– Samiske historier er verdifulle
Harald Hårfagre vart djupt forelska i Snøfrid, og slutta seg til henne og det samiske folket då dei gifta seg.
For tida turnerer Ingá Márjá Sarre med det samiske teateret i rolla som Snøfrid.
Foto: Johan Mathis Gaup
Det samiske teateret Beaivváš vart etablert i 1981 av unge og engasjerte kulturaktivistar i Kautokeino etter at regjeringa ville demme opp Alta–Kautokeino-vassdraget. Den første framsyninga var Våre vidder frå same år, og ti år seinare vart teateret lagt inn som ein fast post på statsbudsjettet. I januar sette Beaivváš opp stykket Snøfrid, som no er på turné. Det er Ingá Márjá Sarre som har rolla som den vakre dronninga som var gift med Harald Hårfagre. Ifølge segna var Harald så forelska i Snøfrid at han forsømte riket sitt, og han skal ha blitt galen då ho døydde.
– Snøfrid har vore ein veldig spennande rollefigur å jobbe med. Eg visste ikkje så mykje om henne frå tidlegare. Vi lærte aldri om henne på skulen. Det eg visste, var at ho var ei sørsamisk kvinne som gifta seg med Harald, og at han var svært forelska i henne. Det som er spennande med Snøfrid, er at eg får spele henne både som barn og som vaksen firebarnsmor, fram til ho døyr. Eg får jobbe med fleire lag i same rolle.
– Fortel litt om kven Snøfrid var?
– Ifølge Heimskringla var Snøfrid dotter av samekongen Svåse. Ho voks opp på slutten av 800-talet og var den femte kona til Harald Hårfagre. Ifølge segna var ho ei sterk kvinne som kunne spå om framtida. Bak ein sterk mann står som regel ei sterk kvinne. Mi tolking av rolla er at ho påverka han sterkt i arbeidet med å samle Noreg.
– Korleis var forholdet mellom Snøfrid og Harald?
– Dei var sterkt bundne til kvarandre. Dramatikar Arne Berggren og vår tolking av segna er at Harald var meir bunden til Snøfrid enn ho var til han. Snøfrid døyr i barsel, men eg trur ho valde døden fordi ho visste at det ville gjere Harald sterkare. Bestemora til Snøfrid kjem også til henne som ei ånd og fortel at alle menneske har eit oppdrag å utføre. Ikkje før og ikkje etter. Dei kjenner augneblinken når han er der. Dette er ei forteljing om kjærleik og maktkamp. Ei historie som kunne ha skjedd kor som helst i verda, uavhengig av kultur.
– Korleis jobbar du som skodespelar ved Beaivváš?
– Det som skil Beaivváš frå andre teaterinstitusjonar, er at ein konsekvent nyttar samisk, i alle fall dersom formspråket ikkje tilseier noko anna. Mange stykke har dessutan verkemiddel som til dømes joik. Dessutan tekstar Beaivváš alle produksjonar på norsk eller finsk, det kjem an på kor vi spelar. Eg har for tida eitt års vikariat på teateret og har vore med i 13 produksjonar. Den første heitte Vølunds kvad, eller Volundda Muitalus, og vart sett opp i 2000. Eg har hatt mange ulike roller, både hovudroller og roller som spreke, eldre damer, og eg har til og med spelt ei pakistansk badevakt frå Tøyen. Då hadde eg ein språkkonsulent, fordi eg skulle snakke urdu.
– Er dei samiske historiene mangelvare i Noreg, meiner du?
– Dei samiske historiene i norsk skulevesen er, eller var i det minste, mangelvare då eg voks opp. Det er betre i dag, men på ingen måte tilfredsstillande. Samiske historier er verdifulle og har ein sterk kulturarv. Eg trur at mange viktige historier har forsvunne i fornorskingsprosessen. Og det at Snøfrid har fått ein så liten plass i norsk historie, tyder jo på det.
Elise Løvereide
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?