I Russlands kulturelite ser mange arrestasjonen av ein teaterinstruktør som eit varsel om endå dårlegare tider.
Den russiske film- og teaterinstruktøren Kirill Serebrennikov risikerer fleire år i fengsel dersom han vert dømd for å ha stukke til seg statsstønad.
Foto: Tatyana Makeyeva / Reuters / NTB scanpix
TEATER
ottar@dagogtid.no
Den 22. august vart Kirill Serebrennikov (48) arrestert, og det har vekt sterke reaksjonar i Moskva. Serebrennikov vert skulda for å stukke til seg over åtte millionar kroner, som han mottok som statsstøtte til eit prosjekt som vart kalla «Platform» på det moderne kultursenteret Vinsavod i Moskva. Både Serebrennikov og støttespelarane hans nektar for at han er skuldig.
– Arrestasjonen sende sjokkbølgjer gjennom Russlands kunstnarmiljø, og har skapt frykt for eit tilbakeslag for den kulturelle fridommen, skriv The Guardian.
PROGRESSIVT TEATER
Serebrennikov er ein av dei fremste teaterinstruktørane i Russland. Sidan 2012 har han vore kunstnarisk direktør ved Gogolsenteret, som er kjent for å vere eit progressivt, eksperimentelt teater som liberale moskovittar vitjar. Det er kjent for samtidsproduksjonar som ofte tek for seg politiske og seksuelle tema som sjeldan vert viste på scener i Moskva elles.
Serebrennikov har instruert mange teatertykke og elleve filmar. For den siste filmen sin, Studenten, fekk han Fracois Chalais-prisen i Cannes i fjor. Då han vart arrestert, var han i gang med å spela inn filmen Sommer, som handlar om den russiske rockestjerna Viktor Tsoi, som er vokalist i rockebandet Kino. Serebrennikov hadde dessutan planar om å instruera operaen Hans og Grete, som skal ha premiere i Stuttgard i oktober.
Svært mange kulturpersonlegdomar har forsvart Serebrennikov. Eit par hundre av dei som protesterte mot arrestasjonen, møtte opp utanfor rettslokalet sist veke, og nokre vart arresterte. Det enda med at Serebrennikov skal sitja i husarrest fram til 19. oktober, men vert han dømd, risikerer han opptil ti år i fengsel, skriv Politiken.
DYSTER MILEPÅLE
Den seriøse, danske avisa dreg saka svært langt ved å visa til at dette kanskje er det verste politiske overgrepet i Moskvas teaterverd sidan den tysk-russiske instruktøren Vsevolod Meyerhold vart avretta etter ordre frå Stalin i 1940. Men Politiken innrømmer at samanlikninga kan kallast vill.
Meyerhold vart både torturert og tvinga til å tilstå at han var spion for både Japan og Storbritannia, før han vart skoten. Likevel har talrike regimekritikarar samanlikna dei to sakene. Dei kallar arrestasjonen ein ny, dyster milepåle i utviklinga mot eit meir repressivt russisk samfunn. I atten år har Putin sete med makta i Russland, og i denne perioden har det gradvis vorte meir risikabelt å utfordra systemet både for politikarar, mediesjefar, menneskerettsaktivistar, kulturpersonlegdommar eller allminnelege borgarar, konstaterer Politiken.
Avisa fortel at Serebrennikov ofte har vore på kant med systemet. Blant anna deltok han i dei store demonstrasjonane mot Putin-regimet i 2011–2012, og han har vore ein skarp kritikar av utviklinga i landet.
Den verdskjende russiske forfattaren Boris Akunin er blant dei som støttar Serebrennikov.
– Lat oss kalla ting ved deira rette namn. Det var ikkje NKVD som arresterte Meyerhold. Det var Stalin. Det var ikkje Etterforskingskomiteen som arresterte Serebrennikov. Det var Putin, skriv Akunin på Facebook.
Akunin meiner at denne saka signaliserer eit nytt stadium og nye reglar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.