Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2465
20171215

Maren i Myra

Lars Myra var vandret avsted

til himmerigs glæde og fred.

:/: Og Maren i Myra gikk heime og styra

til likferd i ansiktets sved. :/:

Og allting blev ordnet galant,

og ’n Lars neri jorda forsvandt.

:/: Og Maren hu mista ei tåre på kista –

med mye besvær det er sandt. :/:

Og presten sa: «Trøst dig, min venn!»

Men Maren hun svarte igjen:

:/: «Nei, aldri jeg glemmer hvad jorda nu gjemmer,

og han som er vandret derhen!» :/:

Før Maren den kveld gikk i seng,

kom luskende naboens dreng.

:/: Han hvisket: «Du Maren, han Lars han er faren,

men gå itj med sorga for leng’! :/:

Men Maren hun svarte så pent:

«Jeg skjønner det ærlig er ment,

:/: men hjertet jeg mista til han som gjor’ kista,

så du er nok kommet for sent.» :/:

ALV SCHIEFLOE

Å lære seg teksten utanåt – framleis har vi høyrt om slike som kunne deklamera heile «Terje Vigen», 43 strofer, utan å kika i boka. Ove Røsbak, meiner eg, les ofte opp dikta sine utan å bruke manus. Og visesongarane våre, dei kunne det.

Kva gjer ein tekst lett å hugsa? At linene går på rim, sjølvsagt. Underteikna, som ikkje kan so mykje utanboks, har eitt unntak, frå den tida han meistra tre grep på gitaren: «Maren i Myra» av trøndervisediktaren Alv Schiefloe (1873–1951), her sitert etter Den første store viseboka, som var grøn i bindet (red. Thorbjørn Egner m.fl., 1955). Visa går i G-dur, komponist er ikkje oppgjeven.

Teksten er stramt sett opp, historia er kronologisk fortald, rima sit perfekt – iblant med uventa eleganse: «ordnet galant/ neri jorda forsvandt». Mannlege rim ved lineslutt, kvinnelege ved innrim i tredje linje: «Og Maren hu mista ei tåre på kista».

Denne tåra er varsla i første strofe, der Maren steller til likferd «i ansiktets sved». Historia er fortald på ein innful måte: Enkas sorg får ei vending i sluttstrofa, der ho for lengst har forelska seg i kistesnikkaren. Han som stod som nummer 2 i friarkøen får lang nase, men vert avvist på ein danna måte: «så du er nok kommet for sent».

Forteljinga om ekteparet Lars og Maren vert forvandla frå truskuld til røyndom i løpet av fem strofer. Når presten syner seg i midtstrofa, får Maren høve til å lyga om kor høgt ho saknar den døde ektemannen. Denne eine strofa var den underteikna hadde gløymt, i den plutselege memoreringa av teksten.

Ein kunne spørja: Ville visa vore meir elegant utan strofe 3? Var det naudsynt å understreka Marens narrespel? Når vi alt veit det er «med mye besvær» ho gret på kista.

JAN ERIK VOLD

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis