Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Atombomber og barnerumper

– Generasjonen min er klemd mellom andre verdskrig og oljealderen, seier forfattar Arnhild Skre, som er ute med boka Kald krigs kviskring, om barndom og verdsbilete i skuggen av opprustinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
USA sende moderne kunst til Europa for å demonstrere kor fritt landet var i motsetnad til Sovjet, fortel Arnhild Skre.

Foto: Mone Celin Skrede

7022
20170901

Arnhild Johanna Skre

Fødd i 1952 i Bergen

Gift med Nils Bütenschøn

Bur i Ytre Enebakk

Har fortid som redaktør for Dag og Tid og Pressehistorisk tidsskrift og som avdelingsleiar i Aftenposten

Kartla den norske partipressa som forskingsarbeid i 2003

Har skrive biografiar om Hulda Garborg, Ragnhild Jølsen og Theodor Kittelsen, og vann Brageprisen for den førstnemnde

Litteratur

mone@dagogtid.no

– Eg er eit kald krigs-barn, seier forfattar, historikar og journalist Arnhild Skre og ler.

Ho er fødd i 1952, og etter å ha studert den kalde krigen ved Universitetet i Oslo i 1994, vart ho svært fascinert av perioden ho hadde vakse opp i. Sjølv meinte ho at ho hadde vakse opp på ein stad verna mot verda, og var ikkje samd i at ho var ein del av etterkrigsgenerasjonen. Men det ho hugsa som ein trygg barndom, gjorde henne uroleg. Var det eigentleg så trygt? Ho vart nyfiken på korleis den kalde krigen eigentleg slo inn i kvardagslivet hennar som barn. I ein spenningsperiode som i litteraturen er avgrensa til stormaktspolitikk, overvaking og kapprusting, ville Skre skape eit breiare bilete.

Kulturbarbariet USA

– Du skriv om kulturstraumen frå USA, og det nedlatande synet på han. Men i dag er landet vårt gjennomsyra av amerikansk kultur.

– I dag kan vi ikkje førestelle oss USA som det kulturelle barbariet dei tonegjevande i 1950-åra meinte det var. Den moderne kunsten kom til Europa frå kulturdiplomatar i USA. Dongeribuksa, som tidlegare hadde vore eit arbeidarplagg, vart «cool», og bodskapen var at «det er USA som er den frie verda». Då eg voks opp, var det Sovjet som var verdas diktatur. Spania, med Franco i spissen, hadde eg ført opp i barneskuleboka mi som eit kongedøme. Russofobien er ei lang line i idéhistoria, men han vart sterkt intensivert frå byrjinga av den kalde krigen, kring 1947. Eg trur vi framleis er prega av han.

– Korleis vart kulturen i Noreg prega?

– Svært få hadde tenking og grep til å forstå kald krigs-biletkunsten. Det er først i dei seinare tiåra at kunsthistorikarar i Noreg kan sjå Jackson Pollacks sprutmåleri i lys av atomopprusting og truande sivilisasjonssamanbrot. Det same galdt litteraturen. Det har vore kjent at Tarjei Vesaas skreiv andre verdskrig-romanar, men då han gav ut Brannen, forstod ikkje forleggjaren kva Vesaas hadde skrive. Tove Janson, som har skrive om mummitrollet, skreiv òg under ein atomhimmel. Eg ville forstå den kalde krigen som kulturperiode.

«Kommunisten i Sæ»

– Du har intervjua «Kommunisten i Sæ», Johann Belsvik frå nabolaget ditt. Såleis undersøkjer du kva som føregjekk parallelt med barndommen din. Fekk du overraskingar i forskingsarbeidet?

– Fleire av dei gode menneska eg voks opp med, vart spionerte på av staten. At nokon luska i nabolaget og overvaka naboane, gjorde inntrykk på meg. Mange journalistar, menneske i mitt eige yrke, nytta plattforma si for å overvake andre. «Den viktigste oppgaven i kampen for Norges selvstendighet (...) er å redusere kommunistpartiet og kommunistenes innflytelse mest mulig», sa Einar Gerhardsen. Og det er avgjerande at ein forstår kor redde folk var for ein ny krig. Men kald krigs-tenkinga gjekk for langt. Vi voks opp i eit laboratorium; mjølketennene våre og bein frå barnelik vart nytta delvis til å måle radioaktivitet og delvis til å undersøkje korleis han verka på menneskekroppen. Eg kan ikkje hugse at vi fekk vite at atomstøvet frå sovjetiske prøvesprengingar gjorde at vi ikkje kunne ete snø. Vi kom til å få mark i magen, sa ein i staden. Og det var rekna som spionasje dersom ein opplyste om verdiane av radioaktivitet i mjølka vi drakk. Styresmaktene var redde for at subsidiepolitikken stod i fare dersom verdiane kom fram i lyset. Denne eksperimenteringa var det verste for meg, og eg trur teiingskulturen er ei av årsakene til modernismen i litteraturen. Han var eit opprør.

– Du meiner altså at Amerika-glorifiseringa i Noreg er eit resultat av den kalde krigen?

– Den kalde krigen var éi årsak, men ikkje den einaste.

– Du har ikkje snakka med representantar for den norske etterretninga. Som journalist, var du ikkje redd boka skulle få slagside?

– Det kunne eg absolutt ha gjort. Men dei er særs vanskelege å finne. Eg veit berre om Fridtjof Frank Gundersen, som har stått fram som agent for etterretningstenesta. Eg vart spurd i ein film om Pelle-gruppa om eg tykte overvakinga var rimeleg. Då sa eg at eg skjøna det godt, sjølv om det er kommunistane som er offera i forteljinga. Men på same måte som eg tykkjer overvakinga av mange kommunistar var heilt rimeleg, er det rimeleg å overvake høgreekstreme miljø og ekstreme islamittiske miljø. Det kritikkverdige er når dette skjer utanfor demokratisk kontroll og i motstrid til samfunnsverdiane våre om politisk fridom og samfunnsfred.

Skre går fort frå å skrive om varme gode barndomsminne – frå paradishopp i vegen til verdsbiletet i Ian Flemings James Bond, Donald Duck og den impresjonistiske kunsten – til å ta sats og hoppe rett inn i spionasjehistoria. Ho skriv om atombomba, Nikita Krusjtsjov, Jonas Lie og Einar Gerhardsen.

– Var du ikkje redd gapet skulle verte for stort?

– Jau, seier Skre og ler godt.

Ho ser ned på bokeksemplaret, rikeleg stappa med små lappar mellom sidene.

– Gapet vart for stort. Eg hadde opphavleg teke med ei heil utgreiing over utviklinga i kaldkrigshistorieforskinga, og ringde Geir Lundestad for å få han til å lese gjennom. Eg enda med å kutte bort nesten alt, og måtte gje han kontrabeskjed. Og det var godt å kunne setje seg ned og leite etter andre ting enn kapprusting og sånt.

Stempel i minnet

Boka startar med ein refleksjon rundt dei gamle norgesglasa Skre har i kjellaren. Ho får seg ikkje til å kaste dei. Dei symboliserer tryggleik, slik dei gjorde for mor hennar. Det stod i informasjonshefta om atombomba at alle måtte ha lagra mat tilgjengeleg dersom alarmen gjekk. Vidare har Skre intervjua folk frå nabolaget, gamle vener og mindre kjende kommunistar ho har grave seg fram til i seinare tid. Jamvel om dei var ukjende, vart dei sterkt overvaka av staten.

– Kvifor skrive om den kalde krigen no?

– Det er det fleire grunnar til. Det er ofte snakk om at vi er på veg inn i ein ny kald krig, med Nord-Korea, Russland og USA. Det er første gong i historia at vi har amerikanske troppar stasjonerte i landet vårt, sjølv om få vil snakke høgt om det. Det ville ikkje Einar Gerhardsen gå med på på den tida, endå så vestleg orientert han var. Eg tek meg i å lure på om dagens politikarar har lese historia. På ei anna side kjende eg eit personleg behov. Min generasjon er i avgangsklassen, vi vert gamle. Historisk sett er vi er klemde mellom den andre verdskrigen og oljealderen. Eg ønskjer at vi òg får setje stempelet vårt på det kollektive minnet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg tek meg i å lure på

om dagens politikarar

har lese historia.

Arnhild Skre

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB

Ordskifte
Thomas Mo Willig

Fotball og laksediplomati

Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn
Atle Grønn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Ein kosmetisk klinikk i Miami i USA reklamerer for såkalla BBL-behandling, der filler blir injisert i rumpa.

Foto: Ellis Rua / AP / NTB

HelseSamfunn

Ein bransje full av skrukkar

2025 blir eit rekordår – også for fiksing av fjes. Noreg er eit av få land i verda der styresmaktene ikkje bryr seg med kven som injiserer kva.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis