Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Ein bransje full av skrukkar

2025 blir eit rekordår – også for fiksing av fjes. Noreg er eit av få land i verda der styresmaktene ikkje bryr seg med kven som injiserer kva.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein kosmetisk klinikk i Miami i USA reklamerer for såkalla BBL-behandling, der filler blir injisert i rumpa.

Foto: Ellis Rua / AP / NTB

13684
20250103

Botox

Botox er eit registrert botulinumtoksinlegemiddel.

Botulinumtoksin er ei naturleg gift som lammar muskulaturen i tre til fem månader.

Det blir sagt at 0,000001 gram kan drepe eit menneske.

Det finst fleire botulinumtoksinmerke, men Botox er så vanleg at det blir brukt som samnamn.

I Noreg blei det ifølge Apotekforeningen selt 15.900 pakkar botulinumtoksin i 2013, 34.800 i 2018 og 88.700 i 2023. Botox står for over 90 prosent.

Filler

Ordet filler – fyllstoff – blir brukt om hyaluronsyre, som finst naturleg i kroppen.

Stoffet blir injisert i kjemisk framstilt form blant anna for å gjere leppene fyldigare eller omforme kinn- eller hakeparti.

Stoffet ligg i kroppen i opp mot to år før det blir nedbrote og skilt ut i urinen.

Kjende fillermerke er Restylane, Juvedérm og Teosyal. Produkta er ikkje definerte som legemiddel; alle kan kjøpe dei.

Ein mogleg og frykta biverknad er synstap.

Estetisk medisin

marita@dagogtid.no

Det gjorde så fucking vondt, seier svenske Sandra Slagbrand i ein TikTok-video som har blitt omtalt også i norske medium. Ho fortel om korleis det var å «tømme leppene» etter at dei blei skadde i ein fillerinjeksjon. Ho blei send frå det eine sjukehuset til det andre, der legane var i villreie, før ho fekk blodfortynnande og antibiotika.

Ho var sjukmeld i ein månad.

– Eg kjem neppe til å gjere det igjen, seier ho.

Men at leppene ho fortel historia med, er naturlege, er vanskeleg å tru.

– Heilt sinnssjukt

Bruken av den muskellammande gifta botulinumtoksin og fyllstoffet hyaluronsyre – botox og filler, som stoffa heiter på folkemunne – er ein milliardindustri. Ifølge The International Society of Aesthetic Plastic Surgery (ISAPS) er talet på enkle, altså ikkje-kirurgiske, kosmetiske inngrep, meir enn dobla sidan 2018.

Berre i USA blei det ifølge American Society of Plastic Surgeons (ASPS) utført 25,4 millionar slike inngrep i fjor.

Veksten har blitt omtalt som eit folkehelseproblem. Der det tidlegare var dei godt vaksne – for det meste kvinner – som fekk injisert botox og filler, stig talet på kundar i tjueåra. Trenden blir forsterka ved at jenter ned i tolvårsalderen reklamerer for hudkremar med hyaluronsyre på TikTok.

Mange som får injisert filler i leppene, ber om «Kylie Jenner-lepper».

Foto: Scott A. Garfitt / Invasion / AP / NTB

Bransjen er venta å vekse med 12 prosent årleg fram mot 2030. Men særleg i Noreg er han uoversiktleg. Behandlarane deler sekk med frisørar og andre i venleiks- og velværesektoren. Ved sida av store kosmetiske klinikkar som Eger Oslo, som gir 35.000 kosmetiske behandlingar i året, finst det eit utal enkeltpersonføretak. Enkelte opererer heimanfrå.

Til Dag og Tid opplyser Helsetilsynet – etter litt graving i statistikkavdelinga – at dei ikkje fører «statistikk som er spesifisert ned på estetisk medisin eller kosmetisk behandling».

No ser det ut til at dei fleste behandlarar har sjukepleiarutdanning. Ein del har vidareutdanning i kosmetisk dermatologisk sjukepleie. Senzie Akademiet i Oslo, som tilbyr årsstudium, oppgir at dei har utdanna 1300. Men altfor mange har tatt eit kurs over fem dagar.

– Det er heilt sinnssjukt, seier lege og Fillox-leiar Tom Haugland.

– Det skjøner ein når ein har vore i andre land og sett korleis det fungerer der.

Foto: Fillox

– Kor skal dei begynne? Skal dei ta lisensen frå tre–fire legar og håpe at det gir ringverknader?

Tom Haugland, lege og dagleg leiar i Fillox

Eit draumescenario

Fillox er ei kjede med sju klinikkar. «Vår bransje har lenge hatt en generelt lav terskel for hvem som kan utføre medisinske injeksjoner, og har dermed vært preget av en betydelig grad av useriøsitet», skriv dei på nettsida si.

Haugland bannar på sett og vis i kyrkja når han etterlyser eit register for behandlarar – særleg legar – i bransjen.

– Når eg fortel om stoda i Noreg, ristar folk på hovudet, seier han.

Noreg skil seg frå dei fleste land ved at ein kan få injisert legemiddelet Botox utan at det er ein lege til stades. I Tyskland får ikkje eingong tannlegar gjere det. I Nederland må ein ikkje berre vere lege, men ha tre års vidareutdanning i estetisk medisin.

I teorien har heller ikkje norske sjukepleiarar lov til å injisere stoffet før ein lege har avgjort det. I praksis fyller pasienten ut eit skjema digitalt, før legen, kor han enn er, gir godkjenning med eit klikk, og så blir stoffet injisert. Det heile kan ta fem minutt.

I Danmark må ein vente i 48 timar etter at ein har fylt ut skjemaet.

– Ta Morpheus8, eller Kim Kardashian-maskina, som ho blir kalla. I Danmark må du vere hudlegespesialist for å bruke henne. Plastikkirurgar får lov når dei har godkjend opplæring. I Noreg kan ein sjukepleiar bruke maskina.

Haugland kallar det eit draumescenario: Ei rekke klinikkar kan ha éin ansvarleg lege. Då seier det seg sjølv at legen kanskje er mange mil unna. Dermed må sjukepleiaren vere i stand til å handtere allergisjokk eller andre uventa biverknader.

– Helsetilsynet seier at eg som lege skal utføre konsultasjonar på klinikken. Men så lenge pasienten har vore hos oss før, kan eg gi godkjenning digitalt, før injeksjonen blir gitt der det er lov: i panna eller ved auga.

Coca-Cola Light

Éin grunn til at gråsoner kan oppstå, er at det finst to typar bruk: on label, der Botox blir brukt slik fabrikanten har godkjent det, og off label. Ein sjukepleiar kan ha lov til å sette Botox i panna (on label), men ikkje i tyggemuskelen eller armhola (off label).

Men det er eit kjent fenomen at i praksis, både på sjukehus og i heimepleie, set mange sjukepleiarar Botox på område dei ikkje har godkjenning for.

Haugland seier at sjukepleiarane hans følger lovverket.

– Men lovverket er upresist og vanskeleg tilgjengeleg, medgir han.

– Det er ikkje lett for to sjukepleiarar som driv ein klinikk, å halde seg oppdatert.

Eit anna innfløkt faktum er at Botox finst i to versjonar: ein medisinsk og ein estetisk versjon. Det medisinske stoffet bruker nevrologar i behandling mot migrene, spasmar i nakken, overaktiv urinblære eller sveitteproblem. Men innhaldet er det same. Dermed bruker ein det medisinske stoffet også i estetisk behandling – fordi det er billigare.

Det blir som med Diet Coke, som det heiter i USA, og Coca-Cola Light, som det heiter i Noreg. Enkelte vil ikkje tru at det er nøyaktig same drikken.

Apropos Coca-Cola: Det finst konkurrerande produkt, som Dysport og Xeomin, men Botox tronar. I 2023 blei det selt Botox for 3 milliardar dollar, mot 1,7 milliardar i 2019.

Ein lege i Beverly Hills i Los Angeles, Paul Nassif, injiserer Botox i panna til TV-produsenten Lisa J. Davis i 2002, då bruken var på frammarsj.

Foto: Damian Dovorganes / AP / NTB

«Ei krise i emning»

Meir innfløkt blir det når det gjeld filler.

– Sjølv ein tolvåring kan bestille filler på nettet, seier Haugland.

Hyaluronsyre er nemleg klassifisert som medisinsk utstyr, ikkje eit legemiddel.

I Storbritannia har det vore mange medieoppslag om ukvalifiserte behandlarar som tilbyr billige fillerinjeksjonar i stuer og buer, det siste året. I haust døydde ei kvinne etter eit såkalla brasiliansk rumpeløft (BBL) hos ein behandlar som injiserte store mengder filler – eit billig og enkelt alternativ til plastisk kirurgi der feitt blir flytta frå ein del av kroppen til ein annan.

Save Face, som organiserer britiske kosmetiske behandlarar, skal ha hjelpt rundt 500 kvinner som har blitt skadde i BBL-inngrep. I mange tilfelle blir blodårene tilstoppa, og det kan oppstå vevskadar. Viss ein ikkje får løyst opp filleren med motgift, kan skadane bli permanente.

– Det er ei krise i emning, sa Save Face-leiar Ashton Collins til BBC etter dødsfallet i haust.

– På sosiale medium blir det reklamert med at inngrepet er risikofritt og eit billig alternativ til plastisk operasjon, men det er så usant som det kan bli.

Ei anna «krise i emning» er at fleire og fleire ønsker å fjerne filler før det løyser seg opp av seg sjølv. Også då oppsøker mange ukvalifiserte behandlarar, der dei får sprøyta inn hyaluronidase, eit enzym som spaltar hyaluronsyre.

Ifølge ein britisk studie har over 12 prosent av behandlarane som set kosmetiske injeksjonar i Storbritannia, inga helsefagleg utdanning.

Mogleg millionbot

Her heime er det mange år sidan dei første oppslaga om useriøse aktørar og mangel på reguleringar kom. Forbrukarrådet arbeider for å få betre kontroll, melde NRK i 2012. «Ofte befinner den ansvarlige legen seg et helt annet sted enn sykepleieren som setter sprøytene.» Tolv år seinare er det mange som ikkje oppgir kven som er ansvarleg lege, på nettsida si.

Helsetilsynet har rett nok begynt å slå ned på ukultur, opplyser Haugland, som hevdar at han er innom alle klinikkane han er lege ved, kvar dag.

– I haust slo Helsetilsynet ned på ei handfull klinikkar og delte ut bøter på mange hundre tusen kroner, fortel han.

– Andre gjekk fri. Det er umogleg å nå ut til alle. 

På tilsynets nettsider ligg det eksempel på vedtak der legar og sjukepleiarar har fått ei åtvaring etter brot på helsepersonellova, men dei er få. Klinikkar som bryt lovene, kan i teorien få bøter i millionklassen.

– Kor skal dei begynne, spør Haugland.

– Skal dei ta lisensen frå tre–fire legar og håpe at det gir ringverknader?

– Fryktar du at det kan skje deg?

– Får eg besøk i dag, kan ingen seie at eg gjer noko gale. Men eg må heile tida halde meg oppdatert på lover, reglar og forskrifter. Vi blir ikkje varsla, slik dei blir i Danmark, der dei har eit register.

Dunning-Kruger

Haugland kjem med eit eksempel: Lemon Bottle, eit injeksjonsprodukt som «smeltar» vekk feitt og gjerne blir brukt under haka, blei forbode i haust. Men det er det mange som ikkje har fått med seg. Direktoratet for medisinske produkt skriv dette om Lemon Bottle: «Behandlingen er ikke risikofri og kan føre til alvorlige infeksjoner, allergiske reaksjoner og/eller permanente skader.»

Legane i bransjen bør gå saman om å krevje innstrammingar, meiner han.

Men må dei undersøke kvar pasient og sette sprøytene sjølv, vil prisane stige. Klinikkar vil gå konkurs. Mange vil miste jobben.

– Kvifor er ikkje sjukepleiarar med erfaring frå sjukehus gode nok?

– Dei har lært å sette sprøyter. Men sjølv ikkje på legestudiet lærer ein om Botox og filler. Sjølv fortel eg alle sjukepleiarane eg har ansvar for, om Dunning-Kruger-effekten, eit psykologisk fenomen som inneber at ein trur ein kan meir enn ein kan.

Poenget er at på eit lynkurs er det lett å få stor sjølvtillit.

– Ein forstår ikkje kor lite ein kan.

«Fine linjer»

Interesseorganisasjonen Norsk forening for kvalitet i estetisk medisin (Norfem) jobbar for betre regulering. «Bransjen har hittil i stor grad vært selvregulert, hvor hver enkel lege/sykepleier/tannlege praktiserer ut ifra sitt eget nivå av kompetanse og evne», skriv dei på nettsida si. Dei etterlyser sertifiserings- og kompetansekrav og klarare etiske retningslinjer.

Også når det gjeld marknadsføring, bryt mange lova, blant anna når dei reklamerer for botoxbehandling.

I Storbritannia, der det finst meir statistikk, reklamerte 206 av 233 klinikkar – berre i London – for botoxbehandling så seint som i 2023, endå den britiske marknaden er strengare regulert enn den norske. Klinikkane må heller bruke ord som «hudpleie», «estetisk behandling» og «biostimulerande behandling», og dei kan kalle det «rynkebehandling».

– Vi får heller ikkje bruke negativt ladde ord som sinnarynke eller surmunn på nettsidene, opplyser Haugland.

– Vi må kalle det «fine linjer».

Ein klinikk i Skien, Frøken Botox, måtte endre namn etter påpakning frå Legemiddelverket i fjor. Legemiddelverket syntest i tillegg at det var alvorleg at firmaet reklamerte ulovleg for eit legemiddel på sosiale medium der barn er.

«Gå inn på Instagram, og du finn nesten 20 millionar innlegg med emneknaggen ‘Botox’», skriv ASPS i «Plastic Surgery Statistics», som dei gir ut årleg. I innleiinga skriv leiaren i ASPS, Steven Williams, treffande: «Ein grunn til at Botox er så populært, er at folk får den utsjånaden filtera i dei sosiale media gir, i det verkelege livet.»

Dolly Parton, snart 79 år gammal, er kjend for å fikse på utsjånaden.

Foto: Charlie Riedel / AP / NTB

Også norske påverkarar har blitt klaga inn fordi dei reklamerer for kosmetiske behandlingar på kontoen sin.

Integritet

Ein av få klinikkar som har gått inn for å følge lovverket til punkt og prikke, er Joy Medispa i Bodø. På nettsida skriv dei: «På grunn av det nye EU-reglementet er det ikke lenger lov å nevne reseptbelagte legemidler noen steder. Du vil få utfyllende informasjon om behandlingen ved en konsultasjon.» Dei opplyser om «en rekke komplikasjoner eller bivirkninger som kan oppstå». Dei gir ikkje filler til nokon under 21 år, dei har ein Instagram-konto som ingen under 18 år får tilgang til, og ein lege ser til alle pasientane.

– Vi prøver å følge regelverket, men det er uklart, seier Yvonn Olaussen i Joy Medispa.

– No er det mykje snakk om innstrammingar i bransjen, men i dag veit vi ikkje kor lenge ei godkjenning er gyldig. Tre månader? Seks? Hos oss varer godkjenninga for botoxbehandling i eitt år. Eg håpar det er innafor.

Olaussen har tatt vidareutdanning ved to skular – Senzie og Teoxane – etter mange år som sjukepleiar, blant anna i psykiatri og akuttmottak, og driv Joy Medispa på si saman med ein sjukepleiarar og ein lege.

– Mange spurde kvifor vi ville gå på Senzi når vi kunne ta eit lite kurs, påpeikar ho.

– Men vi ville ha grunnkunnskap om anatomi og lære om hudsjukdommar og -tilstandar.

Ho fortel at enkelte som kjem til klinikken etter å ha fått injeksjonar andre stader, aldri har sett eit helse- eller samtykkeskjema og aldri møtt ein lege. Derfor bruker ho tid på å forklare kva ho injiserer.

– Hos oss ligg det i ryggmergen. Og så handlar det om integritet.

Joy Medispa fokuserer først og fremst på hudhelse, seier ho.

– Det er så stort press på at ein skal sjå slik og slik ut. Viss nokon kjem inn og seier «berre gjer noko, slik at eg blir finare», så injiserer vi ingenting.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB

Ordskifte
Thomas Mo Willig

Fotball og laksediplomati

Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn
Atle Grønn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Ein kosmetisk klinikk i Miami i USA reklamerer for såkalla BBL-behandling, der filler blir injisert i rumpa.

Ein kosmetisk klinikk i Miami i USA reklamerer for såkalla BBL-behandling, der filler blir injisert i rumpa.

Foto: Ellis Rua / AP / NTB

HelseSamfunn

Ein bransje full av skrukkar

2025 blir eit rekordår – også for fiksing av fjes. Noreg er eit av få land i verda der styresmaktene ikkje bryr seg med kven som injiserer kva.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis