Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Universitetsaulaen slik han ser ut i dag.

Foto: Statsbygg

2685
20181214
2685
20181214

Arkitekturpris til universitetsaula

Rådet for byforming og arkitektur i Bergen har kåra Universitetsaulaen i Bergen til vinnar av Arkitektur- og byformingsprisen 2018. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Statsbygg gjennomført rehabiliteringa av Universitetsmuseet i Bergen – Dei naturhistoriske samlingane, Muséplassen 3, som vart teikna av arkitekt Johan Henrik Nebelong og oppført i 1865 med påbygging av to nye fløyer i 1896.

Juryen skriv mellom anna at aulaen har vorte ein viktig offentleg møtestad både for universitetet og byen.

Oppussinga har gått føre seg i to delar. Sørfløya vart ferdig i 2015. Den andre delen skal stå ferdig neste år. Heile rehabiliteringa er kostnadsrekna til om lag 720 millionar kroner, opplyser Statsbygg.

Kringkastingsprisen til Eli Kari Gjengedal

Tysdag fekk Eli Kari Gjengedal Kring­skastingsprisen på direkten på TV 2. Prisen som har vore delt ut sidan 1978, skal gå til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio og fjernsyn, og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

I grunngjevinga seier styret i Kring­kastingsringen mellom anna følgjande: «Prisvinnaren har gjennom sitt yrkesliv stått støtt som ein trygg dialektbrukar. På klingande sognemål har ho meldt om regn, sol, sludd og frisk bris. I 2009 song ho vêrmeldinga på melodien til Ola Tveiten, sjølvsagt på dialekt, og som del av markeringa av samane sin nasjonaldag i februar i år, imponerte ho med å framføre meldinga i sin heilskap på samisk.»

Prøysenstova er freda

Riksantikvaren har freda barndomsheimen til Alf Prøysen vest for Rudshøgda i Ringsaker. Diktaren, forfattaren og songaren vart fødd på husmannsplassen i 1914 og voks opp der.

– Prøysenstova er eit nasjonalt viktig kulturminne både som Prøysens barndomsheim og som ein husmannsplass som er teken godt vare på, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Fredinga omfattar stovebygningen, fjøsen og løa. Tunet, hagen og eit ferdighus som Alf Prøysen sette opp til foreldra sine i 1955, er òg freda saman med jorde, steinrøysa og delar av Prestvegen.

Brit Bildøen vert festspeldiktar i Bergen

Norsk forfattersentrum Vestlandet har valt Brit Bildøen som festspeldiktar 23.–26. mai neste år. I grunngjevinga for valet skriv Olaug Nilssen: «Sjølv om Brit Bildøen skriv om ei kvinne som lempar ein død katt på dørstokken til ein byråkrat, inviterer bøkene hennar først og fremst til refleksjon, ikkje emosjon. Dei er litterært solide, gjennomtenkte og sobre. Brit med lang I er ein sofistikert forfattar, som behandlar sine tema med språkleg og strukturell sikkerheit. Forfattarskapen er ikkje mild, men han sprett ikkje uføreseieleg rundt som ein ball heller.»

tiril@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis