Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er 50 år sidan Robert Davidson tok dette vidgjetne fotografiet av Frank Zappa.

Foto: Robert Davidson

3878
20170901
3878
20170901

50 ÅR ETTER EIT TOALETTBESØK

For 50 år sidan skulle den amerikanske musikaren Frank Zappa spela i Royal Albert Hall. Men han måtte på do, og medan Zappa var der, gjekk den 19 år gamle Robert Davidson rundt utanfor døra for å finna ein passande stad der han kunne ta eit portrettbilete av musikaren.

Brått fekk han ein idé.

– Orsak, kan eg få eit bilete av deg? ropte han inn til Zappa.

Og den kjende musikaren sa ja til å sitje modell for eit av dei mest ikoniske fotografia som er tekne av han. Sidan skal han ha uttalt at han er meir vidgjeten for å ha sete på do enn for noko anna, skriv danske Politiken.

På få månader hamna biletet på plakatar og T-skjorter, og apparatet rundt Zappa trudde at Davidson åleine tente pengar på det. Dei greidde å tvinga den unge fotografen til levera frå seg negativane, men ingen tente mykje på biletet. I 2010 vart negativane lagde ut for sal på nettet, og det enda med at Davidson fekk lov å kjøpa dei ti negativane for ein symbolsk sum. Bileta har vore utstilte to gonger i år, og dei kjem til å liggja på National Portrait Gallerys heimeside, fortel Politiken.

NASJONAL KULTURSKATT TIL NOREG

Den største private kartsamlinga over Noreg og nordområda er overført til Nasjonalbiblioteket. Det er Sparebankstiftelsen DNB som har kjøpt milliardæren William B. Ginsbergs samling for 60 millionar kroner. Samstundes løyver regjeringa midlar til eit nytt kartsenter i Nasjonalbiblioteket.

– Det er ein nasjonal kulturskatt som no er komen heim til Noreg, seier Aslak Sira Myhre, direktør for Nasjonalbiblioteket, og held fram:

– Når denne fantastiske gåva vert slegen saman med den eksisterande kartsamlinga vår, vil Nasjonalbiblioteket ha den største og mest systematisk oppbygde samlinga av kart over Noreg og nordområda i verda, og med dette ei av dei viktigaste kartsamlingane for forsking i Europa.

For at kartsamlinga skal vera tilgjengeleg for heile folket, løyver regjeringa eit årleg driftstilskot til eit formidlings- og forskingssenter for kart i Nasjonalbiblioteket.

NYE SCENER FRÅ EIT EKTESKAP

Kjønna hadde bytt roller då Det Kongelige Teater i København hadde premiere på Ingmar Bergmans Scener frå eit ekteskap denne veka. I den moderne versjonen er det brått kvinna som lengtar etter sex og forlèt mann og born til fordel for ein yngre modell.

Stykket hadde urpremiere som minifjernsynsserie i 1973, og både nordmenn, svenskar og danskar slukte akademikarparet Johan og Marianne, spelt av Liv Ullmann og Erland Josephson. I stykket krakelerer det ti år lange ekteskapet sakte, men sikkert, men der var det Johan som forlét kone og born til fordel for ei yngre kvinne.

Etter fjernsynsserien skal skilsmisseprosenten ha stige både i Danmark og Sverige, skriv Politiken. Bergmann sjølv fekk hemmeleg telefonnummer for å unngå å verta oppringt av personar som ville diskutera ekteskapet sitt med han.

EIN BETRE BIBEL

For å feira nyutgjevinga av Bibelen vert det denne veka arrangert eit maratonløp som byrja på Nordkapp 29. august og går til Lindesnes, før det endar på Slottsplassen i Oslo 2. september. Sidan starten i 1997 er det selt 200.000 eksemplar av Bibelen – Guds ord. No vert det lansert ei tvers gjennom revidert utgåve der teologar og språkredaktørar har gjort meir enn 15.000 utbetringar i språk og skrivemåte.

I maratonen denne veka vert Bibelen lesen 24 timar i døgeret, og han skal innom nær femti bokhandlar i tillegg til ei rekkje kyrkjer og bedehus. Om lag tre hundre pastorar og prestar frå ei rekkje kyrkjesamfunn, pluss fleire ordførarar, vil delta med høgtlesing på arrangementa.

MÄRTHA LOUISE PÅ SVENSK

Prinsesse Märtha Louise gjestar den store, svenske bokmessa i Göteborg i slutten av september. Saman med forfattaren Elisabeth Nordeng skal ho presentera boka Født sensitiv og diskutera det å vera svært kjenslevar ut frå personlege røynsler. Boka deira kjem på svensk 1. november.

ottar@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis