Frå venstre: statssekretær Jan-Christian Kolstø, ordførar Jon Rikard Kleven, skodespelar Lise Fjeldstad, assisterande rådmann Anders Sandvik og artist Tom Roger Aadland.
Foto: Maja Grabia / Kulturdepartementet
Årets nynorskkommune er Vinje
Kulturdepartementet har kåra Vinje i Telemark til årets nynorskkommune.
– Nynorsk er eit mindretalsspråk og treng eit særleg vern. Det har Vinje kommune skjøna, seier Margrethe Kvarenes, seksjonssjef i Språkrådet, som har leidd juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.
I juryen sit òg representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.
Juryen legg vekt på at Vinje er ein føregangskommune i arbeidet for å gje innvandrarar norskopplæring på nynorsk, og at kommunen har kravt nynorsk i felles profilering av Vinje som reisemål.
Prisen, som vart delt ut måndag, er på 100.000 kroner.
Bokhandlarprisen til Simon Stranger
Dei som driv bokhandel her i landet, har stemt fram Leksikon om lys og mørke som den beste romanen i år.
– Det er ei personleg bok og dessverre ein roman med ein stadig meir aktuell klangbotn, sa Simon Stranger då han fekk prisen tysdag.
Då forfattaren fekk greie på at svigermora, som er frå ein jødisk familie, hadde budd i huset der Rinnanbanden heldt til, Bandeklosteret, byrja han å grave fram historia om familien.
Bokhandlarprisen vart delt ut for første gong i 1948. Då heitte prisen «Takk for boken»-prisen og gjekk til Sigurd Hoel. Bokhandlarprisen, som har hatt det nye namnet sidan 1981, er ein bronsestatuett av bilethoggar Nils Aas.
tiril@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Årets nynorskkommune er Vinje
Kulturdepartementet har kåra Vinje i Telemark til årets nynorskkommune.
– Nynorsk er eit mindretalsspråk og treng eit særleg vern. Det har Vinje kommune skjøna, seier Margrethe Kvarenes, seksjonssjef i Språkrådet, som har leidd juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.
I juryen sit òg representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.
Juryen legg vekt på at Vinje er ein føregangskommune i arbeidet for å gje innvandrarar norskopplæring på nynorsk, og at kommunen har kravt nynorsk i felles profilering av Vinje som reisemål.
Prisen, som vart delt ut måndag, er på 100.000 kroner.
Bokhandlarprisen til Simon Stranger
Dei som driv bokhandel her i landet, har stemt fram Leksikon om lys og mørke som den beste romanen i år.
– Det er ei personleg bok og dessverre ein roman med ein stadig meir aktuell klangbotn, sa Simon Stranger då han fekk prisen tysdag.
Då forfattaren fekk greie på at svigermora, som er frå ein jødisk familie, hadde budd i huset der Rinnanbanden heldt til, Bandeklosteret, byrja han å grave fram historia om familien.
Bokhandlarprisen vart delt ut for første gong i 1948. Då heitte prisen «Takk for boken»-prisen og gjekk til Sigurd Hoel. Bokhandlarprisen, som har hatt det nye namnet sidan 1981, er ein bronsestatuett av bilethoggar Nils Aas.
tiril@dagogtid.no
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.