandrarar kom i 60- og 70-åra. Då vart norske minoritetar framleis tvangsflytte, tvangssteriliserte og lobotomerte. Noreg og Danmark hadde 112.000 vestafrikanske slavar i den transatlantiske slavehandelen. Eg måtte til Danmark for å lese at vi hadde sukkerraffineri og var godt plasserte i guvernørposisjonar i Ghana og St. Thomas. Eg seier «vi» som ein del av det norske kollektivet. Som halvt norsk og halvt gambisk er tematikken interessant: Kor mykje rettvis harme kan eg ha på vegner av den vestafrikanske familien min som vart teken, og kor mykje dårleg samvit skal eg ha for den norske og svenske familien min som nytte godt av koloniseringa? Det er godt som kunstnar å ha motstridande kjensler. Det gjer det vanskeleg å rette ein peikefinger utan å peike på seg sjølv.

–?Kor mykje rasisme finst det i Noreg i dag?

–?Det er vanskeleg å svare på, det finst for lite forsking på det. Eg meiner politikarane har nedprioritert det. Foreningen mot diskriminering og andre organisasjonar fører no statistikk. Dei snakkar med unge menneske. Og det vil eg ha: fakta og forsking framfor anekdotar.

Til sals

Som 14-åring var Camara Lundestad Joof med i ein dokumentarfilm om ungdom med minoritetsbakgrunn. Sidan har ho skrive dramatikk og laga kunst, ho hadde Morten Krogh ved Kunsthøgskulen i Oslo som mentor og huskamerat, og ho har sju år med enkeltemne på Blindern bak seg, men ingen grad å vise til. Ho fekk nemleg ME.

–?Eg vart sjuk etter arbeidet med dokumentarfilmen, låg på eit mørkt rom og sov i to år. Dei små øktene mellom søvnen nytta eg til å lese, tenkje og sjå på Buffy the Vampire Slayer . Men ein føler at ein har kasta bort så mykje tid. No er det primært politikk eg driv med, og kunsten er for meg den beste reiskapen.

Ho skriv om å verte slått med paraply fordi ein går med bunad, og om å verte banka opp. Før sexkjøpslova kom, vart ho ofte spurd kva ho kosta. «På Grünerløkka. På Aker Brygge. På veg ut av Hennes & Mauritz på Oslo City. Eg er blitt spurd av flaue menn, (...) menn i bil med tomt barnesete (...) og av menn som blir sinte og smeller meg mot bilen sin.» – Det var ein stor del av å flytte til Oslo: Folk trudde eg var til sals fordi eg er brun. Etter ei framsyning av Pavlovs tispe , der eg snakka om dette over elleve scener, kom ei kvinne med brasiliansk bakgrunn bort og sa: «Eg trudde det berre var meg.»

–?Du skriv òg om det å spørje kvar ein er frå. Men er ikkje dette meir sleivete enn rasistisk?

–?Folk må få spørje. Men det er ubehageleg, og ein må vere klar over at behovet for å få vite kvifor eg er brun, ikkje trumfar behovet mitt for å sleppe å vere pedagog gratis. Ein må vere klar over kva ein spør om. Og vite at ein er den tiande som spør den dagen.

–?Til slutt: I boka går det fram at du var motvillig til å skrive om rasisme. Føler du ansvar for å snakke om det?

–?Ja. Eg er privilegert som har ei stemme, og meiner det er ei samfunnsoppgåve. Eg var motvillig fordi eg føler at eg personleg snakkar dette i hel dagleg. Men vi snakkar lite om det i det offentlege: korleis dette er og kjennest i Noreg. Eg har norsk pass og morsmål; eg er ikkje ei målskive. Det skulle berre mangle at eg tek debatten. Men eg forstår godt alle som ikkje orkar. Eg vert ei personifisering av det brune – ei stemme på vegner av fleire. Men eg er òg ein biseksuell, polyamorøs rabiat feminist, seier kunstnaren og skuvar brillene litt høgare opp på nasen.

Bakgrunn

Camara Lundestad Joof vart fødd i Bodø i 1988.

Ho er kunstnar, dramatikar, skodespelar, musikar og forfattar.

Ho står bak teaterstykka Ikke uden min mor og 

Pavlovs tispe, ein kunstinstallasjon og boka Eg snakkar om det heile tida. Boka er hennar første.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis